Hopp til innhold

Kinas president: Støtter våpenkvile mellom Ukraina og Russland

Xi Jinping bryt stilla om Ukraina-krigen og oppfordrar landa til «å halde maksimalt tilbake».

Kinas president Xi Jinping.

Kinas president Xi Jinping ber Russland og Ukraina om å gjere det dei kan for å unngå ei humanitær krise.

Foto: Li Xueren / AP

Kinas president Xi Jinping kallar situasjonen i Ukraina for «djupt bekymrande» på eit videotoppmøte saman med Frankrikes president og Tysklands forbundskanslar.

Samstundes oppfordra han til «å halde maksimalt tilbake» i konflikten, og seier Kina, saman med Tyskland og Frankrike, burde støtte fredssamtalar mellom Russland og Ukraina.

Ifølge det franske presidentkontoret støtter Xi til og med ei våpenkvile mellom landa, skriv Reuters.

Til no har ikkje myndigheitene i Kina ønska å seie noko konkret om dei vil hjelpe til å mekle i konflikten, noko fleire land har bedd dei om.

Kina nektar også å fordømme Russlands invasjon av Ukraina, noko dei grunngir med utanrikspolitiske prinsipp.

Dette er det meste Xi Jinping har uttalt seg om krigen sidan den starta for snart to veker sidan.

France Russia Ukraine War

Xi Jinping seier han sørger over at det igjen er krig i Europa i møte med Frankrikes president Emmanuel Macron og Tysklands forbundskanslar Olaf Scholtz.

Foto: Benoit Tessier / AP

Ifølge den statlege kinesiske nyheitskanalen CCTV har presidenten sagt i møtet at han vil at landa skal halde oppe viljen til å forhandle, og at dei snakkar saman for å oppnå resultat.

Kina under press

Fleire vestlege land prøver no å legge press på Kina i konflikten mellom Ukraina og Russland.

Sjølv om Kina er ein nær alliert av Russland, meiner mellom anna EU at det berre er Kina som kan mekle mellom dei stridande landa.

– Det finst ikkje noko alternativ. Vi europearar kan ikkje mekle, det er heilt klart. Og det kan ikkje USA heller. Kven andre? Det må bli Kina, seier EUs utanrikssjef Josep Borrell.

– Kina har lenge hevda å ha ei rolle som ein av stormaktene i verda og å vere ein bidragsytar til global fred og stabilitet. Ingen land vil ha større påverknad på å avslutte denne forferdelege krigen i Ukraina, enn Kina, seier Australias statsminister ifølge Sky News.

Putin lyttar til Xi

Det er ingen andre land som kan påverke Russland slik som Kina kan, seier Tom Røseth, hovudlærar i etterretning ved Forsvarets høgskole.

– Kina kan absolutt gjere ein forskjell, fordi Xi Jinping er den einaste Putin lyttar til for tida, om han vil lytte til nokon, seier Røseth.

FILE PHOTO: Russian President Vladimir Putin meets his Chinese counterpart Xi Jinping in Moscow

Xi Jinping og Vladimir Putin er også gode vener. Det er uvisst kva Russland tenker om at Kina no sender humanitær hjelp til Ukraina.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Sidan eit samla Vesten har innført harde sanksjonar mot Russland, står Kina att som den største og viktigaste økonomiske partnaren til Russland.

– Det er ei blanding av mellomstatlege felles interesser, personleg vennskap og økonomisk gjensidig avhengigheit.

Tom Røseth ved Forsvarets høgskole.

Ukraina-ekspert Tom Røseth seier Kina kan gjere ein forskjell i Russlands krigføring mot Ukraina.

Foto: Forsvaret

Røseth trur Kina vil komme til å ha ei meklarrolle mellom landa.

– Viss Zelenskyj seier han er interessert i å forhandle, så trur eg det kan vere ein moglegheit.

Fjellstøtt vennskap

På måndag understreka Kinas utanriksminister, Wang Yi, at Russland er deira viktigaste strategiske partnar. Han hevdar vennskapen mellom landa står «fjellstøtt».

– Vennskapen mellom våre to folk står fjellstøtt, og begge lands framtidige samarbeidsprosjekt er veldig store, sa Yi.

Under opninga av OL i Beijing i februar reiste Russlands president Vladimir Putin for å møte Xi Jinping. Saman teikna dei fleire handelsavtalar, mellom anna om gass og olje, verdt rundt 117 milliardar dollar.

Også då var det stor spenning rundt Ukraina og Russland, og frykt for at Russland skulle gå til krig.

– Kina støtter Russlands krav for sikkerheitsgarantiar, sa Putins rådgjevar etter besøket.

Emmanuel Macron i videotoppmøtet.

Emmanuel Macron i videotoppmøtet tysdag.

Foto: BENOIT TESSIER / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt