NRK Meny
Normal

Mike Huckabee inn i valkampen

Den republikanske politikaren Mike Huckabee varsla i ettermiddag at han vil prøve å bli Det republikanske partiet sin kandidat ved presidentvalet i USA i november 2016.

Den republikanske politikeren Mike Huckabee varslet i ettermiddag at han vil prøve å bli Det republikanske partiet sin kandidat ved presidentvalget i USA i november 2016.

Sjå Mike Huckabee annonsere sitt kandidatur i Hope.

59 år gamle Mike Huckabee har ei fortid som guvernør i delstaten Arkansas. Han har også vore programleiar i fjernsynskanalen Fox News, og har arbeidd som prest i baptistkyrkja.

Huckabee kom med kunngjeringa i heimbyen Hope tysdag. Dette er same byen som tidlegare president Bill Clinton kjem frå.

Vil betre økonomien

I talen sa han at dersom han blir vald, vil han arbeide for å betre økonomien for middelklassen i USA. Han gjekk også hardt ut mot Den islamske staten, IS, som hevdar å stå bak eit angrep i Texas søndag kveld. Vi må kjempe mot dei slik vi angrip livsfarlege slangar, sa han. Han gav også uttrykk for sterk støtte til Israel.

Det er ikkje første gong Huckabee gjer eit forsøk på å bli amerikansk president. Også i 2008 deltok han i nominasjonskampen.

Sjette kandidat

Når Huckabee nå på nytt melder seg på, blir han sjettemann på lista over håpefulle republikanarar.

Frå før har Texas-senator Ted Cruz, senator Rand Paul frå Kentucky, Florida-senator Marco Rubio, tidlegare HP-sjef Carly Fiorina og tidlegare nevrokirurg Ben Carson frå Maryland kunngjort at dei vil kjempe om å bli presidentkandidat i valet i 2016.

Hos Demokratane er Hillary Clinton soleklar favoritt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt