Hopp til innhold

Macron: – Sikker på at USA vil slutte seg til Parisavtalen igjen

– Eg er heilt sikker på at USA ein dag vil slutte seg til klimaavtalen frå Paris. Det sa den franske presidenten Emmanuel Macron då han talte i Kongressen.

US France

Frankrikes president Emmanuel Macron i den amerikanske Kongressen onsdag.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Macron fekk tre minutt ståande applaus då han kom til den amerikanske Kongressen onsdag. Han heldt talen til dei folkevalde på engelsk.

I talen understreka Macron kor viktig det er å ta vare på miljøet.

– Ingen «planet B»

– Vi har ingen «planet B», sa Macron.

– Vi drep planeten dersom vi held fram med å forureine verdshava, dersom vi ikkje reduserer utsleppa av CO₂ og dersom vi øydelegg det biologiske mangfaldet, sa Macron.

Han sa at det er nødvendig å omstille seg til ei framtid med lågare utslepp av klimagassar.

– Vi må samarbeide med næringslivsleiarar og med ulike lokalsamfunn for å gjere planeten vår storarta igjen.

Macron brukte dermed ordlyden frå president Donald Trump sitt slagord i valkampen, om å gjere USA «great again».

US-FRANCE-DIPLOMACY-MACRON-CONGRESS

Emmanuel Macron fekk massiv applaus under talen i Kongressen.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

– USA blir med igjen

Macron kom også inn på USA sitt forhold til Parisavtalen, ein avtale som blei signert under klimatoppmøtet i Paris i 2015. Hovudmålet med avtalen er å bremse den menneskeskapte globale oppvarminga.

Trump annonserte i fjor at han vil trekkje USA frå denne avtalen. Men Macron trur at USA vil snu.

– USA kjem til å bli ein del av denne avtalen igjen, det er eg heilt sikker på, sa Macron.

I talen til Kongressen understreka presidenten også kor viktig det tette forholdet mellom USA og Frankrike er, og sa at dei to landa må stå saman i arbeidet for å løyse dei store internasjonale utfordringane.

Han oppfordra også USA til å spele ei aktiv rolle i internasjonalt samarbeid om ei lang rekkje saker.

– Det er to vegar vi kan velje. Vi kan velge isolasjonisme, tilbaketrekking og nasjonalisme. Men å sengje døra til verda vil ikkje stanse utviklinga i verda, sa Macron.

Emmanuel Macron som er på tre dagers besøk i USA taler i Kongressen

Sjå Emmanuel Macron sin tale i Kongressen.

Breiare internasjonalt samarbeid

– Verdssamfunnet må styrkje innsatsen og byggje ein verdsorden for det 21. hundreåret, sa han.

Iran-avtalen om atomvåpen var også eit tema.

– Iran må aldri bli i stand til å kunne bruke atomvåpen, sa Macron.

Emmanuel Macron starta statsbesøket i USA måndag kveld. Han er den første utanlandske statsleiaren som har komme på statsbesøk til USA etter at Donald Trump blei president.

SISTE NYTT

Siste nytt