Hopp til innhold

Nordmenn droppar ikkje Tyrkia-ferien trass den politiske uroa

Norske turistar let seg ikkje merke av uroa i Tyrkia den siste tida. Flyselskap og reiseoperatørar har ikkje registrert mindre interesse for turar til landet. Samstundes hardnar konflikten i Tyrkia til.

Taksimplassen i Istanbul er samligsstad for demonstrantane.

Demonstrasjonane i Istanbul denne veka har hatt utgangspunkt i Taksimplassen i sentrum av byen.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Det er ingen teikn til at det skal bli slutt på den politiske uroa i Tyrkia. Statsminister Recep Tayyip Erdogan sa i ein tale då han kome tilbake til landet etter ei reise i Nord-Afrika, at demonstrasjonane er ulovlege . Han kalla blant anna demonstrantane for vandalar.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan.

Statsminister Recep Tayyip Erdogan nektar å godta demonstrantane sine krav.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Dette har skjerpa frontane, og representantar for demonstrantane seier at dei ikkje kjem til å rette seg etter pålegget om å stanse demonstrasjonane.

Demonstrasjonane starta i Istanbul, den største byen i landet, men har sidan spreidd seg til det meste av Tyrkia. Men det har gått hardast føre seg i Istanbul og hovudstaden Ankara.

Roleg ved Middelhavskysten

Også ved Middelhavskysten har det vore demonstrasjonar, slik som i Marmaris, men i Alanya- og Antalya-området, der dei fleste norske turistane er, har det vore roleg.

Informasjonssjef Elisabeth Larsen-Vonstett i Star Tour, som har rundt 2500 gjestar i Tyrkia no, seier til NRK.no at dei har hatt ein del telefonar frå folk som lurer på om det blir endringar på reisa deira på grunn av uroa.

Selskapet har ikkje registret avbestillingar på grunn av uroa, og interessa for å bestille nye turar til landet har heller ikkje vorte mindre.

Informasjonssjef Elisabeth Larsen-Vonstett i Startour

– Uroa i Tyrkia har ikkje skremt våre kundar, seier informasjonssjef Elisabeth Larsen-Vonstett i Startour.

Foto: Barbro Steinde / barbro.steinde@gmail.com

Star Tour sine tilsette i Tyrkia fortel at dei ikkje har merka noko til uroa, og at det har vore svært få spørsmål frå dei som alt er der nede. Larsen-Vonstett fortel at det har vore nokre små politiske markeringar i området, men ikkje demonstrasjonar.

LES OGSÅ: Tyrkiske kvinner vil ikke ha Erdoğan og hans religiøse politikk

LES OGSÅ: Tyrkias statsminster viker ikke

Følgjer situasjonen nøye

Ho fortel at selskapet følgjer situasjonen nøye, men at dei ikkje ser nokon grunn til å gjere endringar i programmet.

– Men vi har god beredskap og har god dialog med tyrkiske- og norske styresmakter og våre tilsette i Tyrkia, seier Elisabeth Larsen-Vonstett.

Kommunikasjonsdirektør Tone Fossum i Ving fortel til NRK.no at selskapet har rundt 5000 nordmenn i Tyrkia no, dei aller fleste i turistbyane på Middelhavskysten. Heller ikkje Ving har opplevd mindre interesse eller avbestillingar på grunn av uroa.

Ving sender i alt 50.000 nordmenn til feriebyane på den tyrkiske middelhavskysten i løpet av sommarsesongen i år.

Heller ikkje Apollo har opplevd mindre interesse for Tyrkia på grunn av uroa. Dei har mellom 400 og 500 gjestar i Antalya, Alanya, Belek og Side, og i dette området er det roleg.

LES OGSÅ: – Demonstrasjonene i Tyrkias gater er en folkefest

Ingen avbestillingar

Lasse Sandaker Nilsen, informasjonssjef i Norwegian

Lasse Sandaker-Nilsen er informasjonssjef i Norwegian.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

Informasjonssjef Helen Bergby i Apollo seier til NRK.no at dei har fått ein del spørsmål frå kundar som skal reise til Tyrkia om det blir endringar, men ingen har avbestilt på grunn av uroa.

Flyselskapet Norwegian flyg fleire gonger i veka til Antalya og startar snart opp med sommarflygingar til Istanbul. Selskapet har ikkje merka mindre interesse eller avbestillingar.

– Hos oss det er snarare tvert imot. Interessa for turar til Tyrkia har ikkje vorte mindre, det er heller ein auke i forhold til same periode i fjor, seier informasjonssjef Lasse Sandaker-Nilsen i Norwegian til NRK.no.

Alle norske flyselskap og turoperatørar følgjer reiseråda frå Utanriksdepartementet (UD). UD har ikkje sendt ut eit spesielt reiseråd for Tyrkia i samband med demonstrasjonane i landet.

– Som eit eventyr

Utanlandske turistar det franske nyheitsbyrået AFP har snakka med i Istanbul, har heller ikkje late seg skremme av uroa den siste veka. Eva Carla Thorisdottir frå Island er eit eksempel på dette.

– Det var tåregass over alt. Det var meir som eit eventyr, seier ho, etter å ha hamna midt oppe i uroa første kvelden sin i den tyrkiske storbyen. Ho fortel at hjelpsame demonstrantar flytta på barrikadar slik at drosjen hennar kunne kome seg fram i kaoset.

– No har eg i alle fall ei god historie å fortelje venene mine heime på Island, smiler ho.

Turisme er ei svært viktig for Tyrkia. Reiselivet skaffa landet nesten 30 milliardar kroner i valutainntekter i fjor, og over 31 millionar utlendingar ferierte i landet.

Fredagsbønn i Istanbul 7. juni 2013.

Truande muslimar samla til fredagsbønn i sentrum i Istanbul i dag, ikkje langt frå Taksimplassen.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Taksim-plassen

Osman Ayik, direktør for hotellorganisasjonen TURSAB, seier at dei har hatt nokre få avbestillingar i Ankara og Istanbul, men at han reknar med at alt vil vere tilbake til det normale i løpet av kort tid.

Eit hotell like ved Taksim-plassen i Istanbul, samlingsstaden for demonstrantane i byen, opplyser at dei har hatt ein nedgang i bestillingane på 35 prosent på grunn av uroa.

Men nokre turistar synest demonstrasjonane er spennande.

– Demonstrantane ser ganske avslappa ut. Det er interessant å sjå på, og det er langt frå så skremmande som eg frykta, seier Joan Kavanagh (35) frå Dublin, som vitjar Istanbul saman med sonen sin, til AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt