Hopp til innhold

Minst 96 døde i snøskred i Afghanistan og Pakistan

Minst 96 er døde og mange er sakna etter kraftig snøfall og fleire snøskred dei siste dagane i Afghanistan og Pakistan.

En eldre mann måker snø i Kabul i Afghanistan

Ein eldre mann måkar snø i Afghanistan. Styresmaktene har erklært nasjonal fridag etter det kraftige snøfallet.

Foto: SHAH MARAI / AFP

– Ifølge lokale styresmakter har ein funne 50 døde, og talet kan stige, seier guvernøren i Nuristan-provinsen aust i Afghanistan Hafiz Abdul Qayum til Reuters, etter at eit snøskred råka ein landsby i området.

Fem andre skal vere døde etter at tak har kollapsa andre stader i regionen.

Snøskred, kollapsa tak og bilulykker

I Badakhshan-regionen nord i landet skal 19 vere drepte og 17 skadde etter snøskred, kollapsa tak og bilulykker grunna snøfallet dei siste dagane, ifølge Naweed Frotan, ein talsmann for guvernøren i regionen.

Styresmaktene jobbar med å nå minst 12 distrikt i regionen som er heilt isolerte.

Snøen har også dekka hovudstaden Kabul, og styresmaktene annonserte at søndag blir ein nasjonal fridag som følge av snøkaoset.

Kvinne går i snø ved Kabul i Afghanistan
Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Snøveret har skapt trøbbel på hovudvegane i Afghanistan. På motorvegen mellom Kabul og Kandahar har politiet måtte berge rundt 250 bilar og bussar som blei fanga i snøstormen.

Snøskred inntreffer hyppig i det fjellrike landet, og mangel på utstyr gjer ofte redningsarbeidet vanskeleg. Også sprengkulden den siste tida har teke mange liv.

Snøskred har isolert by i Pakistan

I Pakistan er minst 14 menneske mista livet i eit snøskred i det nordlege Chitral-området, og så mange som 14 menneske skal framleis vere fanga inne i sine samanraste hus. Redningsaksjonane er forseinka fordi det er vanskeleg å kome seg fram til området.

Snø i nordlige del av Pakistan.

I Chitral nordvest i Pakistan er 14 menneske døde etter at eit snøskred begravde fire bustadhus. Blant dei omkome er seks barn. 11 menneske vart redda ut frå skredet i live, opplyser pakistansk TV.

– Det fins ingen måte å få dei skadde raskt til sjukehus, for alle vegar er sperra, seier ein lokalpolitiker til Reuters.

saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt