Hopp til innhold

Nord-Korea truar med nye angrep

Nord-Korea truar med nye angrep om det ikkje blir slutt på det landet kallar «sørkoreanske provokasjonar».

Det er spent på grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea.

Sør-Korea har auka beredskapen kraftig på grensa mot Nord-Korea.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp

Den nordkoreanske herskaren Kim Jong-il har vist seg offentleg igjen.

Dette biletet av den nordkoreanske herskaren Kim Jong-il vart sendt ut av det nordkoreanske nyheitsbyrået i dag.

Foto: KNS / Afp

Samstundes gir Nord-Korea USA delar av skulda for det dødelege nordkoreanske angrepet mot ei sørkoreansk øy i Gulehavet sist tysdag. To sørkoreanske soldatar og to sivile vart drepne i angrepet, og fleire titals menneske vart såra. Dei materielle øydeleggingane på øya er enorme.

LES OGSÅ: Spørsmål og svar om konflikten mellom Nord- og Sør-Korea

LES OGSÅ: – Bombene eksploderte rundt meg

- Krigshissig nikkedukke

- Om den krigshissige sørkoreanske nikkedukka ikkje kjem til fornuft, og held fram med sine omsynslause militære provokasjonar, vil hæren vår gå nye rundar med kraftige hemnangrep utan å nøle, seier ein representant for det nordkoreanske militæret.

Dette skjer få dagar før Sør-Korea og USA skal starte ei omfattande fire dagar lang militærøving i Gulehavet, der USA blant anna stiller med hangarskipet «George Washington».

Sjølv om denne øvinga var planlagt før det nordkoreanske angrepet, er det no ekstra viktig for USA å vise at dei ikkje har tenkt å svikte sin nære allierte Sør-Korea.

USA har 28.500 soldatar fast stasjonerte i Sør-Korea. President Barack Obama har gjort det klart at landet står «skulder ved skulder» med Sør-Korea.

Kina reagerer

Kina uttrykte i dag uro over planen om den amerikanske og sørkoreanske militærøvinga i Gulehavet. Kina ber alle partar om å unngå provokasjonar. Kinas utanriksminister har utsett eit besøk i Sør-Korea på grunn av den alvorlege krisa på den koreanske halvøya.

Sør-Korea varslar at dei vil styrkje forsvaret langs grensa til Nord-Korea, blant anna ved å utplassere fleire soldatar på dei omstridde øyane i Gulehavet. Det er ikkje nemnt noko tal på kor mange nye soldatar dei vil sende til desse øyane, men uttrykket «dramatisk auke» blir brukt.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ:

Evakuering frå den sørkoreanske øya Yenpyenong.

Innbyggjarane på den sørkoreanske øya Yenpyenong blir evakuerte til fastlandet etter det nordkoreanske angrepet.

Foto: JO YONG-HAK / Reuters

Nord-Korea har også gjort det klart at landet har avvist ein invitasjon frå den USA-leidde FN-kommandoen i Sør-Korea. Grunngjevinga er at landet ikkje har noko å tene på slike samtalar, melder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Store demonstrasjonar

I går var det store demonstrasjonar mot Nord-Korea i fleire byar i Sør-Korea. Folk flest er rasande etter det nordkoreanske angrepet, og mange krev no at Sør-Korea gir eit kraftig militært svar på det som skjedde.

Det er spekulasjonar om at det nordkoreanske angrepet kan ha samband med at det blir førebutt eit maktskifte i landet, og at det kan vere årsaka til at dei finn det nødvendig å vise både eigne innbyggjarar og omverda at styresmaktene har full kontroll.

Fleire sørkoreanske medium melder i dag at den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il truleg sjølv gav ordre til det kraftige angrepet tysdag.

Både Kim Jong-il og sonen Kim Jong-un, som truleg skal ta over som øvste leiar i landet, vitja militærbasen som utførte angrepet mot Sør-Korea berre nokre få timar før angrepet vart sett i gang, skriv fleire sørkoreanske aviser.

Store øydeleggingar etter det nordkoreanske angrepet.

Det nordkoreanske angrepet gjorde stor skade på både militære og sivile bygningar.

Foto: YONHAP / Reuters

LES OGSÅ: To sivile funnet etter angrepet på øya Yeonpyeong

LES OGSÅ: USA sender hangarskip til Sør-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt