Hopp til innhold

Israels ambassadør til Noreg: – Dette er ikkje folkemord

Den israelske ambassadøren til Noreg, Avi Nir-Feldklein, seier Israel si krigføring i Gaza ikkje kan kallast for folkemord. Han åtvarar mot å demonisera Israel.

Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein

VANSKELEGARE: Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein på den israelske ambassaden i Oslo. Han seier forholdet mellom Israel og Noreg har blitt vanskelegare etter krigen mellom Hamas og Israel starta.

Foto: Johan Moen / NRK

Sør-Afrika skuldar Israel for å driva folkemord i Gaza. I dag starta høyringane som går i FN-domstolen ICJ i Haag.

Israel har avvist skuldingane, og landets president har kalla dei grufulle og absurde. Israels ambassadør i Noreg, Avi Nir-Feldklein, seier mange uskyldige betalar prisen for krigen mellom Israel og Hamas.

– Men dette kan ikkje kallast folkemord, seier Nir-Feldklein i Dagsnytt 18 i kveld.

Les også Den største forbrytelsen

BESKYLDES FOR FOLKEMORD: Sør-Afrika mener Israels krigføring i Gaza må regnes som folkemord.

Forholdet til Noreg er vanskeleg

Nir-Feldklein har tidlegare uttalt seg kritisk til Noreg sin Israel-kritikk knytt til krigen mellom Hamas og Israel. I eit intervju med VG publisert i desember, sa han at Noreg er det landet i Europa som har kome med hardast kritikk mot Israel.

– Eg er ikkje den einaste som seier det, seier ambassadøren.

Han åtvarar mot å demonisera Israel.

– Eg er ambassadør her fordi eg elskar folket og landet, men vårt forhold har vore vanskeleg i lang tid.

Han utelukkar likevel ikkje at Noreg kan ha ei framtidig rolle i konflikten mellom palestinarar og Israel.

– Me må sjå korleis ting går. Problemet er at dei framleis lever i verda slik ho var den 6. oktober, men vår verd endra seg den 7. oktober.

– Me kjempar for vår eksistens, seier Nir-Feldklein.

– Noreg har vore veldig tydelege

Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust (Ap) seier ambassadøren har rett i ein ting:

– Noreg har vore veldig tydelege og Noreg har vore det tydelegaste landet i Europa, iallfall i starten av krigen, på å seia at det me såg var uakseptabelt og eit brot på menneskerettane.

Han seier det er bra at både Sør-Afrika og Israel har møtt opp i høyringane i Haag.

– Det er bra at denne prosessen får gå sin gang. Folkemord er det verste ein kan gjera mot menneske, og det er ikkje noko politikarane skal avgjera, det er opp til dommarane.

Utanriksdepartementet har tidlegare sagt at dei følg med på høyringa i FN-domstolen.

«Det kan ikke utelukkes at det kan oppstå rettslige spørsmål underveis som Norge kan ha en interesse av å intervenere om, men det er foreløpig for tidlig å si», svarte statssekretær Andreas Kravik då NRK spurte om Noreg kom til å intervenera i saka mellom Sør-Afrika og Israel.

Les også Israel anklages for folkemord i Gaza: – Har i årevis sett på seg selv som hevet over loven

Dommerne i ICJ sitter i rettssalen.

– Komplisert krigssone

Tre månadar har gått sidan krigen mellom Hamas og Israel starta. Over 23.000 palestinarar er drepne, og meir enn 59.000 er skadde, ifølge palestinske helsemyndigheiter. 70 prosent av ofra er kvinner og barn, ifølge myndigheitene.

Dei israelske angrepa mot Gaza starta etter Hamas sitt angrep mot Israel den 7. oktober i fjor. Då blei rundt 1200 menneske drepne, og rundt 240 israelarar og utlendingar blei tatt som gislar.

På spørsmål om korleis Israel kan fjerna Hamas frå Gaza utan å samtidig utrydda befolkninga, svarer ambassadøren at Israel er i ein vanskeleg krig.

– Hamas brukar sivile som skjold og Gaza som kampsone. Me gjer vårt beste og risikerer våre soldatar, og det blir kalla folkemord og brot mot menneskerettane.

Les også Slik tror ekspertene at krigen i Midtøsten vil utvikle seg i 2024

Israelske soldater på vei inn mot et totalskadd område på Gazastripen, 3. januar.

Han seier kvart sivile drap er forferdeleg, men meiner forholdet mellom drepne sivile og drepne soldatar er innafor det som er venta i ein slik krigssone. Ambassadøren viser til tal frå ein FN-rapport frå 2022.

– FN seier at vanlegvis i slike kampsoner, er forholdet mellom drepne sivile og drepne soldatar ni til ein.

Det er usikkert akkurat kva rapport ambassadøren viser til, men ein FN-rapport publisert i 2022, syner at 9 av 10 av dei som blei drepne under angrep med eksplosiv i tettbygde område i 2021 var sivile.

Ambassadøren hevdar at forholdet mellom drepne sivile og soldatar i Gaza nå er mindre enn to til ein. Altså lågare enn det FN har rapportert om i tettbygde område tidlegare.

Ifølge palestinske helsemyndigheiter er 70 prosent av dei drepne i Gaza barn og kvinner.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Israels ambassadør til Oslo, Avi Nir-Feldklein, kommenterer i dag skuldingane om folkemord som er til høyring i FN-domstolen i Haag.

SISTE NYTT

Siste nytt