Hopp til innhold

Meslingar tek liv i Haiti

Røde Kors starta i dag ein gigantisk aksjon i Haiti for å vaksinere 140.000 born og unge mot meslingar.

Desse borna bur i telt i ein gigantisk leir i Port de Prince i Haiti.

Jean Krinne (t.v.) og broren Kerrem er blant dei mange borna som bur i telt i ein overfylt leir i Port de Prince.

Foto: Roberto Schmidt / Scanpix/AFP

LES OGSÅ: G7-landene sletter Haiti-gjeld

LES OGSÅ: Bare kvinner får utdelt mat i Haiti

LES OGSÅ: - Over 200.000 døde i Haiti

I Noreg er meslingar rekna som nesten ufarleg, men i kaoset som rår i Haiti etter jordskjelvet er det ein dødeleg sjukdom.

Børge Brende i Haiti i januar 2010

Børge Brende besøkte Haiti like etter jordskjelvet 12. januar.

Foto: Andreas Bondevik / Scanpix

Generalsekretær i Røde Kors i Noreg, Børge Brende, seier at helsesituasjonen i den jordskjelvramma øystaten framleis er svært krevjande. Han fortel om fleire tilfelle der born har døydd av meslingar, og at Røde Kors i vekene framover vil delta i ein storstild aksjon for å vaksinere flest mogleg.

Gigantisk teltby

- Titusenvis av menneske bur i telt i ein stor park i hovudstaden Port-au-Prince. Får nokon av dei melsingar så spreier sjukdomen seg fort. Ingen er i utgangspunktet vaksinert mot sjukdomen i Haiti, fortel Børge Brende.

Brende reknar med at 140.000 barn og unge skal vaksinerast i løpet av dei neste to vekene. I løpet av ein månad bør 300.000 menneske ha vorte vaksinerte, seier Røde Kors-presidenten til NRK.

Om ikkje lenge kjem regntida til Haiti, og dette vil gjere helsesituasjonen enda meir alvorleg. Avløpsnettet har brote saman, og det påverkar også vasskvaliteten. Det er sett inn tiltak, seier Brende, men det er ikkje nok.

- Det er stor frykt for at det kan bryte ut kolera, seier Brende.

Over 200.000 døde

Berre i løpet av dagen reknar Røde Kors med at rundt 2000 born kan bli vaksinerte mot meslingar. Det er også sett i verk vaksinasjonsmot sjukdomar som difteri og tyfus, men det er førebels uklart kor stort omfang dette har.

Det internasjonale Røde Kors har 200 legar i arbeid i Haiti, fortel Brende. På det norske feltsjukehuset er rundt 20 helsearbeidarar i aktivitet store delar av døgnet.

Over 200.000 menneske er stadfesta døde etter jordskjelvet i Haiti 12. januar. Mange er framleis sakne, og fleire tusen menneske er skadde. Fleire hundre tusen miste heimane sine i naturkatastrofen.

LES OGSÅ: Utdelingen av mat i gang i Haiti

LES OGSÅ: Haiti stanser utenlandsadopsjoner

LES OGSÅ: Haiti stanser utenlandsadopsjoner

SISTE NYTT

Siste nytt