Hopp til innhold

Nesten berre framandkrigarar att i Mosul

– Dei gir seg aldri, seier general Abdel Ghani al-Assadi i Iraks kontra-terrorstyrke om dei siste IS-krigarane i Mosul. Meir enn tre firedelar av dei som er att skal vere utanlandske.

IS-fange

Dei IS-krigarane som er att har valet mellom å bli drepne eller å overgi seg. Men mange er uroa for arrestasjonar på tynt grunnlag. Her er ein mistenkt IS-krigar teke til fange i ein kjellar, 3. juli.

Foto: Felipe Dana / AP

Det seier irakisk militære til AFP, og rapporterer om ein auke i sjølvmordsangrep idet dei sirklar seg inn mot dei siste kvadratmeterane IS kontrollerer i gamlebyen laurdag.

Etter at tusenvis av ekstremistar har blitt drepne i bombeangrep frå irakiske styrker og den USA-støtta koalisjonen, og hundrevis har sprengt seg sjølve i sjølvmordsaksjonar, er det berre rundt 300 igjen.

– Gamlebyen i Mosul vil bli deira gravplass, seier generalen.

IS-medlemmer flyktar frå Mosul med dei sivile

Når irakiske styrker starta siste fase av offensiven 18. juni var det ifølge dei militære 20 prosent utlendingar blant dei 1200 jihadistane som var igjen i byen.

Sidan det har dei fleste irakarane blant IS-medlemmene flykta ved å blande seg med dei sivile som har flykta frå byen, skriv AFP. Mange av dei er blitt arresterte, men fleire har sleppt unna.

Utlendingar vil bli arresterte umiddelbart idet dei prøvar å ta seg ut av byen, fortel løytnant Haider Hussein til AFP, og seier at dei raskt blir oppdaga pga. deira dårlege kunnskapar i irakisk arabisk.

Ein anna irakisk offiser legg ikkje noko imellom:

– Når vi finn dei, drep vi dei.

Og nett handsaminga av IS-medlemmer og deira familiar, og ikkje minst mistenkte, uroar mange av dei sivile som er att.

soldatar med IS-flagg opp ned

Irakiske soldatar held eit IS-flagg opp ned i feiringa av at dei er i ferd med å få kontrollen over gamlebyen i Mosul.

Foto: ALAA AL-MARJANI / Reuters

Usikkert kor mange som vil returnere til Europa

I mai skreiv Wall Street Journal at Frankrike skal ha spurt irakiske styresmakter om å finne og nøytralisere 27 franske jihadistar for å prøve å unngå at dei kjem tilbake til Europa. Frankrike har nekta for at det finst ei slik liste.

Thomas Hegghammer

Thomas Hegghammer trur at IS vil bruke tapet av Mosul som propaganda, gjennom eit offernarrativ.

Foto: Svein Olsson / NRK

Også nordmenn har dei siste åra reist til Syria og Irak for å slutte seg til IS, men ifølge Thomas Hegghammer, seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), har rekrutteringa stoppa opp.

Han meiner det er usikkert om Mosuls fall vil føre til at «norske» fremmedkrigere som måtte opphalde seg i området kjem tilbake til Norge.

– På den eine sida blir det veldig mykje vanskelegare å vere seg der nede. På den andre sida vet de at det er frykteleg vanskeleg å komme tilbake utan å bli straffeforfulgt. Spørsmålet er om de vil ta den risikoen, eller ikkje, sa han til NRK torsdag.

Mellom 100 og 250 framandkrigarar skal ha blitt smugla inn i Europa frå 2014 til midten av 2016 ifølge europeisk etterretning. Likevel er det berre eit fåtal av dei som står bak angrepa som har råka Europa og USA som har kriga i Irak eller Syria, ifølge ei ny studie frå George Washington University referert i New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt