Dermed er den 42 år lange jakta på mannen som no er øvste sjefen for den illgjetne sicililanske mafiaen, Cosa Nostra, over. Mannen som blir kalla "capo di tutti capi", sjefen over alle sjefar, er endeleg i dei italienske styresmaktene si varetekt.
Provenanzo er fødd i landsbyen Corleone på Sicilia, landsbyen som vart gjort verdskjend gjennom romanen "Gudfaren" av Mario Puzo og de tre filmane "Gudfaren I, II og III", som regissøren Francis Ford Coppola står bak
Fjør i hatten

Dette er eit fantombilete italiensk politi laga av Bernardo Provenzano for nokre år sidan. (Foto: Reuters/Scanpix)
Arrestasjonen er ei stor fjør i hatten for italiensk politi. Gudfaren for den kjende Cosa Nostra-greina Corleone er deira største varp på 13 år.
Han vart arrestert på eit lite gardsbruk to kilometer utanfor heimbyen Corleone, der han oppheldt seg saman med familiemedlemer, melder avisa La Repubblica.
Provenzano, 73 år gammal, har vore rekna som øvste sjefen i Cosa Nostra sidan den tidlegare gudfaren Salvatore "Udyret" Riina vart arrestert i 1993.
Det siste biletet politiet har hatt av Provenzano var frå 1959, då han vart arrestert som 25-åring.
Bernardo Provenzano har gått under tilnamnet "Spøkelset frå Corleone" fordi han har greidd å halde seg unna politiet i så mange år.
Jordbruksarbeidar
Han vart fødd i 1933, og han var jordbruksarbeidar før han byrja på den kriminelle livsvegen sin. Han jobba seg oppover i Cosa Nostra-systemet, i mange i år nært samarbeid med forgjengaren Salvatore Riina.
I yngre dagar fekk han tilnamnet "Traktoren", etter måten han behandla sine motstandarar internt i Cosa Nostra.
I fjor sa ein av dei mest kjende mafiajegerane i Italia, statsadvokaten Pietro Grasso, at han var overtydd om at årsaka til at Provenzano hadde greidd å halde seg i skjul så lenge, var at han vart verna av både politikarar og politifolk.

Bernardo Provenzano har vore på flukt frå politiet i 42 år. (Foto: AFP/Scanpix)
Provenzano er tidlegare dømd til livsvarig fengsel "in absentia", blant anna for drapa på dei to antimafia-dommarane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino i 1992.
Toppsak
Nyheita om arrestasjonen vart toppsak i dei fleste italienske nettaviser og fjernsynstasjonar i dag, trass i den spennande oppteljinga av parlamentsvalet.
For ei veke sidan vart 84 personar pågripne under ein stor aksjon mot Cosa Nostra i utkanten av Palermo. Desse er sikta for kidnapping, utpressing og narkotikahandel.

Dette biletet frå 1959 var det siste italiensk politi hadde av Bernardo Provenzano. (Foto: Reuters/Scanpix)