Hopp til innhold

Israelske soldatar stormar sjukehus i Gaza

Israelske soldatar er i ferd med å storme Nasser-sjukehuset i byen Khan Younis sør i Gaza, ifølge helsestyresmaktene der. Israel stadfestar at spesialsoldatar er inne i bygget.

Sjukehuset er det nest største sjukehuset på Gazastripa. Den siste tida har tusenvis av flyktningar søkt tilflukt der for å sleppe unna israelske soldatar.

Kampane i nærleiken har isolert sjukehuset og skal ha ført til at fleire pasientar har døydd, ifølge helsestyresmaktene.

Palestinere flykter mot grensebyen Rafah mens Israel angriper Khan Younis.

Palestinarar flyktar frå Khan Younis.

Foto: Hatem Ali / AP

Israel har varsla ein bakkeoperasjon i byen, og har bede folk evakuere sjukehuset. Dei opna nyleg ein korridor som skulle gjere det trygt for flyktningane å ta seg vidare sørover i Gaza.

Det rår panikk inne og utanfor sjukehuset, fortel ein lege til nyhetsbyrået AP.

– Situasjonen blir verre og verre kvar time og kvart minutt, seier kirurg Khaled Alserr som har operert pasientar med skotskadar på sjukehuset.

Fleire hundre palestinarar forlèt sjukehuset onsdag, melder New York Times.

87 menneske er drepne de siste 24 timane, opplyser helsestyresmaktene i Gaza, som er styrt av Hamas.

Les også Barth Eide med klar advarsel til Israel

- Vi er redde. Vi har ingen steder å dra, sier denne familien til NRK.

Meiner gislar blir gøymde

Torsdag morgon storma israelske spesialsoldatar sjukehuset. Det stadfestar forsvaret i Israel (IDF). Dei seier dei har fått opplysningar frå truverdige kjelder om at Hamas skjuler gislar inne på sjukehuset.

– Fordi det er sannsynleg at Hamas-terroristar gøymer seg bak skadde sivile inne på Nasser-sjukehuset akkurat no. Difor gjennomfører IDF ein presis og avgrensa operasjon inne på Nasser-sjukehuset, seier IDF-talsperson Daniel Hagari i ei videomelding.

En person blokkerer en dør fra innsiden av sjukehuset Nasser i Khan Younis den 15. februar 2024.

Ein person blokkerer ei dør frå innsida av Nasser-sjukehuset i Khan Younis.

Foto: @mahmoud_shammala / Instagram

Han seier målet med operasjonen er å sikre at Nasser-sjukehuset held fram med å behandle pasientar i Gaza, og at dei har koordinert sendingar med medisinsk utstyr til sjukehuset.

– Vårt mål er å jakte Hamas-terroristane der dei måtte gøyme seg, seier Hagari.

Hamas avviser at dei gøymer krigarar i sjukehuset, og kallar skuldingar løgner, melder Reuters.

Også då IDF gjekk inn i sjukehus i Gaza by før jul, sa dei grunnen var at Hamas gøymde seg inne på sjukehusa.

Les også Nei, dette beviser ikke Hamas-tunneler

Det israelske forsvaret hevder disse bildene beviser at Hamas har tunneler under et sykehus i Gaza, men Faktisk har konkludert med at bildene ikke beviser noe som helst.

Skaut med dronar

Talsmann for helsestyresmaktene i Gaza, Ashraf al-Qudra, seier til NRK at IDF gjekk inn med stor styrke torsdag morgon.

Dei fjerna telta til flyktningar og gjekk til angrep på akuttmottaket då dei tok seg inn på sjukehusområdet.

– Dei skyt med dronar for å skremme flyktningane. I dag tidleg blei operasjonsavdelinga bomba, som førte til at ein pasient blei drepen. Fleire blei skadde.

Les også Våpenhvile: – Nøkkelen ligger jo i USA

Palestinere drevet på flukt deltar i aktiviteter under våpenhvilen

To ambulansar blei øydelagde i angrepet, og operasjonsromma og fødeavdelinga er evakuert. Al-Qudra seier at det er seks pasientar som treng pustemaskin, i tillegg til tre kuvøsebarn som treng hjelp.

– Situasjonen er katastrofal. Det er veldig farleg. Eg er uroa for helsepersonell og pasientar som er inne på sjukehuset. Vi ber alle internasjonale organisasjonar og den norske regjeringa om å hjelpe sjukehuset og dei som er der inne.

Les også Hen flykta frå Hamas og sosial kontroll: – Den mørkaste tida i mitt liv

Portrettbilete av Wesam tatt på ei gate. Menneske i bakrgunnen er uklare. Ho har blondt kort hår, halv håret er svart. Ho ser i kamera og smiler svakt. Ho har på boblejakke og ein blå genser med skjorte under.

Ber Israel stoppe angrepet

Organisasjonen Leger uten grenser hadde fleire tilsette inne på sjukehuset då angrepet starta torsdag morgon. Dei ber Israel stoppe angrepet fordi det set liva til både medisinsk personell og pasientar i fare.

– Våre tilsette måtte flykte frå sjukehuset, medan pasientane blei verande att inne, skriv dei.

Ein av dei tilsette blei gripen i ein israelsk kontrollpost på veg ut frå sjukehuset, medan ein annan ikkje er gjort greie for.

Dei skriv at situasjonen er kaotisk, og at det er uvisst kor mange som er døde og såra i angrepet.

Les også WHO-sjef brøt sammen under Gaza-innlegg

Generaldirektøren i WHO, Tedros Adhanom Ghebreyesus, holdt et følelsesladd innlegg til organisasjonens nye styre torsdag.

WHO uroa for situasjonen

Verdshelseorganisasjonen (WHO) seier Nasser-sjukehuset er eit viktig sjukehus for heile Gaza no, fordi dei fleste av sjukehusa er øydelagde i krigen, melder AFP.

WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus sa onsdag at han er uroa over dei meldingane som har kome om sjukehuset, som då var omringa av israelske soldatar.

Han sa sjukehuset var ryggrada til helsesystemet i Sør-Gaza, og var kritisk til at WHO var nekta tilgang til sjukehuset, og hadde mista kontakten med dei tilsette der.

SISTE NYTT

Siste nytt