Hopp til innhold

Lula: Opprørarane hadde innside-hjelp

Brasils president Lula da Silva meiner at Bolsonaro-tilhengjarar som storma Kongressen, Høgsterett og presidentpalasset, må ha hatt hjelp på innsida.

President Luiz Inacio Lula da Silva

På eit frukostmøte med mediefolk kom Lula da Silva med kraftige åtak på eigne tryggingsstyrkar.

Foto: SERGIO LIMA / AFP

President Luiz Inacio Lula da Silva seier at Bolsonaro-tilhengjarar på innsida gjorde det mogleg for opprørarar å storme Kongressen, Høgsterett og presidentpalasset i Brasília sist søndag.

Han seier det ikkje er funnet teikn som tyder på innbrot, og konkluderer med at nokon har opna dørene for opprørarane.

I alt 1500 menneske vart arresterte etter storminga søndag, som førte til store øydeleggingar på bygningane, inventar og kunstverk.

Gjer tilsette skylda

Lula skuldar støttespelarar av den tidlegare presidenten for å ha opna dørene slik at opprørarane fekk tilgang.

Lula i presidekontoret etter stormingen

President Lula da Silva ser på øydeleggjingane i presidentkontoret. Han var ikkje til stades då demonstrantane braut seg inn.

Foto: Eraldo Peres / AP

Han seier at dei ansvarlege skal finnast og bli straffa.

– Alle tilsette skal granskast for å finne ut kven som gjorde storminga mogleg, seier han ifølge BBC.

Lula har skulda tryggingsvaktene for inkompetanse og militærpolitiet for å ha medverka til opprøret.

Torsdag sa han til journalistar under eit pressemøte i Brasília at han er overtydd om at dørene til Planalto-palasset vart opne slik at folk kunne gå inn. Han viste til at det ikkje er funne teikn på øydelagde dører.

Lula sa at han etter dette ikkje vil ha Bolsonaro-tilhengjarar mellom dei tilsette i presidentpalasset.

– Korleis kan eg ha nokon til å passe døra mi, som kan komme til å skyte meg?, spurde Lula.

Les meir – Politibetjentane som gjorde dette kan ikkje gå ustraffa

Stormingen i Brasil

Djup mistru

Dei som storma hovudstaden krev at taparen i presidentvalet, høgrepopulisten og den tidlegare offiseren Jair Bolsonaro, blir innsett i staden for Lula, – eller at militæret tar over. Dei er overtydde om at Lula sin knappe siger var eit resultat av valfusk.

Bolsonaros harde retorikk, spesielt ei rad tvitydige utsegn om militærdiktaturet, og mange påstandar om utbreidd valfusk, var skapt djup mistru blant tilhengarane hans.

Søndag tok illsinte Bolsonaro-tilhengjarar saka i eine hender og gjekk til valdeleg åtak på landets høgste demokratiske institusjonar. Det var det verste åtaket på Brasils unge demokrati, sidan militærstyret tok slutt i 1985.

Les meir Demokratar krev at Bolsonaro blir utlevert frå USA

Jair Bolsonaro i sykesenga

Nye demonstrasjonar

Dagen etter vart det heldt motdemonstrasjonar i ei rekke brasilianske byar, der tilhengjarar til president Lula samla seg i gatene for å vise støtte til demokratiet og president Lula.

Brasiliansk flagg på en demonstrasjon for demokratiet i Sao Paulo 9. januar 2023

Dagen etter storminga samla demonstrantar seg i mellom anna São Paulo for å demonstrere for demokratiet.

Foto: NELSON ALMEIDA / AFP

Etter storminga er tryggingsstyrkar mobilisert i fleier byar i Brasil av frykt for nye, valdelege demonstrasjonar.

– Vi styrkar tryggleiken over heile landet sidan det no blir oppmoda til nye demonstrasjonar. Det seier stabssjefen til president Lula, Rui Costa, ifølgje Reuters.

Rundt regjeringskvartalet i Brasilia er vegane stengde for både bilar og folk. Det skjer etter at fleire har brukt sosiale medium til å mane til nye, store demonstrasjonar. Slagordet er «ta makta tilbake».

Les meir Kva skjer vidare i Brasil?

Demonstranter i Brasilia

SISTE NYTT

Siste nytt