Hopp til innhold

Mafia-sjefar styrer frå fengselet

Trass i strenge tryggingstiltak, greidde likevel Cosa Nostra-toppane å styre organisasjonen frå fengslelet.

Dei viktigaste mafiajegerane i Italia.

Frå venstre sjefen for påtalemakta i Palermo, Francesco Messineo, politisjefen i Palermo, Francesco Caruso og dommaren Gaetano Paci.

Foto: AP

Politiet har dei siste par åra arrestert fleire av dei viktigaste sjefane i den sicilianske mafiaorganisasjonen Cosa Nostra.

I dag melder det italienske nyheitsbyrået ANSA at leiarane for den illgjetne Madonia-klanen, ein far og tre brør, har greidd å styre forbrytarorganisasjonen gjennom kommunikasjon med familiemedlemer.

Streng soning

Berre ektefeller og born har fått besøke mafiasjefane i fengselet, men sjølv om samtalane vart overvaka, greidde dei likevel å få gitt viktige ordrar som gjaldt organisasjonen.

Politiet har avdekt at spørsmål om helsa til kona til den eldste av dei fengsla frå Madonia-familien, i realiteten var kode for instruksjonar til dei som driv "forretningane" ute på gata. Det skal også ha vore brukt det italiensk politi kallar "intens mimikk" og bruk av teikn.

Kona til ein av dei fengsla leiarane i Madona-klanen skal ha representert mannen på eit møte med toppsjefen i Cosa Nostra på Sicilia, Salvatore Lo Piccolo.

Han er no også bak lås og slå, og det er også forgjengaren hans, Bernardo "Traktoren" Provenzano.

Trass i at toppleiarane er i fengsel, held den kriminelle aktiviteten fram med uforminska styrke.

Dette sjølv om mafiabossane er fengsla etter den såkalla 41-bis-lova, som gir dei strengaste soningsforholda som er mogleg etter italiensk lov.

Menneskerettar

41-bis er så streng at Den europeiske menneskerettsdomstolen har gjort det klart at lova er i strid med to punkt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Amnesty International seier på si side at 41-bis-lova i ein del tilfelle kan føre til brutal, inhuman eller nedverdigande behandling av innsette.

Sjefen for påtalemakta i Palermo, Francesco Messineo, seier at han er alvorleg uroa over at dei strenge soningstilhøva ikkje maktar å hindre mafiasjefane å styre organisasjonen sin. No vil han gjere lova enda strengare.

Politiet har teke beslag i 17 store eigedomar, åtte gardar, to villaer, fem mindre husvære, eit kjøpesenter og fem butikkar, frå Madona-familien. No tyder mykje på at familien, via stråmenn, har greidd å kjøpe tilbake desse eigedomane.

No aukar kravet i Italia om ei enda strengare handheving av 41-bis-lova, trass i protestane frå menneskerettsorganisasjonane.

SISTE NYTT

Siste nytt