Opprørarane har kontroll i austlege byar, men greier ikkje å ta seg inn til hovudstaden Tripoli.
Foto: YOUSSEF BOUDLAL / ReutersPolitet passar på utanfor den libyske ambassaden i Berlin.
Foto: FABRIZIO BENSCH / ReutersStorbritannia og Frankrike prøvar å få andre land med på eit auka militært press mot den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi.
Flyforbodssona over landet som vart innført i mars, har ikkje fått ein slutt på uroa.
Den siste tida har opprørarane
.Før møtet i Berlin i dag melder BBC at utanriksministrane vil prøve å finne ein samstemd strategi for operasjonen, samtidig som dei skal finne ut kva deira rolle blir framover.
Fleire land må med
Oppgåvene dei har i Libya i dag, er å passe på at ikkje våpen kjem inn i landet, og å nekte Gaddafi å la sine styrkar bruke tunge våpen mot sivile.
Storbritannia og Frankrike ønskjer å innta ei meir aggressiv rolle, og angripe mål på bakken. Dei vil ha med seg fleire land, og ber spesielt Italia og Spania om å delta, ifølgje BBC.
- Les:
Også Den afrikanske unionen og Den islamske konferansen vil diskutere konflikten i Libya i dag. FN-generalsekretær Ban Ki-moon, utanriksjef i EU, Catherine Ashton, og leiaren av Den arabiske ligaen Amr Moussa er blant dei som deltek.
USA-utanriksminister Hillary Clinton vil ha slutt på overgrep mot sivile i Libya, og diskuterer i dag korleis Nato-landa kan bidra til å få stansa dei.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp
Den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi sit framleis med makta i Libya, og nektar å gi ho frå seg enn så lenge.
Utanriksminister Hillary Clinton, som deltek på møtet i Berlin i dag, fordømde Gaddafi-styrkane sine «vedvarande og brutale angrep på det libyske folk».
- Les:
- Les også:
«Alle nødvendige middel»
I går kveld vart den franske presidenten Nicolas Sarkozy og den britiske statsministeren David Cameron samde om å auke presset mot Gaddafi.
Ifølgje ein fransk talsmann ønskjer koalisjonen å kunne ta i bruk «alle nødvendige middel» for å få ein slutt på angrepa mot opprørsbyane Misrata og Zintan vest i landet.
Han sa vidare at Frankrike ikkje gir våpen til opprørarane, men at «det betyr ikkje at vi ikkje sympatiserer med dei som gjer det».
– Opprørarane har ikkje problem med å få tak i dei våpna dei treng, eller venner som kan vise dei korleis desse fungerer, sa han.
Storbritannia har sagt at dei vil utstyre opprørarane med 1000 sett skotsikker utrustning i tillegg til dei 100 satellittelefonane dei allereie har sendt.
- Les: