Nordkoreansk skyting i Gulehavet

Nordkoreanske styrkar har for andre dag på rad skote med kanonar nær ei sørkoreansk øy på vestkysten av den koreanske halvøya.

Salvane landa på den nordkoreanske sida av den omstridde sjøgrensa mellom dei to landa.

Politiske observatørar trur Nord-Korea prøver å auke spenninga med Sør-Korea for å presse fram samtalar med USA.

Dei to koreanske statane er teknisk sett enno i krig, og grenseområdet mellom dei to landa er eitt av dei mest militaristerte i verda.

Nord-Korea har erklært seilingsforbod i eit område i Gulehavet i to månader framover. Det kan tyde på at landet førebur nye rakettestar.

SISTE NYTT

Siste nytt