Hopp til innhold

Kina krev stabilitet i Korea

Kina seier dei ikkje vil beskytte den som stod bak senkinga av eit sørkoreansk skip i mars.

Den kinesiske statsministeren Wen Jiabao er i dag på besøk i Sør-Korea for første gong på tre år.

Den kinesiske statsministeren Wen Jiabao er i dag på besøk i Sør-Korea for første gong på tre år.

Foto: Jung Yeon-Je / Reuters

Wen Jiabao blir teken godt imot i Sør-Korea

Wen Jiabao blir teken godt imot i Sør-Korea

Foto: Jo Yong-hak / Ap

– Kina er imot og fordømmer alle handlingar som øydelegg for freden og stabiliteten på Korea-halvøya, sa den kinesiske statsministeren Wen Jiabao under et møte med sørkoreanske president Lee Myung-bak i dag.

Det seier ein sørkoreansk talsmann som siterer Wen.

Tre år sidan sist

Det er første gong på tre år at Wen er på besøk i Seoul. Den siste tida har forholdet mellom Sør-Korea og Nord-Korea vore ekstra spent etter at eit sørkoreansk krigsskip vart senka i mars.

Både Japan og USA støttar Sør-Korea, og er overbeviste om at det var Nord-Korea som senka skipet.

Les: Clinton fordømmer Nord-Korea for å ha senket krigsskip
Les også: Sør-Korea til FN med torpedoanklager

Nektar å velje side

Sør-Korea og Kina møtest for første gong på tre år

Presidenten i Sør-Korea, Lee Myung-Bak (til høgre) skålar med den kinesiske statsministeren Wen Jiabao (til venstre).

Foto: Jung Yeon-je / Ap

Men Kina nektar å velje side, og dette gjentok den kinesiske statsministeren Wen Jiabao i dag. Wen seier ifølgje tenestemannen at Kina vil vurdere resultata av dei internasjonale granskingane nøye, og vurdere reaksjonar etterpå.

Wen skal så ha sagt at Kina ikkje kjem til å beskytte nokon når granskingsresultata er klare.

Handel i skuggen

Hensikta med den sjeldne kinesiske visitten i Sør-Korea skulle eigentleg vere å diskutere ein handelsavtale mellom dei to landa. Men besøket har blitt fullstendig dominert av kaldfronten mellom dei to koreanske statane.

Nord-Korea nektar for at det var dei som torpederte korvetten "Cheonan" og tok livet av 46 sørkoreanske marinesoldatar.

Fordømmer torpedo

Likevel seier Japan i dag at dei skjerpar dei finansielle straffetiltaka overfor Nord-Korea.

Den japanske statsministeren Yukio Hatoyama og USA-president Barack Obama seier dei fordømmer det nordkoreanske torpedoangrepet, og at dei vil støtte alle ønske frå Sør-Korea om at tryggingsrådet i FN skal gripe inn mot Nord-Korea.

Les: Nord-Korea truer med full krig
Les også: Her søker de i mørke etter savnede
Les mer om saken: Den kalde krigens barn

SISTE NYTT

Siste nytt