Provenzano, som har vore øvste sjefen for den sicilianske mafiaen Cosa Nostra, vart arrestert i ein politiaksjon mot eit lite gardsbruk utanfor landsbyen Corleone på Sicilia 11. april.
Provenzano var fødd i Corleone, som så mange andre sicilianske mafiatoppar. Byen vart verdskjend etter dei amerikanske Gudfaren-filmane.
"Traktoren"
Då hadde Provenzano, som gjekk under tilnamet "Traktoren", vore på flukt frå politiet sidan 1964.
Bernardo Riina var nestleiar i ein antimafia-organisasjon i Corleone. No er han arrestert for samarbeid med mafiaen. (Foto: Italiensk politi/AP/Scanpix)
No residerer Cosa Nostras "capo di tutti capi", sjefen over alle sjefar, i ei godt vakta fengselscelle i Termi i Umbria.
Ei av årsakene til Provenzano greidde å halde seg så lenge i skjul for politiet, var at han hadde utarbeidd eit sinnrikt kodesystem for å kommunisere med medhjelparane sine.
No er politiet i ferd med å kjekkje koden. Ein leiande etterforskar i saka seier til det italienske nyheitsbyrået Ansa at dei ventar å finne det endelege svaret i Bibelen.
- Bibelen kan gi oss det vi manglar. Det verkar som om ein del ord frå Bibelen kan knytast til det talsystemet han har brukt i fleire av beskjedane han har sendt frå seg, seier polititenestemannen.
Han reknar med at koden kan gi dei namna på viktige støttespelarar for mafiaen.
Djupt religiøs
Bernardo Provenzano vart kalla "Traktoren" på grunn av dei brutale metodane han brukte for å kvitte seg med motstandarane sine. Han er tiltalt for drap på to mafia-etterforskarar, men politiet trur han er ansvarleg for mange fleire drap.
Samstundes har han, som mange andre leiande mafia-figurar, vore ein djupt religiøs mann. Politiet fann mange religiøse symbol i huset hans då han vart arrestet, og på nattbordet låg Bibelen.
På ein vegg var det eit stort bilete av den heilage Padre Pio av Pietrelcina (1887-1968), ein prest i Sør-Italia som vart heilaggjort etter sin død.
Bernardo Provenzano bad om å få tilgang til eit kapell i fengselet, men hittil har han bllitt nekta dette.
Hemmelege rom
Samstundes held politiet fram arbeidet på gardsbruket utanfor Corleone der Provenzano vart arrestert. Dei brukar avansert utstyr for å prøve å finne underjordiske gangar og hemmelege rom.
Dei sikrar seg også DNA-spor, for å prøve å indentifisere medarbeidarar som har besøkt Provenzano i heimen hans.
I går vart det klart at ein av dei som vart arresterte i kjølvatnet av Provenzano, Bernardo Riina, var nestleiar i ein lokal anti-mafia-organisasjon i heimbyen Corleone. Mannen som grunnla organisasjonen vart sjølv skoten og drepen av mafiaen.