Hopp til innhold
Korrespondentbrev

«Susan» og livet på regnbogens skyggeside

Å vere homofil europear i Afrika kan ha sine utfordringar. Men det kan ikkje samanliknast med livet mange skeive afrikanarar lever.

Lesbiske "Susan" fortel om sine mørkaste stunder. Til høgre, korrespondent Vegard Tjørhom.

«Susan» har gått inn igjen i skapet. Livet utanfor vart brutalt slik situasjonen er i Uganda i dag.

Foto: NRK

Kamera har starta opptak, og lyset er perfekt justert. Det er dunkel belysning i det vesle rommet. Me vil skjule identiteten hennar, og samtidig høyre kva ho har å fortelje.

Frå den mørke silhuetten kjem det bekmørke livshistorier.

Det «Susan» fortel er så brutalt at eg begynner å tenke på korleis ho finn motivasjonen til å halde det gåande.

Og med det same eg har tenkt det, så kjem ho med historia om den gongen ho faktisk ikkje ville halde det gåande lengre.

Då ho strakte armane ut framfor seg og la kroppen sin vassrett ned i elva. Vel vitande om at ho ikkje kan symje i det heile tatt.

«Alt blir bra?»

Me valde å kalle ho «Susan» då me fortalde om det lesbiske bukollektivet i Uganda.

«Susan» drukna aldri. Ho lever, men ikkje slik ho ønsker. Ho fortel om draumen ho har: Å finne ei snill, vakker dame som elskar ho tilbake.

Men Susans draum har så langt berre vore eit mareritt. Ho har gått inn igjen i skapet.

Då ho fortalde sanninga om seg sjølv svarte fleire i familien at dei vel så gjerne skulle sett ho død.

"Susan" deler si historie med NRK.

«Susan» kan ikkje vise ansiktet sitt. Ho har lova mor si å leve i sølibat resten av livet.

Foto: Vegard Tjørhom

Eg har så lyst til å seie: «Alt blir bra til slutt». Det er jo slikt me seier til unge homofile i Noreg som slit med å finne sin plass i ungdomsåra. Eg hugsar dei orda var til trøyst også for meg i ungdommen.

Men eg kan ikkje seie dei orda til Susan. Det er ingen teikn til at alt vil bli bra.

For med bibel og koran i hendene har Ugandas mektigaste gjort livet til slike som ho til eit levande helvete.

Les også Kvinnene som Uganda hatar

Uganda

Harde skuldingar mot Ugandas homofile

Eg og «Susan» er del av den same regnbogefamilien, og me lever på same kontinent, men likskapane mellom oss er likevel veldig få.

I fullt alvor blir Ugandas homofile peikt ut som trugslar mot både barn og den tradisjonelle ugandiske familiemodellen. Ja, nokon meiner til og med at Ugandas homofile er agentar for Vesten og difor ein trugsel mot rikets sikkerheit.

Uganda har i år fått nye anti-homolovar. No kan homofili i verste fall gje dødsstraff, og i ein del andre tilfelle føre til årevis i fengsel.

Som journalist forsøker eg alltid å sjå begge sider og formdle vidare ulike syn av ei sak. Men Ugandas homopolitikk er så stappfull av dobbeltmoral at eg slit med å finne nokon form for balanse i dekninga.

Bølgeblikk og korrupsjon

Ta til dømes fleire av parlamentarikarane som var sentrale i vedtaket om dei nye strenge homolovane. Dei kan neppe ha lest bibelversa om det å kaste den første stein eller sjå bjelka i sitt eige auge.

For samtidig som dei bruker makta si til å fordømme homofile synder, så bruker dei også makta til å bryte det sjuande bodet: Du skal ikkje stele.

For ei rekke av politikarane var innblanda i ein korrupsjonsskandale samtidig som dei sørga for at homodebatten rulla for fullt og tok masse merksemd.

Leiar for Ugandas parlament, Anita Among, var sentral både i bølgeblekkskandalen og arbeidet med å få på plass anti-homolovar.

Leiar for Ugandas parlament, Anita Among, var sentral både i bølgeblekkskandalen og arbeidet med å få på plass anti-homolovar.

Foto: Reuters

Denne gongen var det bølgeblekk som stod i sentrum for korrupsjonen. Blekkplater som skulle fungere som tak på jordhytter i Ugandas fattigaste region, Karamoja, hadde på mystisk vis hamna på stader ugandiske politikarar hadde eigarskap til.

Bølgeblekkskandalen skapte sinne, og det heile var ein flau affære der rike tok frå dei fattige.

Blant homofile aktivistar har ein diskutert om det er denne og andre korrupsjonsskandalar som gjorde til at politikarane sette i gang nye rundar med populistiske anti-homodebattar.

Og om Ugandas politikarar først skal fungere som «tilsynet for høg moral», så hadde det vore langt meir nyttig å sette ein stoppar for at menn kan stikke av frå sitt nyfødde barn.

