Hopp til innhold

Demokratar krev at Bolsonaro blir utlevert til Brasil

Fleire demokratar i Kongressen i USA meiner at USA må utlevere tidlegare president Jair Bolsonaro til Brasil.

Jair Bolsonaro i sykesenga

POSTA BILDE FRÅ SJUKESENGA: Brasils ekspresident Jair Bolsonaro skriv på Twitter at han har vore innlagd på sjukehus i Florida med mageplagar.

Foto: Jair Bolsonaros Twitter-profil

Bolsonaro reiste til USA rett før han vart avløyst av Lula da Silva som president ved årsskiftet.

Ifølgje NBC News har fleire demokratar oppmoda president Joe Biden til å sende Bolsonaro tilbake til heimlandet der tilhengjarane hans i helga storma nasjonalforsamlinga, presidentpalasset og høgsterett i protest mot valresultatet.

Dei meiner at valet ikkje gjekk rett for seg då Lula da Silva vann over Bolsonaro.

– Nesten på dagen to år etter at Kongressen vart angripen av fascistar, ser me at fascistar prøver å gjere det same i Brasil, skriv Alexandria Ocasio-Cortez på Twitter.

Ho er kongresskvinne frå New York og er rekna for å stå på venstresida i det demokratiske partiet.

Alexandria Ocasio-Cortez (bak) er på mens republikanarane kranglar i Representanthuset om kven som skal bli ny ordstyrar.

Alexandria Ocasio-Cortez (bak) ser på mens republikanarane kranglar om kven som skal bli ny ordstyrar.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP

Vil nekte Bolsonaro ein tilfluktsstad

Ho skriv at USA må stå saman med Lula og den demokratisk valde regjeringa i Brasil i solidaritet, og ikkje gje Bolsonaro ein tilfluktsstad i USA.

Ho får støtte frå partifellane Joaquin Castro frå Texas og Ilhan Omar frå Minnesota, som både meiner at Bolsonaro bør bli kasta ut av landet.

Castro seier at Bolsonaro ikkje bør få høve til å slippe unna dei kriminelle lovbrotas sine ved å gjemme seg i USA.

Kritikarane viser til at Bolsonaro lenge nekta å erkjenne valnederlaget. Han nekta og å vere til stades då etterfølgjaren hans avla eiden som president 1. januar.

I staden flykta den avtroppande presidenten til USA i nyttårshelga saman med kona Michelle.

Kan få visum-trøbbel

Det er usikkert kva type visum Bolsonaro har. Dersom han har kome på diplomatisk visum frå si tid som president, er dette ikkje lenger gyldig. Det opplyste talsmann for utanriksdepartementet Ned Price på spørsmål frå journalistar i Washington måndag kveld.

Det har ikkje kome ei formell utleveringsoppmoding frå Brasil, ifølgje president Bidens tryggingsrådgivar Jake Sullivan, som og vart spurd om dette på ein pressebrifing.

Bolsonaro posta bilete frå sjukesenga

Bolsonaros kone opplyste måndag på Instagram at den tidlegare presidenten var innlagd på sjukehus i Florida med magesmerter.

Natt til tysdag skreiv Bolsonaro sjølv på Twitter at han har vore innlagd på sjukehus i Orlando, men at han no er skriven ut.

Han vart knivstukken i magen og alvorleg skadd under valkampen i 2018, og har vore innlagt på sjukehus med plager i magen fleire gonger sidan.

Bolsonaro takka tilhengjarane sine for bøner og ønskjer om rask betring.

Biden inviterte Lula til Det kvite hus

USAs president har invitert Brasils nye overhovud, Lula da Silva, til Washington, opplyser Det kvite hus.

Dei to presidentane snakka saman på telefon måndag, etter at brasiliansk politi igjen hadde fått kontroll på opprørarane i Brasília.

Biden har vore tydeleg på at USA gir det brasilianske demokratiet si fulle støtte, og at han fordømer storminga av nasjonalforsamlinga.

Utanriksminister Antony Blinken sa søndag at det å bruke vald til å angripe demokratiske institusjonar alltid er uakseptabelt.

Les meir Opprørspoliti rydda leiren til Bolsonaro-tilhengjarane i Brasília

Soldater

SISTE NYTT

Siste nytt