Uganda

På gata utanfor kan sjølv eit lite armband skape trøbbel.

Uganda

På innsida fortel kvinnene mørke historiar om livet som homofil.

Uganda

Og nyleg vart alt mykje verre.

Regnbogekvinnene som Uganda hatar

Kvinnene som Uganda hatar

Ho ser ikkje ut som ein kriminell, men i Uganda meiner folk at ho er farleg.

Familien vil ikkje ha noko med ho å gjere.

Dei seier ho er ekkel og at dei skammar seg over henne.

– Men eg klarer ikkje å endre meg. Det er kjensler eg har, djupt inni meg. Eg kan ikkje endre på dei, uansett kor hardt eg forsøker.

«Susan» snakkar lågt, men bestemt.

– Eg berre håper at eg kjem levande gjennom dette.

Ei anonym kvinne er heilt mørk, men med ein lysegrå bakgrunn bak seg. Ho ser i retning av kamera.

«Susan» må vere anonym. Ho risikerer årevis bak lås og slå om ho lever slik ho helst vil.

Foto: NRK

Ho heiter sjølvsagt ikkje «Susan», men berre det å vise ansiktet er farleg for slike som ho.

Ho lever på ei løgn. Det må ho, for då ho våga å opne opp skapet som ho vart fødd i, så kom døra knallhardt i retur.

Risikerer årevis i fengsel

«Susan» var ung då ho skjønte at ho var litt annleis.

– Då me var små pleidde søskenbarna mine å komme på besøk, og me såg på bilete og video frå ulike bryllaup. Dei snakka masse om kven dei ønska å ha som brudgom, og kor kjekk han ville sjå ut. Eg sat berre og tenkte at eg ønska at eg var i brudgommens sko.

Så lenge «Susan» har levd har det vore ulovleg å vere homofil i Uganda.

No er alt verre, for tidlegare i år vart lovene stramma endå meir inn. Slike som ho risikerer årevis i fengsel om dei lever livet slik dei aller helst ønsker.

For nokre skeive ugandarar kan det i verste fall ende med livstid i fengsel eller dødsstraff.

Les Ugandas nye anti-homolov

Lova vart banka gjennom med brei støtte i Ugandas parlament. Saka skapte debatt, men debatten handla ikkje om å vere mot eller for homofili.

Den var stort sett mellom dei som hata homofile, og dei som ikkje hata dei mykje.

Debatten vart starten på ein ny turbulent periode for Ugandas skeive, der meiningane var mange, harde og brutale.

– Eg ringde til alle venene mine då nyheitene om lova kom. Me var alle fortvila. Nokre tok overdose på dop, andre forsøkte å ta livet sitt. Eg hadde også sjølvmordstankar, og tenkte «Gud, kva gjer eg no».

Ein illustrasjon av ei ung afrikansk kvinne som ser på ei TV-sending der dei annonserer at Uganda har fått ei ny lov mot homofili.

Susan følgde med då Ugandas parlament vedtok endå strengare anti-homolovar.

Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

NRK møter ho på eit senter for lesbiske i Ugandas hovudstad Kampala.

Frå utsida ser tomta ut som alle andre tomter i byen, med ein stor einsfarga port som inngang.

Men når porten opnar seg kjem den fargerike innsida til syne. Den er måla i regnbogefargar. På tomta står ei lita husklynge med ein koseleg hage.

Det er hit «Susan» kjem for å senke skuldrene av og til. Ute i gata er slike som ho nesten usynlege. Men innanfor regnbogeporten er det heilt greitt å vere annleis.

For «Susan» har det aldri vore nokon tvil. Ho veit at ho likar jenter, og slik er det berre. Ho veit også at det å vere lesbisk ikkje er eit val, og at det vert sett på som normalt andre stader i verda.

Men ikkje i Uganda. Der kan livet på skeiva vere grufullt.

Og det veit «Susan» alt om. Absolutt alt.

For ho har endå ikkje rukke å fortelle dei verste historiane.

Om vald, neddoping og valdtekt.

Fengsel for å støtte homofile

– Wow. Sjå på ho. Så vakker ho er.

Amek smiler stort og viser fram biletet på mobilen til sidekvinnene. Ho har nettopp lært seg noko nytt. Med mobilen tryllar ho fram dei vakraste kvinner.

Det er kurs i kunstig intelligens på den vesle tomta i Kampala, og Amek leiar arbeidet som skjer bak den regnbogefarga porten.

Dei uekte personane som mobilen tryllar fram kan brukast til å lage reklame- og kampanjemateriell.

Å bruke bilete av ekte homofile ugandarar er farleg. Så då gjeld det å finne nye vegar, meiner Amek.

Ho er oppteken av å skape fellesskap. Difor har ho starta eit «safe house», som er eit kollektiv kor unge lesbiske kvinner deler husrom og mat.

Sidan det er ulovleg å støtte slike prosjekt økonomisk lagar dei unge kvinnene ulike produkt som dei kan selje, slik som armband, puter og notatbøker.

Uganda

Kvinnene deler eit soverom full av køyesenger. Her søker dei tilflukt etter at familien kasta dei ut.

Foto: NRK

Amek er ansvarleg for det heile og veit at det kan koste ho fridomen. 20 år i fengsel kan bli straffa om ho vert dømd for «promotering av homofili».

– Kanskje eg aldri får sett fruktene av arbeidet me legg ned, og at eg kan få gifte meg med min partnar ein dag, men uansett så skal eg fortsette å skape trygge tilfluktsstader for slike som oss, seier Amek.

Amek er ei afrikansk kvinne med mørk hud og kort krøllete hår. Ho ser inn i kamera medan ho snakkar. Ho har rød bluse, og eit stoert brunt smykke. I øyrene har ho store øyredobbar som er forma som kartet over Afrika. Ho har piercing i høgre nase og over venstre auge.

Amek styrer ein organisasjon for lesbiske kvinner i Uganda.

Foto: NRK

– Homofili er ein trugsel mot Uganda

– Homofili er verken genetisk eller hormonelt. Det er ein psykologisk forstyrrelse der folk har erfart noko som får dei til å hate menneska dei burde ha elska, og elske menneske dei ikkje burde elske. Det er ein form for sjukdom.

Det er eit av Yoweri Museveni sine utsegn om homofili. Presidenten i Uganda har også kalla homofili for «ekkelt», og han godtok lova som parlamentet vedtok - men med nokre justeringar.

Uganda parliament passes harsh anti-LGBTQ bill mostly unchanged in Kampala

Politikarar i parlamentet i Uganda feirer anti-homolova etter vedtaket i mai i år.

Foto: ABUBAKER LUBOWA / Reuters

Då saka var oppe til debatt brukte politikarane i Uganda fleire velkjente argument.

Fleire meiner homofile er ein trugsel mot Ugandas barn. Det er ikkje uvanleg at pedofili og homofili blir jamstilt.

Mange viser til vers i Bibelen eller Koranen.

Då parlamentet debatterte det nye lovforslaget meinte enkelte til og med at heile landets eksistens stod på spel.

– Om me ikkje står på vårt vil dei komme med nye krav. Blir ikkje lova innført, så vil x, y og z vere det neste som skjer. Så om me ikkje viser styrke no, som land, folk og samfunn, så vil me totalt miste vår suverenitet og sjølvstende som land, sa Asuman Basalirwa.

Bugiri Municipality Member of Parliament Asuman Basalirwa, and the mover of the anti-homosexuality bill addresses a press conference in Kampala

Representanten som fremma forslaget, Asuman Basalirwa, med den signerte lova.

Foto: ABUBAKER LUBOWA / Reuters

Bakgrunnen for utsegnet er påstandane om at homofili er noko Europa og USA vil innføre i Afrika. Eit stort fleirtal meiner homofili er u-afrikansk.

Amek synest heile debatten er dobbeltmoralsk og uopplyst.

– Kristendommen kom med kolonialisme. Og homofili fanst allereie her frå før. Kva seier folk om det? Ingen vil snakke om det, alt dei vil seie er at livet dykk lever er ikkje kristeleg nok, seier Amek.

«Susans» tunge historie

– Då eg snakka med mor om det no som eg har blitt vaksen, så fann eg ut at ho visste om at eg vart valdteken.

«Susan» er i ferd med å opne opp om livets mørkaste kapittel. Som då ein nær slektning tvang seg til å ha sex med ho då ho var yngre.

