Kim Jong-un kravde alle sanksjonar oppheva mot å avvikle berre delar av atomprogrammet. Det var Trumps versjon på pressekonferansen rett etter møtet.
PÅ VEG HEIM: President Trump reiste heim til USA utan nokon avtale.
Foto: Evan Vucci / APNokre timar seinare kom ein heilt annan versjon. Nord-Koreas utanriksminister hevda at Kim var villig til å avvikle delar av atomprogrammet mot avgrensa sanksjonsletter.
Enten har dei ikkje forstått kvarandre i møterommet, eller så lyg ein av dei. Uansett understrekar det ein kritikk mot toppmøtet som har ligge der heile tida.
At det heile var for dårleg førebudd.
Avklaring under fire auge
Normalt ved slike toppmøter er det berre sandpåstøing som gjenstår når toppane møtest. Då er førebuingane gjort på lågare nivå gjennom veker og månadar i forkant.
Ikkje slik med Trump og Kim. Her skulle viktige avklaringar skje under fire auge (og eit par tolkar), i reelle forhandlingar mellom Kim og Trump.
Det kan kallast diplomatisk risikosport, og denne gongen enda det i ingenting.
Det meste skal ha ligge i potten under møtet:
- Atomnedrustning
- Sanksjonssletter
- Fredsslutning
- Diplomatisk tilnærming
Diplomatisk risikosport
ALVORLEGE MENN: Dei klarte ikkje å bli samde.
Foto: SAUL LOEB / AFPI begge versjonar blir det stadfesta at Kim var villig til å gå med på nedbygging av delar av sitt atomvåpenprogram. Blant anna skal han ha gått med på å stenge ned atomvåpenanlegget Yongbyon.
Dette er sjølve hjertet i Kims atomvåpenprogram, der materialet til alle Nord-Koreas seks atomprøvesprengingar mellom 2006 og 2017 er produsert.
Hemmelege anlegg
Men Kim gjekk altså ikkje langt nok. Mellom anna meiner USA at Nord-Korea har hemmelege anlegg for tilriking av uran.
Kva som blei sagt om dei 30 til 60 atomstridshovuda som Nord-Korea allereie skal ha, veit vi dessutan ikkje. Heller ikkje kva som blei sagt om rakettprogrammet.
Store forhåpningar
Det var knytta store forhåpningar til toppmøtet.
På førehand var det spekulert både i konkrete steg mot nedrusting og sanksjonslette og meir symbolsk viktige handlingar. New York Times har omtalt både stasjonering av offisielle representantar i kvarandres hovudstadar og ein slags endeleg fredsavtale mellom landa.
USA og Nord-Korea er framleis teknisk sett i krig, sidan Koreakrigen berre blei avslutta med ei våpenkvile i 1953, men aldri nokon formell fredsavtale.
Både Nord- og Sør-Korea ivrar for ein fredsavtale no. Sør-Koreas president Moon Jae-in er skuffa i dag, han håpa på ein avtale som i det minste ville muleggjort felles prosjekt mellom Nord- Korea og Sør-Korea.
Men i staden for ein avgrensa avtale no, enda altså toppmøtet i status quo, med alle sanksjonar intakt.
– Ingen deal er betre enn ein dårleg deal, seier Trump.
Ikkje heilt krise
Men sjølv om toppmøtet i Vietnam enda i ingenting, er det ikkje heilt krise. Prosessen går vidare.
Kim skal ha gått med på ikkje å drive prøvesprenging av atomvåpen eller testing av rakettar også i fortsettinga. Noko Trump har halde fram som ein stor siger. Og tonen mellom dei to skal framleis vere god.
Formodentleg har partane også ei meir realistisk forståing av kva som må til for å få ein omfattande avtale om nedrusting på Koreahalvøya.