Hopp til innhold

Krigen få høyrer om

Ni menneske blir drepne av politiet i Brasil kvar dag. Vantuil Moura (34) blei ein av dei. Han blei skoten utanfor sitt eige hus. Tilbake sit kona Pricilla og seks barn.

Brazil Shooting

Drap er daglegdags i dei fattigare områda av Brasil. Her frå Providencia-favelaen i Rio de Janeiro, september 2015.

Foto: Silvia Izquierdo / Ap

Pricila Moura

Pricila er uroa for kva ho skal fortelje sin yngste om faren, som blei skote og drepen av politiet.

Foto: Frederik Harsløf / DR

– Det heile skjedde like framfor huset, like framfor døra. Så vi klarte ikkje å vere der meir. Barna såg jo alt. Så vi kunne ikkje bu der meir, seier Pricilla Moura frå sin nye bustad til DRs korrespondent Kristian Almblad.

Det er to veker sidan dei flytta til ein anna del av byen – og tre månader sidan mannen blei skoten.

I løpet av ein periode på tre år har krigen mellom politiet og narkotikagjengane i Brasil kravd 10.000 offer – like mange som i Ukraina.

Sjå meir om politivalden i Brasil i kveldens Urix

Tok feil mann

– Han køyrde motorsykkeltaxi og var komen heim for å ete frukost. Han kom inn, men hadde gløymt å lukke porten. Då han gjekk ut for å lukke den var det ein frå politiets spesialstyrkar som skaut han, seier Pricila til Almblad.

Politiet i Rio hevda etter drapet at Vantuil var ein del av ein kriminell gruppering, men har sidan innrømt at dei tok feil mann.

Vantuil Moura

-Dette er det siste biletet av han, teke laurdag morgon, berre timar før han døydde, fortel Pricila Moura om mannen Vantuil.

Foto: Frederik Harsløf/privat / DR

– Eg må jo kome meg vidare, men det er vanskeleg med ein liten baby. Eg tenker allereie på korleis eg seinare skal forklare at far hans blei skoten av politiet ... men at han ikkje var ein banditt, seier Moura.

Meir enn ein politimann blir skoten dagleg

Også politiet blir offer for valden. Ein av dei som så vidt slapp unna er Gerson Camacho. Han blei skoten i hovudet under ei skotveksling i ein lokal favela. Etter at han blei ufør og kona også måtte slutte i jobben for å ta seg av han, har dei sjølve flytta til eit farlegare område av byen. Pistolen er aldri langt unna.

Gerson Camacho

Gerson Camacho har fått nervane øydelagd i armen og begge beina. No er han avhengig av hjelp frå kona, og kan ikkje lenger jobbe.

Foto: Frederik Harsløf / DR

– Eg søv med den under hovudputa, og om eg høyrer den minste lyd om natta, tar eg den med til døra for å sjekke ... Det er denne som held familien trygg.

Gerson blei skoten ned av folk som høyrde til Commando Vermelho, ein av tre store fraksjonar som er midt i eit oppgjer om den lukrative narkotikamarknaden i landet. Ifølge politiet er bandane endå meir aggressive enn før.

DRs korrespondent får eit medlem frå gruppa i tale. På spørsmålet om kor vidt dette kan minne om ein krig svarer han;

– Om det minner om ein krig? Dette ER ein krig.

Han legg skulda politiet, som han hevdar har invadert favelaane, og har ikkje tru på at den vil ta slutt.

– Politifolk kan få ein klapp på skuldra etter å ha drepe

Politiet oppfattar også dette som ein krig, fortel Celina Sørbøe, doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Celina Sørbøe

Celina Sørbøe har forska på forholdet mellom politiet og dei kriminelle gruppene i favelaane i Rio de Janeiro dei siste fem åra.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Ho har budd i ein av Rios favelaar periodevis dei siste fem åra, og har følgt utrullinga av eit nytt program politiet har sett i gang for å få bukt med krigsmentaliteten innanfor etaten.

– Det var mykje håp knytt til dette programmet i starten, dei skulle fungere meir som eit nabolagspoliti og ha ein betre dialog med lokalbefolkninga.

Men no har håpet falma, og saman med den økonomiske krisa landet er inne i, er våpena tilbake i gatene. Lite vitnar om at politiet, som ofte sjølve kjem frå same sosioøkonomiske bakgrunn som dei kriminelle gjengane, har klart å kvitte seg med krigsmentaliteten, som heng att i politiet frå den tida landet var eit militærdiktatur.

– Eg har intervjua politibetjentar som fortel om ein kultur der du får ein klapp på skuldra om du har bidrege til å ta ut ein av «fienden», seier Sørbøe.

BRAZIL-ITALY-TOURIST-MURDER

Lite tyder på at forholdet mellom innbyggarane i favelaane og politiet har blitt betre, sjølv om ein har prøvd å sette i verk tiltak. Her frå ein favela i Rio de Janeiro, desember 2016.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt