Hopp til innhold

Nord-Korea truar med å senke amerikansk hangarskip

Nord-Korea truar med å senke det amerikanske hangarskipet USS «Carl Vinson» i eit einaste storstilt angrep. Samstundes er ein ny amerikansk statsborgar arrestert på flyplassen i Pyongyang.

USS Carl Vinson i Sør-Korea.

USS «Carl Vinson» er på veg til havområdet utanfor Nord-Korea. No truar nordkoreanske styresmakter med å senke det amerikanske hangarskipet i eitt einaste øydeleggjande angrep.

Foto: Jo Jung-ho / AP

Det er det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap som melder at ein amerikansk statsborgar vart arrestert på flyplassen i Pyongyang i dag, på veg ut av landet. Mannen blir identifisert som Tony Kim, og han skal vere ein professor i 50-åra.

Han har vore i Nord-Korea i ein månad for å undervise i rekneskapsføring ved Pyongyangs universitet for vitskap og teknologi, ifølgje Reuters.

Hardt straffarbeid

Kim Jong-un i grisefjøs.

Kim Jong-un var i strålande humør under besøket på ein grisefarm. Det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA sende ut biletet i dag.

Foto: Str / AFP

Frå før er minst to andre amerikanske statsborgarar arresterte i det lukka landet. Den 21 år gamle studenten Otto Warmbier vart i januar i fjor dømd til 15 års hardt straffarbeid for å ha prøvd å stele med seg eit propaganda-skilt frå hotellet han budde på.

I april i fjor vart Kim Dong-chul, ein 62 år gammal amerikansk statsborgar fødd i Sør-Korea, dømd til 10 års hardt straffarbeid for spionasje.

USA har tidlegare skulda nordkoreanske styresmakter for å halde amerikanske borgarar som gislar.

USAs utanriksminister Rex Tillerson, som er på besøk i Asia, opplyser at hangarskipet USS «Carl Vinson» er på veg til farvatna utanfor Nord-Korea. Det er uklart akkurat kvar hangarskipet og fleire støttefartøy er akkurat no, men visepresident Mike Pence sa i går at det vil kome fram i løpet av eit par dagar.

Fremskynder utplassering av amerikansk rakettskjold i Sør-Korea

Nord-Korea avsluttet festhelg med bombevideo

Kim Jong-un på grisefarm.

Det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA sende ut dette biletet av Kim Jong-un i dag. Her inspiserer han nyslakta griser på ein stor grisefarm ein stad i landet.

Foto: Str / AFP

– Vise vår militære styrke

USAs visepresident Mike Pence.

USAs visepresident Mike Pence er for tida på rundreise i Asia.

Foto: Saeed Khan / AFP

I avisa til det nordkoreanske kommunistpartiet, Rodong Sinmun, står det i dag følgjande:

– Dei revolusjonære styrkane våre er i stand til å senke eit amerikansk atomdrive hangarskip med eit einaste angrep. Avisa samanliknar marinefartøyet med eit udyr, og skriv at eit øydeleggjande angrep på hangarskipet vil vere ein glimrande måte å vise landet sin militære styrke på.

Denne artikkelen var likevel ikkje hovudoppslag i Rodung Sinmun i dag. Dei to første sidene i avisa var vigd til ein storstilt reportasje om leiaren Kim Jong-un sitt besøk på ein stor grisefarm (sjå bilete over).

Det er frykt for at Nord-Korea i løpet av kort tid skal gjennomføre ein ny atomtest. Landet har tidlegare gjennomført fem slike testar, to av dei i fjor. Nord-Korea-kjennarar trur landet alt har greidd å lage atomvåpen, men at dei enno ikkje har teknologien som skal til for å utstyre rakettar med slike våpen.

Konserten til ære for Nord-Koreas grunnlegger ble avsluttet med en oppsiktsvekkende video.

VIDEO: Nordkoreansk fjernsyn viser «bombing» av USA.

Truar Australia

USAs nye president Donald Trump har gjort det klart at Nord-Korea aldri skal bli i stand til å skaffe seg våpen som kan nå USA, og at alle alternativ er på bordet for å hindre det.

Nord-Korea har i dag også trua Australia med at landet kan bli utsett for eit atomangrep , om ikkje dei endrar politikk overfor Pyongyang

SISTE NYTT

Siste nytt