– Eg vil gi dei verktøya dei treng for å utforske verda, seier Roya Mahboob, leiar for selskapet Digital Citizen Fund.
Mahboob er den første kvinnelege teknologisjefen i Afghanistan, og arbeider for at jenter og kvinner skal få teknologisk kompetanse. Ho trur det kan vere ein måte for kvinner å få meir fridom på.
For fridommen til jenter og kvinner i Afghanistan blei på nytt kraftig innskrenka i 2021, då USA trakk seg ut av Afghanistan. Verda blei vitne til kaotiske scener med desperate menneske som klamra seg til amerikanske fly i Kabul, i håp om å flykte.
Tusenvis prøvde å flykte då Taliban tok kontroll i Afghanistan i august 2021.
Foto: Wakil Kohsar / AFPTilbaketrekkinga enda med at Taliban på nytt kom til makta. 20 år med framgang for kvinner i Afghanistan er no sett tilbake av Taliban, skriv FN.
Afghanske jenter og kvinner er gjennom fleire forbod tvungne til å halde seg heime.
Konkurrerande robotlag
Mahboob lærer unge jenter å kode, programmere og om robotteknologi, i tillegg til engelskundervising.
I 2017 oppretta ho Afghan Girls Robotics Team, eit robotlag med 12 jenter som driv med robotteknologi, og som deltek i internasjonale konkurransar.
Etter at Taliban tok kontroll over Afghanistan, evakuerte fleire av jentene til Qatar. Der får dei halde fram med utdanninga innan teknologi.
Mahboob ønsker å gi kvinner økonomisk fridom gjennom utdanning innan teknologi.
Foto: Roya Mahboob / Digital Citizen FundInternett endra livet hennar
Mahboob fortel entusiastisk til NRK om første gongen ho fekk bli med faren og broren på internettkafe. Då oppdaga ho moglegheitene som finst på internett. Det endra livet hennar, og dette vil ho dele med andre jenter og kvinner.
Ho synest det er skummelt å tenke på framtida viss ikkje ein førebur dei yngre generasjonane på jobbane som vil kome. Gjennom teknologisk kompetanse ønsker ho å gjere afghanske jenter klare til desse jobbane kjem:
– Dette er framtida. Vi må ha kvinneleg representasjon der.
Teknologi har inga grense
Å jobbe med teknologi, gjer at ein kan jobbe heimafrå:
– Dei kan framleis vere heime og tene pengar. Så lenge dei ikkje går ut, kan dei ikkje kontrollere det, seier Mahboob.
Roya Mahboob er den første kvinnelege teknologisjefen i Afghanistan.
Foto: Mirwais Moquim / NRKGrunnen til at ho valde nettopp teknologifeltet, var at arbeidet hennar ikkje kan bli avgrensa av ei fysisk landegrense. Har ein kompetanse og kan engelsk, kan ein jobbe for bedrifter i utlandet.
– Ein treng berre ein PC og ferdigheitene, seier ho.
Men Taliban har gjort det vanskelegare. I mars blei utdanningsaktivisten Matiullah Wesa arrestert for «mistenkeleg aktivitet». Han har arbeidd for kvinner sin rett til skulegang, og har drive hemmelege skular for jenter sidan Taliban kom til makta.
Før hadde organisasjonen til Mahboob 13 fysiske senter, no har dei berre eitt att, i Kabul. No skal ho starte opp ein nettskule. Ho har trua på at internett kan gjere det mogleg for ho å fortsette arbeidet.
Målet er opne ein fysisk vidaregåande skule med ein gong det er lov, med STEAM-opplæring.
I tillegg til at Taliban har stengt kvinneuniversiteta i Afghanistan, har dei også stengt alle organisasjonar som jobbar for kvinner sine rettar, fortel Mahboob:
– Dei tok fridommen til kvinnene.
Tru på den yngre generasjonen
Men ho trur ikkje det blir enkelt framover for Taliban. Ho har stor tru på den yngre generasjonen.
Afghanske kvinner demonstrerte i april mot at utenlandske land anerkjenner Taliban-regjeringa.
Foto: AFP– Dei gløymde at Afghanistan har 27 millionar innbyggarar under 25 år. Dei vaks opp med telefon, TV, ytringsfridom og borgarrettar, fortel ho.
I tillegg meiner Mahboob det er forskjell på kvinner i dag og førre gong Taliban styrte, på 90-talet:
– Afghanske kvinner er sterke. Dei vil kjempe for rettane sine. Vi er annleis, vi er ikkje som dei eldre generasjonane.
Høyr også: