Hopp til innhold

Morsi håpar på dialog med rettsvesenet

President Mohamed Morsi i Egypt skal måndag møte representantar frå rettsvesenet i eit forsøk på å løyse krisa som oppstod då han bestemte å gi seg sjølv meir makt.

Egypts president Mohamed Morsi

SKAPAR HARME: President Mohamed morsi i Egypt hevar seg sjølv over lova, noko folk reagerer kraftig på. No skal han i møte med dommarar for å finne ei løysing.

Foto: HANDOUT / Reuters

Måndag skal Mohamed Morsi møte dommarar for å prøve å løyse krisa.

Demonstranter på Tahrir-plassen i Kairo

DEMONSTRERER: Folk i Egypt har teke til gatene for å demonstrere mot Morsi sitt nye regime

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Konflikten har utløyst demonstrasjonar og samanstøytar fleire stader i landet dei siste dagane, og søndag blei ein ung gut drepen.

15-åringen skal ha tilhøyrt Morsi si eiga rørsle, Det muslimske brorskap. Han blei drepen i eit åtak på brorskapet sine kontor i byen Damanhour, følgje lokale medium.

Demonstrasjonar og aksjefall

60 personar skal ha blitt såra i samanstøytet mellom tilhengjarar og motstandarar av presidenten.

Tahrir-plassen fredag

FOLKEHAV: Demonstrantar har fyllt Tahrirplassen i Kairo i helga

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Dommarar frå over heile landet oppmoda til streik for å protestere mot Morsi i helga, men høgare rettsinstansar avverga streiken.

I tillegg til demonstrasjonar og samanstøytar, har den egyptiske aksjemarknaden falle med 9 prosent.

Bakgrunnen for uroa er Morsi si avgjerd førre veke om å gi seg sjølv utvida fullmakter.

Hevar seg over lova

Mellom anna erklærte han at avgjerdene hans ikkje kan overprøvast av rettsvesenet, noko også justisminister Achmed Mekky har uttalt at han er skeptisk til.

Det rår ei frykt om mellom anna at presidenten og Det muslimske brorskap vil bli for dominerande i det nye Egypt.

FN på bana

FNs høykommissær for menneskerettigheter, Navi Pillay

BEKYMRA: FNs høgkommissær for menneskerettar, Navi Pillay, er bekymra for grepa Morsi har tatt etter at han blei president.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

FNS menneskerettskommissær Navi Pillay seier han er bekymra for retninga Morsi går med å heve seg sjølv over lova.

– Vi er svært bekymra for dei store konsekvensane det kan få for menneskerettar og rettstryggleik i Egypt, seier Pillays talsperson Rupert Colville.

– Vi fryktar også at dette kan føre til ein svært ustabil situasjon i tida framover, sa Colville vidare.

Fleire profilerte opposisjonsleiarar, inkludert fredsprisvinnar Mohamed ElBaradei, har sagt dei ikkje vil inngå i dialog med presidenten før han trekk tilbake dei sjølvutnemnde fullmaktene sine.

SISTE NYTT

Siste nytt