Landet raste saman då diktatoren forsvann

Etter at Nato var ferdig med sine angrep og diktatoren var lynsja, så falt Libya i grus. No har ei ny regjering blitt teken i eid, men det er framleis anarkiet og kaoset som dominerer.

Amerikansk konsultat i Benghazi

Ein mann jublar etter at han og andre opprørarar tok seg inn på tomta til det amerikanske konsulatet i Benghazi den 11. september 2012. Det har herska totalt kaos i Libya sidan Muammar Gaddafi vart kasta som landets leiar i 2011. I helga fekk Libya ny regjering, men det er lite som tyder på at alle dei væpna gruppene i landet vil samle seg bak den nye regjeringa.

Foto: STR / Afp

LIBYA-UNREST

Væpna menn kjempar for ulike libyske militsar, og har skapt stor uro i landet i tida etter at Muammar Gaddafi vart drepen og fjerna som landets leiar.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Demonstranter i Tripoli

Tilhengjarar av gruppa som tapte valet, men som har kontrollen i hovudstaden Tripoli protesterte søndag mot at Libyas nye regjering vert fjerna.

Foto: ISMAIL ZITOUNY / Reuters

Det var i 2011 at fleire Nato-land sende sine fly mot Nord-Afrika for å hjelpe libyske opprørarar med å styrte president Muammar al-Gaddafi. Då hadde den styrtrike diktatoren regjert i Libya i 35 år. Den 20. oktober vart han drepen i sin eigen fødeby, Sirte.

I hovudstaden Tripoli, og fleire andre stader i oljenasjonen Libya, feira folket at statsleiaren var død. Det nye libyske flagget vaia i vinden, medan det gamle, totalgrøne flagget var historie. Folk såg framover mot det dei meinte ville bli ei betre framtid.

Blodige kampar

Men det er noko heilt anna enn ei sukesshistorie som er blitt skriven i Libya i ettertida.

– Etter Gaddafis fall vart det eit tomrom, sidan «Gaddafi var staten». Alt måtte byggjast opp att frå grunnen, både det politiske system og statsadministrasjon. Men dette arbeidet kom for kort, og makta vart liggande hos dei ulike opprørsgruppene, seier historieprofessor Knut S. Vikør ved Universitetet i Bergen.

LIBYA-UNREST

Fleire militsar har kjempa harde kampar i Libya. Dei ulike gruppene har ulike interesser, og bidreg til kaos i Libya.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Han seier at dei ulike gruppene etter kvart vart rivalar, og at dei alle hadde sine eigne interesser å kjempe for.

Libya er eit av dei mest fragmenterte landa i den arabiske verd, med meir enn 140 stammer og klanar. Under borgarkrigen i 2011 deltok meir enn 40 ulike militsgrupper i kampen mot Gaddafi, og etter diktatorens fall har fleire av gruppene halde fram med å kjempe om makta i landet.

Muammar Gaddafi i 2009

Han var øvste leiar i Libya i 35 år, hadde milliardar på bok, og var sentral i oppbygginga av Den afrikanske union. Men i oktober 2011 var det over for Muammar al-Gaddafi, som vart drepen av opprørarar.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

APTOPIX Mideast Libya

I desse røyra i sin fødeby Sirte, skal Muammar Gaddafi ha blitt funnen og drepen av opprørarar.

Foto: David Sperry / Ap

Særskild ille har det vore i sommar, med blodige kampar mellom fleire væpna grupper. Ei overgangsregjering vart tvungen til å gå av, og Libya har i praksis vore delt mellom to rivaliserande leiarar og to nasjonalforsamlingar som begge er støtta av ulike væpna fraksjonar.

– Må dempe rivaliseringa

Søndag vart ein ny regjering teken i eid i landet. Den nye statsministeren er Abdullah al-Thinni, og regjeringa hans er den som vert anerkjent av omverda. Men al-Thinni si gruppe har ikkje kontrollen over nokon av dei tre største byane i Libya.

Den andre regjeringa er ei islamistdominert gruppe, leia av Omar al-Hasi, og har hovudsete i Tripoli, landets offisielle hovudstad. Denne grupperinga tapte valet i Libya 25. juni, men har likevel erklært seg sjølve som regjering.

Knut Vikør

Knut Vikør kjenner godt til Libya. Han er framleis usikker på om det var riktig av Nato å gå til luftangrep mot Libya.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Det er ikkje ein lett situasjon. For å få stabilitet i Libya må ein dempe rivaliseringa mellom gruppene, i staden for at ei gruppe skal prøve å få overtaket slik som no. Dei regionale motsetnadane vil uansett ikkje forsvinne om den eine vinn og den andre taper, meiner Vikør.

FN vil ha fredssamtaler

Han trur ei mogleg løysing kan vere å gi autonomi til ulike regionar, men at det på lengre sikt uansett må byggjast opp eit felles statsapparat som dei ulike regionane og gruppene kan ha tillit til.

Det er ei slik politisk løysing FN no ønskjer å få til. FN påstår dei har klart å få til ein avtale om samtaler mellom dei to grupperingane, og dei har tru på at ei løysing vil kome i nær framtid.

– Partane har blitt einige om å starte ein politisk prosess der dei vil adressere alle aktuelle tema på ein fredfull måte, med eit klart mål om å få til ein total våpenkvile, sa leiaren for ei FN-utsending til Libya, Bernardino Leon.

Men i går kom det motstridande meldingar frå militsgruppa til Omar al-Hasi, som seier at dei ikkje vil delta i nokre forhandlingar, og at den einaste løysinga som finst er at dei avvæpnar sine motstandarar. Det skriv Al-Jazeera.

– Eit internt problem

Misrata-militsen i kampar ved flyplassen i Tripoli

Ein av Libyas militsar, Misrata-militsen, i kampar ved flyplassen i Tripoli i august i år. Militsen er berre ei av mange grupper som krigar i Libya.

Foto: Uncredited / Ap

Vikør trur ikkje FN har noko lett jobb framfor seg.

– Dette er eit internt problem, og eit strukturproblem, så FN og andre utanfrå kan ikkje gjere så mykje. Dei kan likevel vere med og prøve å dempe motsetnadane, og kanskje skape rom for samtalar mellom fraksjonane, seier Vikør.

FN har sett seg mål om å hjelpe til i arbeidet med å få til eit rammeverk som partane kan bruke på vegen fram mot ei stabil regjering i landet. Seinast i slutten av august innførte FNs Tryggingsråd sanksjonar mot fleire av militsane og støttespelarane deira. Det vart også innført ein våpenembargo mot landet.

Under Tryggingsrådsmøtet uttalte Libya sin FN-ambassadør at han frykta landet kunne stå på randa av ein borgarkrig.

– Eg har alltid utestengd moglegheita for borgarkrig, men situasjonen er endra no, sa ambassadør Ibrahim Dabbashi under FN-møtet.

Vil sette dato for forhandlingar

FN si utsending til Libya Tarek Mitri sa på same møtet at samanstøytane i sommar har vore særs alarmerande. Ifølgje han var rundt 100.000 personar internt fordrive i landet, og ytterlegare 150.000 har flykta ut av landet, inkludert framandarbeidarar.

No er håpet at partane skal bli einige om ein dato der makta i landet skal bli offisielt overført frå det førre folkevalde parlamentet til ei ny lovoforsamling som er internasjonalt anerkjent.

– Å få einigheit om desse punkta vil tillate ytterlegare diskusjonar rundt spørsmåla om regjeringsmakt, den politiske maktoverføringsprossesen og arbeidet med å føre institusjonar tilbake til ein normaltilstand, heiter det i den offisielle planen til FN.

Norsk fly Nato

Eit av dei norske F-16-jagarflya landar på Kreta etter gjennomførte angrep i Libya, 25. mars 2011. Ifølgje forsvaret slapp flyet ut styrte bomber mot stridsvogner på bakken.

Foto: Lars Magne Hovtun / Forsvaret/Scanpix

– Kunne ikkje akseptert diktatur i lengda

Om ein går tre år tilbake var det nettopp i FN at ein avgjerande resolusjon vart vedteken. Tryggingsrådets resolusjon i mars 2011 opna for at «alle naudsynte middel» kunne takast i bruk for å beskytte sivile i Libya. To dagar seinare starta ein Nato-leia operasjon som angreip regjeringsstyrkane som var på veg inn i byen Benghazi.

Angrepa mot Libya var omstridde, og hausta kritikk mellom anna frå Den afrikanske unionen og Russlands president Vladimir Putin. Tre år etterpå har Vikør framleis ikkje noko klar meining om det var riktig av Nato å gå til angrep.

– Opprøret mot Gaddafi kom uavhengig av Nato. Dei kom inn seinare. Så borgarkrigen hadde kome likevel. Alternativa var difor anten å ikkje gjere noko, la Gaddafi vinne og la diktaturet fortsette, eller å la opprørarane vinne, slik dei gjorde, og som førte til det kaoset me har i dag. Det er ikkje lett å sjå i ettertid kva som var best av dei to alternativa, seier Vikør.

– Er det som har skjedd i Libya eit døme på at ein autoritær leiar av og til kan vere betre for å halde eit land stabilt?

Byggning i Tripoli i brann i august 2014

Ein bygning er sett i brann i Tripoli i august i år. Libya har vore råka av krig heilt sidan diktator Muammar Gaddafi vart drepen av opprørarar i oktober 2011. No vert det gjort nok eit forsøk på å skape ei regjering i landet, og FN vil prøve å leggje til rette for samtaler mellom dei to største gruppene.

Foto: ISMAIL ZITOUNY / Reuters

– Når ein har eit diktatur, så er det ikkje akseptabelt å godta det på uavgrensa tid, men revolusjon fører gjerne til kaos etterpå. Derimot var det, både i Libya, Irak og andre land som gjorde dette, tvilsamt om det er rett å ha ein politikk som seier at «ingen som har delteke i det gamle regimet kan ha ein plass i det nye», seier Vikør.

Han viser til at ein slik regel førte til at kompetente personar vart utestengt frå å vere med på oppbygginga av ein ny libysk stat.

– Det må truleg bli gitt plass for ein form for kontinuitet mellom det gamle, autoritære styret og det nye. Kanskje ein overgang over lang tid. Men i eit land som Libya, der staten var så svak alt under Gaddafi, så ville det uansett ha blitt vanskeleg, avsluttar Vikør.

SISTE NYTT

Siste nytt