Korleis funkar ein frityrkokar og støvsugar?

Dei har vakse opp utan straum i heimen. No skal dei bli hushjelp på ein annan kant av verda.

Også hijab er nytt. Målet er Saudi-Arabia, og draumen er ei eiga inntekt.

Men for nokon blir draumen eit mareritt.

Hushjelp eller moderne slave?

Draumen om ei inntekt blir ofte mareritt for ugandiske migrantar

– Eg har verkeleg forsøkt hardt å finne ein jobb her i Uganda, men eg finn ikkje noko, seier Sarah Ayano.

I Saudi-Arabia kan eg finne meg ein jobb. Difor vil eg dra dit.

Det er berre nokre dagar igjen til Sarah for første gong skal reise ut av heimlandet Uganda. No sug ho til seg all kunnskap ho kan få.

Ugandiske kvinner som skal bli hushjelper i Saudi-Arabia lærer å bruke ein steikeovn

Sarah Ayano, lengst til høgre, går på kurs for å lære det ho treng for å bli hushjelp i Saudi-Arabia.

Foto: Luke Dray / NRK

Ho har høyrt skrekkhistorier om kva andre ugandiske kvinner har erfart i Saudi-Arabi. Men ho har også høyrt om dei som har tent pengar. Langt meir pengar enn ho kan tene på åkeren heime i landsbyen.

Kvinnene er vaksne opp i fattigdom. Det er mykje nytt dei opplever allereie ved å reise til hovudstaden Kampala, slik som asfalt, innlagd straum og det å spyle ned i do.

Sarah Ayano er vaksen opp i Serere, ei slags halvøy i ein innsjø sentralt i Uganda. Jobbmarknaden der er stort sett avgrensa til ei av dei mange tusen åkerlappane.

Serere, åkre

Serere er eit av Ugandas fattigaste område, der åkrane ligg tett, men jobbane er få.

Foto: Google

Men Sarahs draum vert ikkje oppfylt i ein åker. Ho vil bli del av ein aukande trend, der slike som ho – unge afrikanarar – reiser til utlandet for å jobbe.

Åleinemora har reist frå barnet, som bestemora tek ansvar for. Sjølv skal ho reise langt av garde.

– Det er vondt å reise frå barn og familie, men det er også vanskeleg å la vere. For om barnet mitt er sjukt har eg ikkje pengar til medisin. Det vil endre seg no, seier ei håpefull Sarah.

Veldig snart blir ho ein av over 150.000 ugandarar som jobbar som hushjelp i Saudi-Arabia.

Dei er ikkje blant migrantane som kryssar grenser ulovleg, men dei blir del av ein stor business, der unge afrikanarar blir billig arbeidskraft i Midtausten.

– Vil vere min eigen sjef

Shillah Ahimbisibwa sit med rak rygg, eit forkle på overkroppen og ein hijab på hovudet. Ho flirer av spørsmålet om korleis det er å venne seg til å bruke hijab.

– Det går fint. Eg kjem til å venne meg til det, seier ho.

Ugandiske kvinner må lære å bruke hijab før avreise til Saudi-Arabia.

Shillah Ahimbisibwa er kristen, men har øvd seg mykje på å bruke hijab. I Saudi-Arabia må alle kvinner dekke seg til, uavhengig av deira eigen religion.

Foto: Luke Dray / NRK

No er det ingen veg tilbake. Ho går i fotspora til storesystera, og ser mange fordelar ved å reise til Saudi-Arabia.

– Eg ønsker å bli sjølvstendig. Eg vil vere min eigen sjef, og for å klare det må eg ha ei inntekt, seier Ahimbisibwa.

Kvinnene skriv under ein kontrakt, som ofte varer i to år. Dei er knytt til eit selskap som leiger ut afrikanske kvinner til saudiarabiske familiar som ønsker hjelp i heimen.

Mange av kvinnene som blir hushjelp kjem frå dei austlege, og mest fattige, delane av Uganda.

Dei vert rekrutterte heime i landsbyen av agentar frå selskapa som frakter kvinner til Saudi-Arabia. Lovnadane om ei eiga inntekt er overbevisande for kvinnene.

Reisa deira startar med at dei besøker hovudstaden Kampala for første gong, og etter nokre veker med kurs reiser dei ut av landet.

Det obligatoriske kurset er eit krav som ugandiske styresmakter stiller til selskapa som driv med rekruttering av kvinner.

Det har vore naudsynt å gjere tiltak. Mange kvinner har fortalt om vald, overgrep og seksuell trakassering medan dei jobbar i Saudi-Arabia.

Ugandiske kvinner som skal bli hushjelp i Saudi-Arabia lærer å bruke ein støvsugar.

Elektrisitet er ikkje vanleg på den ugandiske landsbygda, og difor er støvsugarar ofte noko som er ukjent.

