Hopp til innhold

No blir det verre igjen i Australia

Det er varsla nye flaumar og stigande elvar i Australia på grunn av eit nytt uvér som er på veg.

Varslar nytt uvér inn over Rockhampton

Ein mann ser på vasstanden i Fitzroy-elva medan regnet høljar ned.

Foto: Chris Wills / Ap

Stor ryddejobb i Rockhampton

Innbyggjarane i den flaumråka byen Rockhampton kan sjå for seg eit år med ryddearbeid når flaumvatnet trekk seg tilbake.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp
Flystripa i Rockhampton står under vatn

Byen er så godt som avstengd frå omverda. Vegar og toglinjer er stengde, og flystripa står under vatn.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp
Patruljebåt i gatene i Rockhampton

Mange har vore nøydde å evakuere på grunn av flaumen. Nytt uvér seinkar tilbakeflyttinga.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp

Dei flaumråka områda i Queensland nord i Australia kan vente seg enda meir vatn dei komande dagane.

Meteorologisk institutt melder om kraftig regnvér og torden. Dette kan føre til plutselege flaumar og høgare vasstand i elvane, skriv avisa The Australian.

Uvéret er venta å vare gjennom dagen og morgondagen.

– Eitt år å rydde opp

No begynner folk å få oversikt over skadeomfanget etter at dei enorme vassmassane har velta inn over området.

Ordførar Brad Carter i den verst råka byen Rockhampton meiner det vil ta opp til eit år å stable byen på beina igjen.

Men det er viktig å hugse at dette framleis ikkje er over, seier han.

– Dei som har evakuert, kan ikkje returnere før flaumvatnet er borte, seier han.

Det gjeld for 500 menneske i byen hans. Til saman 4000 er evakuerte i heile Queensland, der 1200 hus står under vatn og enda 10.700 er skadde av flaumvatnet.

Kostar opp til 50 mrd

Eit område like stor som heile Frankrike og Tyskland er råka av den verste flaumen i Australia på 50 år . No ventar myndigheitene på at elva Balonne skal nå toppen denne helga, og ikkje tidleg neste veke, som ein tidlegare trudde.

Myndigheitene trur at skadane kan ha kosta Australia mellom 30 og 50 milliardar kroner. Både gruvedrifta og landbruket i området er hardt råka.

No varslar statsminister Julia Gillard at regjeringa blir nøydde å kutte i budsjetta om dei skal klare å gå i balanse innan 2012-2013.

– Vi blir nøydde å gjere tøffe val, og det kjem vi til å gjere, seier ho til The Australian.

Les også: – Flommen er en katastrofe uten like | Great Barrier Reef trues av flommen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt