Vil ha ny atomavtale med Iran

Den franske presidenten, Emmanuel Macron seier Frankrike og USA vil prøve å få på plass ein ny og betre atomavtale med Iran. President Donald Trump kallar dagens atomavtale for rein galskap.

De to presidentene skal møte pressen etter samtaler i Det hvite hus

Sjå opptak av pressekonferansen i Det kvite hus.

President Emmanuel Macron og kona, Brigitte Macron, kom til USA måndag kveld, og starta statsbesøket med privat middag med president Donald Trump og førstedame Melania Trump i Mount Vernon.

Tysdag blei Macron ønskt velkommen til Det kvite hus, der han hadde politiske samtalar med Donald Trump.

Vil ha ny Iran-avtale

Det var venta at Macron under samtalane i Washington ville prøve å overtyde Trump om ikkje å trekkje seg frå atomavtalen med Iran, ein avtale som blei forhandla fram av USA, Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU. Avtalen gir internasjonalt innsyn i det iranske atomprogrammet.

Trump har lenge trua med å gå ut av avtalen dersom avtalen ikkje blir gjort strengare innan 12. mai, då han skal opp til ny vurdering.

Og då media fekk møte dei to i Det ovale kontor, la ikkje Trump skjul på kva han meiner om atomavtalen.

– Avtalen er ein katastrofe. Avtalen skulle aldri vore signert, sa han.

På ein felles pressekonferanse etter samtalane la Emmanuel Macron fram ein ny plan.

Frankrike vil arbeide for å få på plass ein ny atomavtale med Iran, og vi skal samarbeide med USA om dette, sa Macron.

Den nye avtalen kan ifølgje Macron bli eit supplement til den eksisterande avtalen, som tok til å gjelde i januar 2016. Ein ny avtale skal mellom anna regulere kva som skal skje med det iranske atomprogram etter 2025.

Trump sa at han var open for å gjere noko med Iran-avtalen, berre det er «velfundert». Men han var lite konkret.

– Vi får sjå kva vi gjer den 12. mai, sa Trump, og la til:

– Dersom Iran truar oss, vil dei måtte betale ein svært høg pris.

God tone mellom den franske og amerikanske presidenten i Det ovale kontor.

– Dei gode relasjonane våre er ikkje "fake news", sa Trump.

Skryter av Kim Jong-un

På pressekonferansen var også forholdet til Nord-Korea eit tema. Trump sa at han arbeider for ei framtid med fred på den koreanske halvøya. Men han understreka at presset mot Nord-Korea vil bli halde oppe.

– Vil vil at dei skal kvitte seg med atomvåpena sine, sa Trump.

APTOPIX Trump US France

Presidentane Trump (t.h.) og Macron med ektefellar Melania Trump og Brigitte Macron under ein seremoni utanfor Det kvite hus tysdag.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Men Trump la ikkje skjul på at han har sans for den nordkoreanske presidenten, Kim Jong-un.

– Kim Jong-un er svært open og ærleg, sa Trump. Han la til at han håpar det planlagde toppmøtet mellom dei to kan finne stad så snart som råd.

Laster Twitter-innhold

Forutan Iran-avtalen, har blant anna dei nye amerikanske tollsatsane, krigen i Syria og klimaavtalen frå Paris vore tema i samtalane mellom Trump og Macron.

Seinare tysdag skal Emmanuel Macron tale i den amerikanske Kongressen, og om kvelden er det statsmiddag i Det kvite hus.

US France

President Emmanuel Macron og kona Brigitte Macron blei tatt imot med pomp og prakt då dei måndag kom til USA på eit tre dagar langt statsbesøk.

Foto: Jacquelyn Martin / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt