Hopp til innhold

Kina avviser kritikken etter Lius død

Kina seier at handteringa av fredsprisvinnar Liu Xiaobo er ei nasjonal sak, og avviser at dei ikkje gav han god nok behandling før han døde.

Minnemarkering fredsprisvinner Liu Xiaobo.

TIL MINNE: Det vert halde ei minnemarkering i regi av Amnesty International Norge for fredsprisvinnar Liu Xiaobo ved Nobels Fredssenter i Oslo.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Kina er ein rettsstat. Behandlinga av Liu Xiaobo er ei kinesisk sak. Andre land bør ikkje kome med upassande utsegner, sa talsmann for det kinesiske utanriksdepartementet, Geng Shuang, til det statlege nyheitsbyrået Xinhua.

Liu døde på sjukehus torsdag, etter å ha hatt kreft som ikkje kunne kurerast. Han fekk diagnosen 23. mai i år, og Lius kone Liu Xia og andre familiemedlemmar var hos på sjukehuset dei siste dagane.

– Tungt ansvar

På grunn av diagnosen vart Liu sett fri på prøve frå fengselet, der han hadde sete sidan 2009. Han vart flytta til eit sjukehus i byen Shenyang. Aktivistar meinte at dette ikkje vart gjort på humanitært grunnlag, men fordi Kina ønskte å unngå reaksjonar dersom den kjente dissidenten skulle døy i fengsel.

Berit Reiss-Andersen

Berit Reiss-Andersen,

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Det kvilar eit tungt ansvar på skuldrene til kinesiske styresmakter for Liu Xiaobos død, uttalte leiaren for Den norske Nobelkomité Berit Reiss-Andersen.

Ho seier at det er svært urovekkjande at Lui ikkje vart overført til eit sjukehus der han kunne få god behandling før han sjukdomen vart så alvorleg at den ikkje kunne behandlast.

Kinesiske styresmakter avviste alle krav om å la Liu Xiaobo få reise til utlandet for behandling, og hevdar at han var for sjuk. Utanlandske legar som besøkte han meinte tvert imot at det var trygt å reise.

EU prøvde å få Liu til Tyskland

EUs president Donald Tusk og president for EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker skriv i ei felles fråsegn at det er med djup sorg at dei har teke imot beskjeden om Lius død.

EU bad igjen og igjen om at Liu måtte bli sett fri. Då det vart kjent at han var kreftsjuk, bad dei kinesiske styresmakter innstendig om å respektere Lius eige ønske om å få medisinsk behandling i Tyskland.

«Dessverre vart ikkje desse oppfordringane lytta til», heiter det i fråsegna.

EUs krav er no at Kina må la Lius kone Liu Xia og familien hennar få gravleggje fredsprisvinnaren der dei sjølve ønskjer, og at dei må få lov til å sørge i fred.

Kina må også oppheve alle restriksjonar dei har sett for familien, og la Liu Xia og broren hennar Liu Hui få lov til å forlate Kina dersom dei ønsker det, meiner dei to EU-presidentane.

Kampen for menneskerettar

– For mange er dette slutten på håpet, seier den kinesiske dissidenten Ai Weiwei til Reuters. Han og mange andre menneskerettsaktivistar i Kina tek meldinga om dødsfallet tungt.

Generalsekretær i Amnesty International, Salil Shetty, meiner den beste måten å heidre Lius minne er å fortsette arbeidet hans for menneskerettar.

– Sjølv om han har gått bort, så lever alt han stod for vidare, seier Shetty.

Aktivistar sørger over Luis død

Demokrati-aktivistar i Hongkong viste støtte til fredsprisvinnaren etter at det vart kjent at Liu Xiaobo er død.

Foto: Bobby Yip / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt