Hopp til innhold

Verdas mektigaste kvinne sjukmeld etter fall i langrennsløypa

Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, er sjukmeld i tre veker etter eit fall i langrennsløypa i Sveits i julehelga.

Angela Merkel under innspelinga av nyttårstalen sin.

Angela Merkel under innspelinga av nyttårstalen 30. desember.

Foto: David Gannon / Ap

Talsmann for den tyske regjeringa, Steffen Seibert, opplyser at Merkel har avlyst alle reiser og dei fleste møte dei neste tre vekene.

– Brot i bekkenet

– Ho fall i langrennsløypa. Det ho trudde berre var eit blåmerket, viste etter legeundersøking å vere eit brot i bekkenet. Ho har fått beskjed om å halde senga så mykje som mogleg, og ho treng ein rullator når ho går, seier Seibert til Der Spiegel.

Han seier at fallet skjedde i eit moderat tempo, men vil elles ikkje gi fleire opplysningar om det som skjedde.

Den tyske kanslaren skulle etter planen på statsbesøk til Polen denne veka, og ho skulle ha teke mot statsministeren i Luxembourg i Berlin.

Skal leie regjeringsmøte

Ho skal likevel leie eit regjeringsmøte førstkomande onsdag, som blir det første i den nye storkoalisjonen mellom Sosialdemokratane og Merkels parti CDU.

Seibert forsikrar at Angela Merkel, som er rekna for å vere den mektigaste kvinna i verda, vil greie å gjennomføre det meste av jobben sin frå heimen sin i Berlin.

Skiulukka skjedde i romjula i Engadin i Dei sveitsiske alpane.

LES OGSÅ: Klart for storkoalisjon i Tyskland

LES OGSÅ: Merkel valgt for sin tredje periode

LES OGSÅ: Merkel blir stadig mektigere

LES OGSÅ: Dette skjedde i verden i 2013

SISTE NYTT

Siste nytt