En ung kvinne sitter sammenkrøllet på en seng, mens en mann står bortenfor og knepper sammen buksene.
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

– Mor mi lét det skje fordi ho tenkte kanskje det kunne lege meg, og få meg bort frå å vere lesbisk.

«Susan» har alltid vore ei gutejente, og mora mistenkte at dottera var lesbisk.

– Det er så rart. Heile familien min veit om det som skjedde, og dei sa til slektningen min at det han gjorde var ein bra ting. Også vert eg ståande att som personen som har gjort noko gale.

«Susan» er ikkje den einaste skeive i Uganda som fortel om korleis dei vert tvungne til å ha sex med det motsette kjønn.

Fleire i Uganda trur homofile kan la seg omvende om dei først opplever heterofil sex.

Fleire trur også at bøn kan omgjere homofile til heterofile. Og kvinnene NRK møter fortel også om ei frykt for tvangsekteskap med ein mann.

Familien til Susan meiner homofili kan «kurerast» gjennom psykiatrisk behandling.

– I fjor overhøyrde eg tantene mine seie til mor mi: «Send ho til psykiatrisk behandling fram til ho støyter frå seg sine homofile synder. Og det er først då ho får kome ut igjen.».

– Og eg høyrde bestemora mi seie «om ho nokon gong set sine føter i mitt hus, så skal eg hogge armen av ho og kutte ho opp i bitar».

Tre afrikanske kvinnar er sinte og peikar på kvarandre. Dei diskuterer. I bakgrunnen kan ein sjå nokon stå og lytte på samtalen.

Susan overhøyrde ein samtale mellom si mot, sine tanter og bestemor. Den var brutal.

Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

I Uganda er folk heilt avhengige av familien sin, og mora til Susan gjekk med på kravet frå systrene.

«Susan» vart sendt på psykiatrisk institusjon. Der delte ho seng med psykisk sjuke personar.

Sjølv var ho ikkje psykisk sjuk, berre homofil. Men i Uganda er det to sider av same sak.

– Doktorane ville ikkje ta på meg. Folk sa til kvarandre «ikkje ta på hendene hennar», for dei meinte tydelegvis at dei var skitne, seier Susan.

Opphaldet på institusjonen var eit mareritt. Ho vart utsett for vald frå medpasientar og tilsette.

Alle visste kvifor «Susan» var der, og ingen likte det.

Illustrasjon av ei ung kvinne som sit på ei seng og kikkar bort på ein person som står med ei kølle i handa. Det ser ut til å vere på ein institusjon, fordi personen har på seg klede som tilsette på institusjonar har.

Vald og neddoping var nokre av metodane på den psykiatriske institusjonen kor Susan hamna.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

«Susan» vart dopa ned fleire gonger. Om ho stilte kritiske spørsmål og viste motvilje var ofte løysinga til legane å dope henne ned.

Då mora etter kvart kom på besøk forstod ho at dottera måtte ut av den psykiatriske institusjonen.

– Mor såg kor ille eg hadde det, og ho bad meg tynt om å leve i sølibat. Ho sa «resten av familien vil ikkje like deg, men eg kan akseptere deg, hjelpe deg å ta ei utdanning og vere der for deg», fortel Susan.

Og slik vart det. Susan lova mora å leve eit liv utan sex, og fekk komme heim att.

– Lyg du for mor di?

– Ja, eg klarer ikkje å leve i sølibat, men på same tid vil eg ikkje tilbake til det psykiatriske sjukehuset, seier Susan.

Ho har fortalt om livets mørkaste stunder. Mora trur ho er på skulen, og veit ikkje at ho snakkar med ein journalist.

No må ho skunde seg tilbake slik at mora ikkje blir mistenksam.

– Kva framtid drøymer du om?

– Eg ber til Gud om at eg finn ein snill partnar, at me kan bruke surrogati og få så mange barn som mogleg, seier Susan og smiler.

– Du ønsker berre å leve i fred?

– Ja, leve i fred. Og vere fri.

-----------------------------------------

Av omsyn til «Susans» tryggleik har ikkje NRK hatt moglegheit til å innhente reaksjonar frå mora eller annan familie. Av tryggleiksårsaker har det heller ikkje vore mogleg å oppsøke institusjonen kor ho var pasient.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?