Mange ugandiske kvinner er åleinemødrer etter at barnefaren har stukke av. Slikt skaper problem både for mora, barnet og det ugandiske samfunn.

Eit bukollektiv for lesbiske er førebels ein trygg plass for skeive ugandiske kvinner.

Eit bukollektiv for lesbiske er førebels ein trygg å vere for kvinnene NRK møtte i Kampala.

Foto: NRK

Bokstavtru tolking og amerikanske misjonærar

Men det er altså dei homofile det skal innførast strengare lovar mot. Kvifor det?

Det er fleire grunnar. Fordommane er mange, samtidig som det er ein framand tanke at homofili også kan omfatte forpliktande samliv utover det seksuelle.

Homofili og pedofili kan fort bli omtalt som to sider av same sak, og dermed blir homofile sett på som farlege for barn.

I tillegg er religion veldig viktig for mange i Uganda, og det er høgst vanleg å tolke Bibelen bokstaveleg.

Sentralt i anti-homo-debatten står fleire religiøse leiarar, og fleire av dei er støtta av pengesterke amerikanske misjonærar som har sett fart på homodebatten i Uganda etter å ha tapt fleire slag på heimebane.

Homofilimotstanden i Uganda er eit ekstremt tilfelle, men samtidig ikkje unik i Afrika. Berre eit fåtal av dei 54 landa på kontinentet anerkjenner homofili som ein samlivsform.

Sjølv bur eg i Kenya, der homofili kan gje fengselsstraff. Lova som stammar frå kolonitida er riktig nok særs lite praktisert. Det betyr likevel ikkje at det er fritt fram.

Les også Verdas homokamp

Ei jente lukkar auga og dansar, ho har eit regnboge-flagg som kappe på seg.

Best å teie stilt

For den sosiale gapestokken kan vere vel så tøff. Også i Kenya møter opne homofile mykje motstand frå familie, vener eller arbeidsplass.

Difor er homofili noko ein held hemmeleg. Så lenge ein ikkje snakkar om det, så går det som oftast bra.

Mi erfaring er at ein som europear kan sleppe unna med mykje, mens ein afrikanar som oftast blir vurdert ut frå andre forventingar.

I kommentarfelta på nettet meiner mange at homofili er ein slags import av øydelagd seksualmoral frå Europa og USA.

Det kan verke som dei meiner at det å stå opp mot homofili er det same som å stå opp for afrikanske verdiar, og at ein difor må hindre at homofili spreiar seg til Afrika.

Men homofili har spreidd seg til Afrika for lengst. Ingen har kunne påvise at afrikanske genar er homofrie. Og eg møter stadig folk som slår ut på radaren. Det er trist å vite at dei ofte må legge band på kjenslene sine i frykt for kva konsekvensane kan bli.

Anti-homo-demonstrasjon i Nairobi, Kenya etter at høgsterett slo fast at homofile organisasjonar fekk lov til å eksistere.

Anti-lhbt-demonstrasjonar i Nairobi i september i år, etter at kenyansk høgsterett slo fast at skeive organisasjonar skal få lov å eksistere.

Foto: Reuters

Finst også lyspunkt

Om ein skal sjå meir optimistisk på det heile, så finst det også fleire afrikanske stemmer som meiner at folk skal få bestemme sjølve korleis dei vil leve livet sitt, så lenge det ikkje er til skade for andre.

Og det finst afrikanske land der debatten er langt mindre fordomsfull enn i Uganda. Og også i Uganda kan du finne homofile her og der, men det er ikkje utan risiko at dei forsøker å leve utanfor skapet. Og dei som har minst nettverk og tommast lommebok er dei aller mest sårbare.

Afrikanske homofile har fleire gonger demonstrert for å få betre rettar. Her frå Nairobi i 2014.

Afrikanske homofile har fleire gonger demonstrert for å få betre rettar. Her frå Nairobi i 2014.

Foto: Ap

Går me nokre generasjonar tilbake i Noreg ville likskapane med dagens Uganda vore mange fleire. Homofile finst og dei skaper eigne undergrunnsmiljø. Men samfunnet ser ned på dei, og straffar dei.

Hadde eg vakse opp i Noreg på Kim Friele si tid er eg langt frå sikker på om eg hadde vore like tøff som det «Susan» var då ho forsøkte å leve som den ho er.

Akkurat no er det Ugandas versjonar av Kim Friele som kjempar sin livs kamp, på vegner av seg sjølv og framtidige generasjonar ugandarar.

Kanskje vil også dei ein dag få gater og statuar oppkalla etter seg. Kanskje vil dei kunne bruke regnbogefargar utan å risikere vald og hets.

Og kanskje vil det snart bli mogleg å seie også til unge skeive ugandarar at: «Alt blir bra til slutt».

SISTE NYTT

Siste nytt