Hopp til innhold

Nektar å fortelje kven som er redda ut av grotta

Dei åtte gutane som er redda ut av Tham Luang-grotta er no i isolasjon for å unngå eventuelle infeksjonar. Foreldra får lov å sjå sønene sine gjennom ei glasdør.

THAILAND-ACCIDENT-WEATHER

Ein slektning syner biletet av 14 år gamle Adorn Sanorn, som er ein av dei 12 fotballgutane som har vore innestengt i Tham Luang-grotta i Thailand.

Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

I Tham Luang-grotta sit fem menneske framleis fast.

Myndigheitene i Chiang Mai i Thailand vil ikkje opplyse til media om kven av dei 12 gutane som har vore innesperra i grotta, som no er redda ut.

Ifølgje eit familiemedlem som har prata med CNN, har familiane til gutane blitt einige om å vente saman ved grotteopninga til alle er henta ut.

– Helsetilstanden til dei fem attverande i grotta i Thailand er god, sa provinsguvernør Narongsak Osottanakorn under ein pressekonferanse i ettermiddag.

– Dei er svoltne og vil ha stekt ris

Årsaka til at namna til dei redda offera ikkje er frigivne, er for å vise respekt.

– Det er for å vise respekt for dei familiane som framleis har sønene sine inne i grotta, seier provinsguvernøren i Chiang Mai, Narongsak Osottanakorn.

Narongsak Osottanakorn

Provinsguvernør Narongsak Osottanakorn frigir ikkje namna på kven som er redda ut av Tham Luang-grotta i Thailand.

Foto: Reuters

Far til ein av gutane, Samboon Sopiangjai, fortel til nyheitsbyrået Reuters at han håper at dei får fleire gode nyheiter.

Gutane som er henta ut av grotta er no sende til sjukehus for nærmare undersøkingar.

Laster Twitter-innhold

Dei vert skjerma frå nesten all fysisk kontakt inntil vidare, fordi dei må undersøkast for smittsame sjukdommar dei kan ha fått i grotta.

– Gutane har det bra og er veldig glade. Dei er svoltne og vil ha stekt ris, sa Osattanakorn under ein pressekonferanse måndag etter at dei fire andre gutane vart redda ut.

12 gutter fra fotballaget Wild Boars og deres 25 år gamle trener har i over to uker vært innesperret

12 gutar og deira 25 år gamle trenar har i over to veker vore fanga i grottekomplekset Tham Luand i Thailand.

Foto: AP

Ifølgje The Guardian sit den 25 år gamle trenaren deira, Ekapol Chantawong, framleis fast i Tham Luang-grotta saman med fire andre.

Myndigheitene har førebels nekta å frigi både identiteten og helsetilstanden til dei som er redda ut av grotta.

– Ikkje spør om slike ting, det er ikkje smarte spørsmål å stille, sa Thailands statsminister Prayut Chan-o-cha til journalistar i Bangkok måndag, ifølgje news.com.au.

Vil få spesialundervisning

Seks av fotballgutane som har vore innesperra i grotta, er elevar ved Maesai Prasistant School. Elevane ved skulen følgjer spent med på den dramatiske redningsaksjonen. Likevel er det viktig å ha ein så normal skulekvardag som mogleg.

Dei seks elevane vil bli tilbode spesialundervisning når dei kjem tilbake til skulen, og vil ha behov for ekstra støtte og rehabilitering.

Trass i dette, er ønsket at dei skal bli behandla likt med klassekameratane sine.

– Det som skjedde med dei var ei ulukke, og innstillinga vår er å avdramatisere det, seier skulen sin rektor.

– Jeg er i god form, sier de en etter en.

SISTE NYTT

Siste nytt