Hopp til innhold

Kriminell hestekjøt-liga avslørt

Spanske Guardia Civil har i samarbeid med Europol slått ned på organiserte kriminelle, som har selt store mengder helsefarleg hestekjøt på den europeiske marknaden.

Europol-aksjon mot ulovelig hestekjøtt i Spania

Under etterforskinga kom det fram at ein liga har brukt hestekjøt som tydeleg har vore stempla som «ikkje eigna til menneskemat».

Saka har forgreiningar til Belgia, Frankrike, Italia, Portugal, Romania, Sveits og Storbritannia. 65 personar er arresterte i Spania, og dei er sikta for blant anna dyremishandling, dokumentfalsk, å hindre politiet si etterforsking, kvitvasking av pengar og for brotsverk mot folkehelsa.

Det er uklart om noko av kjøtet kan ha hamna i Skandinavia.

«Operasjon Gazel»

Saka ser ut til å ha band til eit beslag som irske styresmakter gjorde i 2013 av hamburgerkjøtdeig som inneheldt hestekjøt. Det leidde til etterforsking, og ein nederlandsk statsborgar vart identifisert som sentral i saka.

Politiet greidde ikkje då å finne ut kvar han oppheldt seg.

Aksjon mot hestekjøt-svindel.

Ein etterforskar i Guardia Civil på eit illegalt slakteri i Spania.

Foto: Europol

Sommaren 2016 sette Guardia Civil i Spania verk «Operasjon Gazel», etter mistanke om at det gjekk føre seg ulovlege forhold i hestekjøtmarknaden. Under denne etterforskinga kom det fram at ein liga har brukt hestekjøt som tydeleg har vore stempla som «ikkje eigna til menneskemat».

Hestane som vart slakta i to ulike slakteri i Spania kom frå det nordlege Spania og Portugal. Kjøtet vart prosessert ved eit spesielt anlegg i Spania, før det vart sendt vidare til Belgia. Belgia er største eksportør av hestekjøt i Europa.

Billig mat – en folkesykdom

Kortreist hest er best

Samordna aksjon

Under etterforskinga greidde Guardia Civil å finne den nederlandske statsborgaren som var mistenkt i Irland i 2013. Han heldt til i feriebyen Calpe på Costa Blanca. Herfrå meiner politiet han har styrt heile organisasjonen.

Gammal og sjuk hest i Spania.

Denne gamle og sjuke hesten fann Guardia Civil i ein stall som leverte hestar til det illegale slakteriet.

Foto: Europol

Han vart arrestert under ei reise i Belgia i ein samordna aksjon mellom belgisk politi, det belgiske mattilsynet og Guardia Civil. Samstundes gjekk politiet til aksjon i Frankrike, Portugal, Italia, Romania, Sveits og Storbritannia.

Til saman 66 personar er fengsla eller under etterforsking etter aksjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt