Hopp til innhold

Macron vil lokke med seg franske veljarar heim frå Storbritannia

Også på den andre sida av Den engelske kanal prøvar den franske presidentkandidaten Emmanuel Macron å overtyde med sitt liberale program.

Emmanuel Macron

Emmanuel Macron har gjort suksess med sine store folkemøte i Frankrike. I dag talte han til tilhengarar på den andre sida av Den engelske kanal.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Som ein liberal EU-tilhengar i eit «Europa i motvind» er Macron oppteken av å unngå å hamne i same fella som britane sin tidlegare statsminister David Cameron og resten av britane som ville at Storbritannia skulle bli i EU. Han vil unngå dette ved å vere klar og tydeleg på det han står for, skriv The Guardian.

– Akkurat no, der dei ekstreme og dei som er mot globalisering vinn val, trur eg at det er den rette tida for Frankrike å bestemme seg for å gå i motsett retning, sa Macron då han tysdag besøkte London.

Vil lære franskmenn å prøve og feile

Skjebnen til dei over 300.000 franske statsborgarane som bur i Storbritannia etter at Brexit trer i kraft var eit av fleire tema som blei diskutert då Macron møtte statsminister Theresa May til samtalar i Downing Street 10.

Emmanuel Macron i Downing Street

Etter at Nicolas Sarkozy besøkte Tony Blair i 2007 har det blitt vanleg for franske presidentkandidatar å avlegge den britiske statsministeren eit besøk.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Og sjølv om presidentkandidaten uttalte at han ønsker at britane skal få eit rettferdig Brexit, er det liten tvil om kva han meiner om at britane forlèt EU, og var ikkje nådig då han etter visitten i Downing Street talte til sine mange landsmenn som bur i finansbyen.

Han oppfordra dei til å kome tilbake til heimlandet for å drive innovasjon, utforske, undervise, skriv Le Point.

– Eg vil at vi skal vere eit land der ein kan gjere alt dette.

Franske expats i London

Nokre av dei rundt 200.000 franskmennene som bur i London. Talet gjer at ein kan telje det som Frankrikes sjette største by.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

I Frankrike er det ikkje rom for å feile, men heller ikkje for å lukkast skikkeleg, resonnerte han vidare for eit publikum av entreprenørar og finansfolk – dei fleste Macron-tilhengarar. Han er redd det han meiner er ei fransk frykt for å feile gjer at franskmennene som vil satse reiser utanlands.

Ein valkamp der det meste ligg ope

Eit besøk i Downing Street 10 seier ein del om kor langt han som har blitt rekna som eit friskt pust i valkampen har kome. The Guardian meiner dette viser kor seriøst den britiske regjeringa tek ein mogleg sentrumssiger i valet i mai, sjølv om ein visitt hos den britiske statsministeren slett ikkje er uvanleg for franske presidentkandidatar.

Ein som derimot ikkje får audiens hos May er Marine Le Pen, kandidaten på yttarste høgre. Ifølge ein talsmann for Downing Street er det offisiell policy for den britiske regjeringa å ikkje ha noko å gjere med Le Pen sitt parti Nasjonal Front.

Der presidentvervet vanlegvis har veksla mellom sosialistpartiet og dei konservativt ser mykje ut til å bli annleis i år. Både til høgre og venstre har utradisjonelle kandidatar segla fram. Men der sosialistpartiet lir av regjeringsslitasje etter fem år med tidenes mest upopulære president, er konservative François Fillon i hardt ver etter at han blei skulda for å ha lønna fleire familiemedlemmer for arbeid det kan sjå ut som dei ikkje har gjort.

Karnevalsfigurar av Francois Fillon og Marine Le Pen

Dei fleste av kandidatane i årets kampanje har fått gjennomgå av både media og folket. Her er François Fillon og Marine Le Pen i karikert dukkeversjon under karnevalsparaden i Nice.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Nyleg har også uavhengige Macron fått gjennomgå i media, med alt frå rykte om eit utanomekteskapeleg forhold til det som blei oppfatta som kontroversielle fråsegner om Frankrikes kolonifortid då han førre veke besøkte Algerie.

Ifølge dei siste meiningsmålingane ligg Macron tilnærma likt med François Fillon bak Marine Le Pen i første omgang, som finn stad 23. april.

SISTE NYTT

Siste nytt