Foto: Luke Dray / NRK

Nye personar ber om hjelp nesten dagleg

– Det er moderne slaveri.

Abdallah Kayonde kikkar stadig ned på mobiltelefonen som plingar i eitt sett.

– Sjå her. Det er ei ny som har teke kontakt. Det er minst ein ny person per dag som ønsker hjelp, seier han.

Organisasjonen hans, Migrant Workers Voice, hjelper ugandiske migrantarbeidarar som har hamna i ein vanskeleg situasjon.

Abdallah Kayonde i Migrant Workers Voice hjelper ugandiske kvinner som møter på trøbbel i Saudi-Arabia.

Abdallah Kayonde meiner det blir gjort altfor lite frå saudiarabisk side for å beskytte ugandiske migrantarbeidarar.

Foto: Luke Dray / NRK

Eit fleirtal er kvinner som ringer frå Saudi-Arabia der dei treng ulik form for hjelp.

– Mange ender opp i konflikt med arbeidsgjevaren. Nokre opplever vald, andre opplever manglande betaling. Nokre er etterlatne på hotellrom som det viser seg ikkje er betalt for, eller dei blir køyrde til ein flyplass med det som viser seg å vere falske flybillettar, fortel Kayonde.

Arrestert då ho spurte om løn

Ei av dei som har fått hjelp frå hans organisasjon er Juliet. NRK har valt å ikkje bruke etternamnet hennar.

– Eg har smerter inni her. Spesielt rundt hjartet er det vondt, fortel ho, og tek seg til brystet.

Juliet går langs ei gate i heimlandet Uganda. Ho har nyleg kome heim frå eit opphald i Saudi-Arabia.

Juliet er tilbake i heimlandet, men er redd for at ho kanskje er skada for livet etter det ho opplevde i Saudi-Arabia.

Foto: Luke Dray / NRK

Historia hennar er av den meir brutale typen. Ho hevdar at ho ikkje hadde fått løn på tre månader og at kontrakten gjekk mot ein slutt.

Men då ho bad om betaling fekk ho ikkje pengar, men besøk av politiet. Dei sette på ho handjern og tok ho til politistasjonen. Der vart ho bunden på armar og bein.

Ho skjønte lite om kva som skjedde, stritta mot og fekk injisert noko som ho framleis ikkje veit kva er.

– Det må ha vore dop, eller noko form for gift. Eg veit ikkje, seier Juliet.

Ho hevdar at ho også før heile seansen med politiet opplevde fleire situasjonar der ho vart slått av barna i familien som ho jobba for. Heilt ut av det blå.

NRK har ikkje hatt moglegheit til å sjekke historia til Juliet og innhente kommentarar frå familien.

Det finst ingen fullstendig oversikt over kor mange som har opplevd noko liknande, men i ugandiske medium har liknande historier blitt fortalt fleire gonger. Og det er få som nektar for at situasjonen kan vere vanskeleg for ugandiske hushjelper i Saudi-Arabia.

NRK møter Juliet på eit senter for migrantar som har behov for hjelp. Der er også tre andre kvinner, og dei fortel alle om ulike typar overgrep.

Slag over heile kroppen

Lillian, ei av dei andre kvinnene på senteret, fortel om sjefens valdelege bror. Ein dag ho følte seg pjusk bad ho sjefen om å sleppe å gå ut for å handle mat.

Då ropte den kvinnelege sjefen på bror sin.

– Han kasta ein sitron på meg. Eg klarte å dukke unna, men så kom han mot meg for å slå meg.

Lillian fortel at han slo både mot hovudet, ryggen og magen. Han tråkka henne også på ryggen.

Lillian Uganda

Lillian angrar ikkje på at ho reiste til Saudi-Arabia for å jobbe, men ho blir sint av å tenke på valden ho vart utsett for.

Foto: Luke Dray / NRK

Lillian fortel at ho søkte tilflukt på soverommet sitt. Men mannen var ikkje ferdig. Han og tre andre menn slo inn døra og ifølge Lillian vart ho liggande i senga medan mannen slo ho i hovudet rundt ti gonger.

Etter at han var ferdig vart ho sittande att heilt åleine på rommet.

– Eg grein og grein. Eg forsøkte å finne ut kva eg kunne gjere, men eg fant aldri ut av det. Eg vart verande inne på rommet til dagen deretter. Då ringde eg naudnummeret, og dei kom for å hente meg ut, fortel ho.

Krev endringar frå Saudi-Arabia

Ho hevdar at ho ikkje fekk hjelp i det heile tatt av firmaet ho jobba for. Tvert imot, så nekta dei å gje ho passet, slik at ho kunne reise heim til Uganda.

