Hopp til innhold

Musks mikro-ubåt framme i Thailand

Tesla-sjef Elon Musk har komme til Thailand med ein miniubåt som han tilbyr redningsfolka som arbeidar med å få ut dei fem siste i den oversvømte grotta.

Redningsoperasjon i Tham Luang-grotten i Thailand

FRAMME: Elon Musks mikroutbåt som er bygd av rakettdelar, er no frame ved grotta i Thailand etter at Musk personleg frakta han på fly frå USA.

Foto: @Elon Musk / Reuters

Musk skriv på Twitter at miniubåten er klar til bruk dersom det er blir naudsynt.

Han skriv at den spesiallagde mikro-ubåten er laga av rakettdelar, og kalla opp etter barnas fotballag, Wild Boar.

Ifølgje Musk har han måndag kveld vore inne i Tham Luang-grotta i Chang Rai for å sjå på redningsarbeidet.

Laster Twitter-innhold

Takkar høfleg nei

Mikro-ubåten skal vere laga i barnestorleik, og vere liten nok til å kunne passere den trongaste staden i grotta, som skal vere berre 38 cm brei.

– Sjølv om denne teknologien er god og sofistikert, er den ikkje praktisk for dette oppdraget, seier redningsleiaren Narong Osatanakorn til The Guardian.

Laster Twitter-innhold

Korleis helsetilstanden er til dei resterande fire gutane og trenaren deira, er ikkje kjent.

Tesla- gründer bygger miniubåt til redningsaksjonen i Thailand

Her vert miniubåten testa i eit basseng før avreisa til Thailand.