Hopp til innhold

Ny feil kan vere funne på MAX-flya

Flyprodusenten Boeing har funne ein mogleg feil på MAX 737-flya, etter at USAs luftfartsstyresmakt FAA beordra gjennomgang av systema til flyet.

737 MAX-fly står parkert hos Boeing-anlegget i Seattle. Selskapet har fortsatt produksjonen av flytypen. 400 fly er nå lagret og vedtaket om flyforbud gjelder fortsatt. Produksjonen vil bli stanset i januar 2020.

FLYFORBOD: 737 MAX-fly står parkert på Boeing-fabrikken i Seattle i USA. 400 fly er no lagra og vedtaket om flyforbod gjeld framleis. Produksjonen vart stansa ved årsskiftet.

Foto: Gary He / NTB Scanpix

Under gjennomgangen av endringar som Boeing skal gjere på flya, vart det oppdaga at buntar med leidningar i flyet låg for nære kvarandre, noko som i teorien kan auke faren for kortslutningar.

Slike kortslutningar kan gjere at flygarane mistar kontroll over flyet.

– Vi har identifisert eit problem i leidningsnettet og jobbar saman med FAA for å gjennomføre ein analyse, seier talsperson Gordon Johndroe.

Boeing påpeikar at det er for tidleg å seie om dei må gjere designendringar, som til dømes å flytte leidningsbuntane lenger frå kvarandre. Ifølgje selskapet kan andre tryggingstiltak, mellom dei effektbrytarar og isolasjon rundt leidningane, vere tilstrekkeleg for å hindre kortslutningar og nye ulykker.

Ifølgje The New York Times, kan Boeing òg måtte inspisere om forgjengaren til MAX, kalla NG, òg har same elektroniske feil.

Boeing produserte og leverte nærare 400 MAX-fly til flyselskap verda over, før flyet i mars i fjor vart sett på bakken etter to flystyrtar i Indonesia og Etiopia, som til saman kosta 346 menneskeliv.

Sidan då har rundt 400 nye fly vorte produserte, men desse er ikkje leverte ut til flyselskapa. Dei står no oppstilt på bakken ved Boeing-fabrikken i Seattle nordvest i USA.

Selskapet har oppdatert programvara til flya etter at ein feil ved manøvreringssystemet MCAS vart knytt til ulykkene, men USAs luftfartsstyresmakt FAA har enno ikkje gitt klarsignal til at flytypen kan takast i bruk igjen.

Truleg vil det ta fleire månader før modellen får grønt lys.

Vil du ha nyheitsbrev frå NRK Urix? Meld deg på her!

SISTE NYTT

Siste nytt