Hopp til innhold

Noreg vil ha med seg verda på å redde havet

I dag starta FNs havkonferanse i Lisboa. Noreg har som mål å få overtyde verda om å ta vare på havet.

Fjellklippen Silda ved Lopphavet

VERN: Regjeringa etablerte i juni eit verneområde på Lopphavet.

Foto: Atle Markeng / NRK

Måndag startar FN sin havkonferanse i Lisboa. Konferansen har som mål å få fram sårt trengd vitskapsbaserte innovative løysningar som tar sikte på å starte eit nytt kapittel med global handling for havet.

Statsminister Jonas Gahr Støre er leiar for Havpanelet, og Noreg ein sjølvsagt deltakar. På grunn av åtaket i Oslo natt til laurdag, val Støre å avlyse turen. Men klima- og miljøminister Espen Barth Eide, fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran, og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltar.

Havpanelet består av 15 sittande stats- og regjeringssjefar i kyst- og havland frå heile verda og er leia av Noreg si statsminister og Palaus sin president.

– Vi må få med oss landa i verda til å sjå at det er i deira interesse. For havet hjelper det ikkje med tiltak i eit land, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.

Støre klima

KLIMA: Statsminister Jonas Gahr Støre på klimatoppmøtet i COP26 Glasgow.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Eit av måla for Støre er å: «få større tilslutning til Havpanelet sin handlingsplan, som viser korleis havet kan bidra til å løyse mange av vår tid sine store utfordringar når det gjeld klima, mattrygging og jobbskaping.»

Planen består av mange deler. Ein av dei handlar om vern av havet. Innan fem år skal nær 40 prosent av verdas kystlinjer og 30 prosent av dei eksklusive økonomiske sonene vere underlagt heilskapleg forvaltningsplanar, står det.

– Noreg har ulike tilnærmingar til å verne vårt hav. Vi opnar for å bruke vern i nokon samanhengar, men vi har og strenge reguleringar for korleis vi forvaltar, seier Støre.

Les også Slik motarbeider Norge vern av havet

Jøssingfjorden

Norsk vern

Det er vitskapleg dokumentert at vern av marine område bevarer biologisk mangfald, beskyttar verna artar, styrkar motstandskrafta i økosystemet, og kan bidra til meir berekraft i fiskeri, skriv Havforskningsinstituttet.

– Norskekysten er så lang og mangfaldig, så det må vere kunnskapsbasert det vi gjer. Om vi erklærer eit verneområde eller strenge reguleringar for aktivitet, seier Jonas Gahr Støre.

I dag kunngjorde regjeringa at dei har starta arbeider med ein ny havmiljølov.

Naturmangfaldlova gjer anledning til vern av natur på havbotnen og i vassøyla innanfor den norske territorialgrensa (12 nautiske mil).

Med ei ny havmiljølov vil Noreg ha moglegheit til å etablere havnvern i heile den norske økonomiske sona. Den går ut 200 nautiske mil.

– Dette henger nøye saman med det Noreg og FN vil. Vi må bli flinkare til å forvalte havet på ein berekraftig måte.

Ligg bak resten av verda

– Når det kjem til vern, så er ikkje Noreg så flinke. I verda er gjennomsnittet på 7 prosent. Vi ligg bak det målet vi har sette oss.

Det seier Geir Huse. Han er forskingsdirektør for marine økosystem og ressursar ved Havforskningsinstituttet.

Forskningsdirektør ved Havforskningsinstituttet, Geir Huse , med forskningsskipet Kronprins Haakon i bakgrunnen.

HAV: Geir Huse er forskingsdirektør ved Havforskningsinstituttet.

Foto: Erlend Astad Lorentzen

Totalt utgjer dagens marine verneområde i Noreg rundt 5 prosent, skriv instituttet.

Stortinget har bedt regjeringa nå målet om 10 prosent marint vern av kyst- og havområde innan 2030.

Ifølge eit internasjonalt mål i FNs biomangfoldkonvensjon, skulle vi ha nådd det innan 2020.

Førre onsdag etablerte regjeringa Noregs største verneområde til havs, Lopphavet, så prosenten kan ha auka noko.

Tar vi og med andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, som Huse seier Noreg er gode på, er over halvparten av havområda under slike planar.

– Men vi har ikkje nådd vernemålet sette for norske havområde, som er på 10 prosent, seier Huse.

Halvard Haga Raavand i Isfjorden på Svalbard

GREENPEACE: Halvard Haga Raavand frå Greenpeace fotografert på dekket av «Esperanza» i Isfjorden, Svalbard. Mai 2019

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Noreg på 43.-plass

Om Noreg skal overtyda andre land om å verne havet, bør jo landet vere eit godt døme på korleis dei skal få det til. Men på Environmental Performance Index (EPI), som måler korleis ulike land handlar i møte med global oppvarming, kjem Noreg på ein 43.-plass i kategorien marine verneområde.

Danmark hamnar først. Vi kjem dårlegast ut av dei nordiske landa i denne kategorien.

Indeksen er laga av dei amerikanske universiteta Yale og Colombia, og måler prestasjonen til 180 land.

– Eg trur mange land ser på Noreg som eit land som er god på havvern, men om ein ser på kva Noreg sine forvaltningsplanar inneheld, så er det tydeleg at vi er dårlegast i klassen, seier Halvard Haga Raavand, politisk rådgjevar i Greenpeace.

AKTUELT NÅ