Hopp til innhold

Nordkoreanarane veit ikkje at Kim skal møte Trump

PYONGYANG (NRK): Synkronsymjing stod på programmet då nordkoreanarar i helga feira ein av sine tidlegare leiarar. Samtidig er dei fleste uvitande om toppmøtet mellom Nord-Korea og USA.

Synkronsvømming Nord-Korea

Tidlegare har det vore vanleg at framsyningar for besøkande har handla om Nord-Koreas militære styrke. Denne gongen vart fekk dei frammøtte sjå synkronsymjing og skøyteløp.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

«Fred, sjølvstende og venskap» er det utanrikspolitiske mottoet til Nord-Korea.

Sjarmoffensiven som starta då landet blei med på dei olympiske leikane i Sør-Korea i fjor ser ut til å halde fram.

Dei ser ikkje lenger ut til å ha eit like stort behov for å stå fram som avskrekkande ved å briljere med si militære kraft.

Denne helga vart NRK, saman med fleire internasjonale journalistar, tatt med på synkronsymjing, blomefestival og internasjonal skøytefestival.

Festival Nord-Korea

På festivalen er dei aller beste eksemplara av blomen «kimjongilja» stilte ut. Blomen er kalla opp etter den tidlegare leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-il.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Når eg ser meg rundt på utstillinga, ser eg lojaliteten og beundringa for vår leiar, seier Kim Ranhui.

Utstillinga var ein del av feiringa av ein av dei viktigaste nasjonaldagane i Nord-Korea, fødselsdagen til Kim Jong-il. Han var den yngste av dei to landsfedrane, og faren til noverande leiar Kim Jong-un.

Heilag stad Nord-Korea

Nordkoreanarane samla seg framfor statuane av dei to tidlegare leiarane for å vise respekt.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Uvitande om toppmøtet

«Nord-Korea står føre eit historisk vegskilje», skriv statskontrollerte medium i Pyongyang. Det planlagde toppmøtet mellom Kim Jong-un og USAs president Donald Trump er derimot enno ikkje kunngjort for nordkoreanarar.

Guide Nord-Korea

Ju Jong Hyok er leiar for Korea International Sports Travel Company, og var NRKs guide under feiringa i Nord-Korea i helga.

Foto: Stéphane Morel / NRK

Det er derfor ikkje mogleg å høyre med folk flest kva dei tenkjer om toppmøtet. Guiden som NRK har med seg under opphaldet er derimot oppdatert på nyheiter frå utlandet.

– Eg trur alle koreanarar er fredselskande og ønskjer tryggleik for heile Korea. Samtidig trur vi på siger til det koreanske folket, seier Ju Jong Hyok.

– Dette vert ikkje styrt av USAs politikk, men av sinnelaget til koreanarane. Og vi står samla rundt leiaren vår med samstemte hjarter, seier Ju.

Stéphane Morel og Kjersti Strømmen

I NORD-KOREA: NRKs Asia-korrespondent Kjersti Strømmen og fotograf Stéphane Morel på toppen av Juche-tårnet i Pyongyang.

Foto: NRK

Byggjer på tillit

Etter Kim Jong-uns nyttårstale er nordkoreanarane likevel klar over at det kjem til å bli fleire møte. Der sa Kim at Nord-Korea held døra open for vidare forhandlingar.

Både Ju og dei NRK har snakka med i Pyongyang seier at dei har full tillit til at deira leiar tar dei beste avgjerdene på deira vegne.

Dei er opptatt av fred, men ikkje for ein kvar pris. Dei understrekar at Koreahalvøya har opplevd kolonisering, og at folket derfor ikkje kjem til å la seg bli kua igjen. Når det gjeld spørsmålet om nedrusting seier dei at dette først og fremst handlar om tillit.

Nord-Korea har vore tydeleg på at dei ikkje einsidig kjem til å ruste ned sitt atomvåpenprogram. Kim har sagt at han kan kome til å skifte meining om samarbeidet med amerikanarane dersom ikkje presset og sanksjonane mot landet vert heva.

Kva det eigentleg inneber og kva krav Nord-Korea set til USA for at prosessen skal fortsetje blir kanskje tydelegare under toppmøtet i Hanoi i slutten av månaden.

SISTE NYTT

Siste nytt