Hopp til innhold

Ukrainske Vitalii får opplæring i drift av norske passasjertog

Fire norske tog skulle på skraphaugen. No skal dei gjere nytta på togskjener i eit krigsherja land.

Norske tog til Ukraina

Vitalii Borsjosh er på opplæring i Noreg, og ute av Ukraina for første gong sidan krigen starta.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Noreg donerer fire 40 år gamle togsett til Ukraina. No er ti lokførarar flydd til Noreg for å få opplæring i drift av passasjertoga.

– Eg ynskjer dykk alt det beste, de er heltar, sa utanriksminister Espen Barth Eide.

Han møtte lokførarane i dag, nøyaktig to år etter invasjonen.

Ein av dei er Vitalii Borsjosh. Dette er første gong han er ute av Ukraina sidan krigen starta.

– Det kjennest bra, men spesielt i dag er tankane meine heime. Det er ein veldig trist dag, seier han.

Han er glad for gåva frå Noreg, og meiner toga blir viktige.

– Det det meste blir frakta med tog der eg jobbar, og dei kjem til å spele ei avgjerande rolle i lokaltrafikken.

Norske tog til Ukraina

Fire slike passasjertog skal til Ukraina.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Livsnerven i krigen

– Den ukrainske jernbanen har aldri vore viktigare, skriv korrespondent Kari Skeie.

Luftrommet er stengt for sivil luftfart, transport er utsett for luftangrep og frakt via Svartehavet er redusert.

Les også Bombene faller, men ukrainske tog er mer presise enn norske

En kvinne tar farvel med slektning gjennom vindu på et tog

Men toga held kvardagen i gong. Dei fraktar alt og alle: korn, nødhjelp, våpen, pasientar og presidentar.

– Ukrainarane har gjort ein imponerande jobb med å binde landet saman, seier utanriksministeren.

Joe Biden på togstasjonen i Kyiv

USA-president Joe Biden på togstasjonen i Kyiv i februar 2023.

Foto: EVAN VUCCI / AFP

Oppgradering før levering

Sjølv om togsetta skulle på skraphaugen, er det ikkje skrot Noreg sender til Ukraina.

No er dei oppgraderte med nye delar, og har fleire tusen timar igjen på spora.

– Det er eit lite, men viktig bidrag, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Norske tog til Ukraina

Ti lokførarar skal til Trøndelag for å få opplæring i drift av passasjertoga.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Sidan det er dieseltog kan dei også gå sjølv om straumen skulle forsvinne. Dei passar til togspora i den vestlege delen av Ukraina.

– Toga kan køyre på 200 kilometer av jernbanestrekningane der, seier han.

Togstasjon i Kramatorsk.

Eit par klemmar kvarandre på togstasjonen i Kramatorsk.

Foto: AFP

Eit symbol på kampvilje

Å bidra til og halde kvardagen i gang er ein viktig del av den norske støtta, ifølgje utanriksministeren.

– Krigen er i ein krevjande fase. Det er tøft ved frontlinja, og store tap.

Toga som går har blitt eit symbol kampmoralen, meiner han.

Noreg gir både sivil og humanitær støtte til Ukraina. Dette er dei første persontoga som er blitt donerte til Ukraina gjennom EU si ordning for sivil beredskap.

Via ordninga har Noreg bidratt til å donere over 100.000 tonn med materiell til Ukraina, saman med 35 andre land.

Norske tog til Ukraina

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt