– Hadde det betre under Gaddafi

Libya opplever i desse dagar den blodigaste uroa i landet sidan opprøret som styrta diktaturet i 2011. – Folk flest hadde det betre under Muammar Gaddafi, seier Libya-ekspert Knut Vikør.

Sjølvmordsåtak mot militærbase i Benghazi 22.juli

Ei svak sentralmakt har gitt regionale militsgrupper i Libya blod på tann. No kjempar dei om herredøme over dei største byane og valden er på sitt verste sidan kampane som resulterte i diktatoren Muammar Gaddafi sitt fall i 2011. Biletet er frå eit åtak i Benghazi den 22. juli.

Foto: ABDULLAH DOMA / Afp

Optimismen var stor. Ressursrike Libya skulle gå ei lys, fredeleg og demokratisk framtid i møte etter at opprøret i 2011 tok livet av Muammar Gaddafi og det 42 år gamle diktaturet hans.

Slik har det ikkje blitt.

Dei siste to vekene har Libya vorte råka av den dødelegaste valden sidan borgarkrigen. Totalt har 97 menneske mista livet i kampane. 400 menneske er såra, opplyser helsedepartementet i landet.

– Fleirtalet av dei libyske borgarane hadde det betre under det sterke sentralstyret til Gaddafi, seier Knut Vikør, som er professor i Midtausten-historie ved Universitetet i Bergen og ekspert på Libya.

– Meir utrygge no enn før

Knut Vikør

- På lengre sikt er det vanskeleg å sjå at dei ulike militsane i Libya skal kunne sameina seg i ein felles nasjonalstat, seier Knut Vikør, som er professor i Midtausten-historie ved Universitetet i Bergen og ekspert på Libya.

Foto: UiB

Med støtte frå ein internasjonal Nato-leidd militærintervensjon, inkludert bidrag frå norske jagarfly, greidde opprørarane omsider å storma den libyske hovudstaden Tripoli. Det resulterte i drapet på Gaddafi, som hadde styrt Libya med jernhand sidan han tok makta i eit militærkupp i 1969.

Jubelen var stor, både i og utanfor Libya. I 2012 blei det skipa til val på ny nasjonalforsamling. Det første nasjonale, frie valet i Libya på 60 år. Historisk.

Men forsøket på å byggja eit nytt stabilt statsapparat har stranda. Den nye sentralmakta manglar autoritet og har ikkje klart å gje trygge og gode levekår til dei om lag seks millionane som bur i den nordafrikanske republikken.

I staden herjar regionale militsgrupper landet. Det er hegemoni over sjølvaste hovudstaden det står om i kampane som no har utløyst den verste valdsspiralen sidan borgarkrigen i 2011.

– Diktaturet er jo borte, men dei som ikkje var i direkte konflikt med staten den gongen, vanlege folk, føler nok at situasjonen har blitt verre. Dei lever i langt større grad av utryggleik no enn før. I tillegg er økonomien dårleg og kriminaliteten aukar, utdjupar Vikør.

Misrata-militsen i kampar ved flyplassen i Tripoli

Misrata-militsen kjempar for herredøme over flyplassen i Tripoli som lenge har vore kontrollert av hovudfienden - Zintan-militsen.

Foto: Uncredited / Ap

Ein kamp om makt

Libya er eitt av dei rikaste landa i Afrika. Dei store oljereservane gir eit visst framtidshåp, men den vedvarande uroa hindrar utvikling og vekst.

På den eine sida av blodbadet står Zintan-militsen frå fjellområda i sør. På den andre sida ein milits frå Misrata.

Konflikten er ikkje tufta på verken ideologi eller etnisitet, slik som er tilfelle i mange andre i regionen. Likevel blir den ofte feilaktig presentert som ein strid mellom islamistar og andre, ifølgje Vikør.

– Dette er reine maktkampar. Dei regionale militsane som stod saman i kampen mot Gaddafi har vendt seg mot kvarandre, fortel professoren.

Det som i utgangspunktet har vore ein regional maktstrid mellom to byar har eskalert til ei rivalisering om kontroll over større delar av Libya.

– Kampane er intense og dødelege

Flyvrak på flyplassen i Tripoli

Utbrende 'flyskjellett' ligg strødde rundt på den internasjonale flyplassen i Tripoli etter harde kampar mellom rivaliserande militsar.

Foto: HANI AMARA / Reuters

Rakettane har i det siste hagla mot hovudflyplassen i Tripoli og sørlege delar av millionbyen ser ut som ei slagmark.

Med nokre få kilometers avstand har militsane etablert seg med sperreeld og luftvernkanonar. Eit oljedepot med seks millionar liter drivstoff står i full fyr. Det statlege oljeselskapet åtvarar om katastrofale følgjer for både menneske og miljø, og ei rådvill libysk regjering ber om internasjonal hjelp.

– Kampane som dei to siste vekene har herja dei to største byane, Tripoli og Benghazi, har vore intense, dødelege og viser få teikn på å spakna, seier BBC-reporter Rana Jawad, som er i Tripoli.

FN sine forsøk på å få politiske partar og militsgrupper til forhandlingsbordet har så langt feila.

Tysdag tek USA, TYskland, Frankrike, Storbritannia og Italia til orde for ei våpenkvile i Libya og at FN får ei rolle med å skapa stabilitet i det valdsråka landet.

– Dei fem stats- og regjeringssjefane fordømmer valden mot sivile, trakasseringa av diplomatar og samanbrotet av den politiske prosessen, heiter det i ei fråsegn frå den tyske regjeringa.

Langt unna felles nasjonalstat

Det internasjonale samfunnet set no sin lit til at dei nye folkevalde etter parlamentsvalet i juni i år har med seg friskt mot og gode løysingar når dei har sin første sesjon i august.

Libya-ekspert Vikør ser ingen grunn til optimisme på kort sikt.

– Det er ingenting som tyder på direkte kortvarig betring. Kampane me ser no vil truleg døy bort etter kvart som ein av de to partane finn ut at den andre er sterkare. På lengre sikt er det vanskeleg å sjå at desse ulike militsane skal kunne sameina seg i ein felles nasjonalstat.

Den 114 år gamle staten står med andre ord på vaklande bein.

Ei deling av Libya i fleire statar er uansett ikkje ei god løysing. Libya blir nemleg rekna som det mest fragmenterte landet av alle i arabarverda, med over 140 stammar og klanar.

– Det ville jo blitt eit lappeteppe av bitte små statar. På sikt kan Libya greia å løysa denne konflikten, men det trengst nok ein lang mogningsprosess før dei ulike gruppene greier å samla seg ein felles stat og nasjon, seier Vikør.

SISTE NYTT

Siste nytt