Etter nokre dagar fekk ho hjelp frå Migrant Workers Voice. Dei la press på selskapet som utleverte passet, slik at Lillian kunne reise tilbake til Uganda.

NRK har ikkje klart å få svar frå selskapet som ho jobba for.

Migrasjon frå Afrika er omfattande, og ifølge FN-organisasjonen for migrasjon, IOM, var det for få år sidan nesten 20 millionar afrikanarar som jobbar andre stader i verda.

Når det gjeld Saudi-Arabia og Uganda vart det seinast i fjor inngått ein avtale for å styrke migrantarbeidarar sine rettar.

Nokre tiltak er innført:

  • Obligatorisk kurs før avreise, der kvinnene før vite om rettane sine, og kva dei skal gjere om dei får problem.
  • Ei styrking av arbeidstakarane sine rettar
  • Svartelisting av selskap som gjentekne gonger ikkje følger dei lovane som er gjeldande.

Men hos Migrant Workers Voice er Abdallah Kayonde langt frå nøgd. Lovverket er ein ting. Haldningar hos saudiarabiske familiar er noko anna.

Han krev endringar, og ikkje berre på ugandisk side.

– Om sjefen ikkje blir fortalt at det er feil å torturere nokon, å slå ein arbeidar, å slå nokon som serverer deg mat. Om ein sjef ikkje innser det, så vil du bli utsett for den same undertrykkinga sjølv om du har fått opplæring hundrevis av gonger, seier Kayonde.

Han etterlyser ei haldningsendring heilt inn i saudiarabiske heimar, og meiner afrikanske kvinner altfor enkelt blir ofre for vald og overgrep.

NRK har fleire gonger forsøkt å få svar på Kayonde sine utsegn frå det saudiarabiske utanriksdepartementet, samt ambassadane i Oslo og Kampala. Me har ikkje fått svar.

Uganda migrantar

Slik vil livet mitt endre seg etter at eg har jobba i Saudi, står det under teikningane på veggen der opplæringa skjer.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Tilbake i kurslokalet der ei gruppe unge kvinner får opplæring før avreise, seier dei kursansvarlege at dei forsøker å gjere sitt for å hindre misbruk i Saudi-Arabia.

– Nokre av problema i fortida har skjedd fordi kvinnene ikkje har visst kva dei skal gjere når dei får problem. Ugandiske styresmakter har sagt at det trengst eit system og prosedyrar. Det er difor me har kurs her, Charles Eweku.

Han leiar selskapet Greater East, som rekrutterer arbeidarar og finn jobb til dei i Saudi-Arabia.

Ugandiske kvinner før undervisning før avreise til Saudi-Arabia der dei skal bli hushjelp.

Charles Eweku er dagleg leiar i Greater East, og er difor pålagd å drive kurs før kvinnene reiser ut av Uganda.

Foto: Luke Dray / NRK

Tidlegare var det utfordrande for hans selskap å hjelpe dei kvinnene som melde frå om problem. Han meiner ansvaret for dei ugandiske kvinnene falt mellom for mange stolar, og at ansvaret vart pulverisert. Dei siste åra meiner han derimot det har skjedd ei betring.

Mellom anna ved innføring av slike kurs som hans selskap driv, der kvinnene får opplæring i arbeidsoppgåver, men også informasjon om sine rettar før avreise.

– Ved å jobbe på denne måten med kursing, så kan me møte utfordringane. Men utfordringane er likevel der, erkjenner Eweku.

Har blitt åtvara - men reiser likevel

– Målet er å kunne kjøpe seg ein jordlapp når eg er ferdig i Saudi-Arabia, slik at familien kan dyrke på den.

Det er Sarah Ayano som seier kva ho håper å få ut av dei to åra i Saudi-Arabia.

Ho har høyrt fleire av historiene som er fortalt om korleis det er å jobbe i Saudi-Arabia, og det uroar ho. Samtidig er det hennar beste alternativ.

– Eg har lest i sosiale medium, og også høyrt frå slektningar som har vore der før, at det er vanskeleg å få hjelp om ein blir sjuk eller støyter på problem. Eg har lært kva eg skal gjere, men eg er ikkje heilt sikker på om det kjem til å bli følgt opp og ha ein effekt.

Ugandiske kvinner lærer å re opp ei seng før aveise til Saudi-Arabia.

Å reie opp seng er noko av det som må lærast. I Uganda er det ikkje uvanleg å sove på golvmadrass eller matte.

Foto: Luke Dray / NRK

Det er to år til ho får sjå barnet sitt igjen. Heime i Serere ventar familien, som håper at ho snart kan sende pengar.

– Familien min er veldig håpefulle og håper eg kan skaffe pengar til medisinar og utgifter me har. Me har ingen som står for inntekta til familien. Dei håper dette skal bli ei bra oppleving.