Hopp til innhold

Kinesisk firma saksøkjer Obama

Eit kinesisk selskap går til søksmål mot USAs president Barack Obama, etter at han sette foten ned for bygginga av fire vindkraftverk i delstaten Oregon.

USAs president Barack Obama

Det kinesisk eigde selskapet Ralls Corp. rasar mot president Barack Obama, som nyleg blokkerte ein avtale det hadde fått med amerikanske styresmakter om bygging av vindkraftverk i Oregon.

Foto: Steve Helber / Ap

Det private selskapet Ralls Corp. hadde fått oppdraget med å byggja vindkraft­verka, men presidenten la ned veto mot avtalen førre veke.

Det kvite hus grunngjev blokaden med at det er fare for at selskapet vil handla på ein måte som svekkjer den nasjonale tryggleiken.

Ralls Corp. hevdar vetoen er eit overtramp, og meiner Obama ikkje har prov som støttar opp under ein slik påstand, ifølgje BBC.

– Obama har brote lova

Tysdag blei det offentleg kjent at det kinesisk-eigde selskapet går rettens veg for å få annullert vetoen. I søksmålet heiter det at presidenten har "handla på ein lovstridig og uautorisert måte".

Eigarane av Ralls Corp er to direktørar i Sany Group, den største produsenten av anleggsmaskinar i Kina.

Vetoen mot vindkraftverka kjem berre veker før det amerikanske presidentvalet i november.

Kina har fått eit internasjonalt handelsforsprang på USA. Dette har blitt eit viktig tema for Obama i kampen om ein ny periode i presidentstolen.

Førre månad leverte Obama-administrasjonen inn ein klage til Verdas handelsorganiasjon (WTO) på Kinas subsidiering av eigen bilindustri.

SISTE NYTT

Siste nytt