BBC

Legane trudde at nyfødde Hanadi var åleine i Gaza.

Ein baby ligg i ein kuvøse. Ho har brunt hår og ligg med hendene rett ut.

Mora var død og familien var forsvunnen.

Ahmad Abu Kmeil/NRK

Men eit ukjent telefonnummer gav legane håp.

Eit lite mirakel

Eit lite mirakel

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
38.584
Siste uke:
391
Israel
1487
Sist oppdatert: 15.7.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

I februar laga NRK ei reportasje om ein nyfødd baby på Gazastripa.

Ho hadde kome til verda på al-Awda-sjukehuset i nord.

Mora var drepen i eit israelsk luftangrep, ifølge legane, og ingen visste kvar familien var blitt av.

– Vi var overraska over at barnet framleis var i live, fortalde lege Khalil Bashir til journalistane NRK samarbeider med i Gaza, då dei var på besøk i vinter.

Hanadi

Desse bileta tok teamet NRK samarbeider med i Gaza, då dei først besøkte barnet på sjukehuset.

Foto: NRK

Han sa at den gravide kvinna, Hanadi Abu Amsha, blei frakta til sjukehuset klokka ti på kvelden, kort tid etter angrepet.

Ho var allereie død, ifølge legane. Men fordi ho framleis var varm, bestemte dei seg for å prøve å redde barnet.

– Vi måtte ta ut eit barn frå ei mor som ikkje hadde hovud eller bein. Takk gud at vi tok avgjerda fort, sa Bashir vidare.

ein liten baby med store brune auge og brunt hår

Kvinna sin baby kom til verda ein månad for tidleg, og hadde fleire helseutfordringar på grunn av den tøffe fødselen.

Foto: JEBRIL ABO KMEIL

Sju gongar sidan krigen i Gaza starta, har dei prøvd å redde ut ein baby frå mora sin døyande kropp, fortel han.

Dette er den einaste gongen dei har klart det.

Les også «Dottera til Hanadi»

Ein baby ligg i ein kuvøse. Ho har brunt hår og ligg med hendene rett ut.

«Mirakelbabyen i Gaza»

Då ho var stabil nok, blei jenta frakta til al-Aqsa-sjukehuset lenger sør. Legane som jobba saman for å halde henne i live, gav henne namnet Hanadi, etter mora.

Ein video som gjekk viralt gjennom nettstaden Middle East Monitor, kalla henne for «Mirakelbabyen i Gaza».

Dei kom med ein innstendig bøn om hjelp til å finne Hanadi sine levande slektningar.

Ein lege eller sjukepleiar i kvit frakk ser ned i ein kuvøse. Ho har svart higab.

Wardah al-Awageh er ein av dei andre som har tatt vare på babyen. Ho sa i vinter at sjukehuset mangla tilstrekkeleg med bleier, mat og klede til å ta vare på borna som kjem.

Foto: Jebril Abo Kmeil

Samtidig ringde sjukehuset nummeret dei hadde knytt til mora sitt namn, men dekninga i Gaza er ofte dårleg, og dei kom stadig rett til mobilsvar.

Etter to heile månader, var det plutseleg nokon i den andre enden. Det var Hanadi sin pappa, som budde i ein flyktningleir sør på Gazastripa.

Atef Khater hadde gått i to månader utan å vite at barnet hans var i live.

Han fortel NRK at han hadde vore i sjokk, og ikkje i stand til å snakke med nokon som helst om det som hadde skjedd.

Smoke rises during an Israeli ground operation in Khan Younis

I fleire månader saumfór journalistane NRK samarbeider med teltleirar og ruinar etter Hanadi sin familie.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Trudde dei gravla både mor og barn

Khater var nemleg til stades då angrepet skjedde. Han sat i eit telt som det på biletet under, og drakk kaffi saman med den høggravide kona si, Hanadi.

– Eg høyrde ein lyd. Dottera mi sat ved sidan av henne. Ho skreik «Hanadi, Hanadi», fortel han til NRK.

Atef Kater og barn i teltet

Khater bur i dag i eit telt i Khan Younis, saman med den andre kona si og deira barn.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Hovudet til kona mi var heilt øydelagt. Halvparten var vekke. Håret og hjernen velta ut framfor meg. Eg reiste meg opp, græt og sa «Hanadi er død».

Khater og familien flykta frå området, medan frivillige frakta kona hans til sjukehuset. Under gravferda trudde dei at ho framleis hadde barnet i magen, fortel Khater.

Det var den vaksne sonen hans i Egypt som la merke til babyen si historie på nettstaden Middle East Monitor.

Khater drog til sjukehuset, og legane stadfesta at han var faren.

– Eg blei overraska over nyheita. Eg kunne ikkje tru det. Eg trudde Hanadi si mor døydde på staden, seier han.

– Den vesle jenta har mora sitt namn. Gud nåde henne. Mora var ein martyr. Måtte gud gi oss ein ny Hanadi.

Ein vanskeleg start på livet

Då vesle Hanadi kom til verda, hadde mor hennar slutta å puste og mista mykje blod, ifølge legane. Ho mista også tilgangen på morsmjølk, og den viktige nærleiken.

Familien fryktar at den tøffe fødselen har skada henne for alltid.

– Sidan vi henta henne for fire månader sidan, har ho kasta opp all maten ho har fått. Det skjer minst 15 gongar om dagen, fortel Khater.

Hanadi i leiren

Familien veit ikkje korleis framtida til Hanadi ser ut. Khater seier hans einaste ønske er at ho får helsehjelp.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Eg håpar ein institusjon eller nokon andre kan gi henne behandling. Det er det einaste eg vil.

Men det at Hanadi og familien fann kvarandre igjen, reknar legane som eit mirakel.

– Dette er noko som gjorde oss veldig glade, seier Khalil Bashir til NRK.

– Det er ikkje alltid det går slik som dette. Det er spesielt å sjå, særleg i krigstid.

FN: Fleire enn 19.000 barn er foreldrelause

Etter eit halvt år med krig rekna FN-organisasjonen UN Women at 19.000 barn har blitt foreldrelause som følge av angrepa.

Nora Ingdal

Nora Ingdal er utlandssjef i Redd Barna. Ein av kjerneaktivitetane deira er å føre familiar saman att.

Foto: Lars Os / NRK

Utlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, seier til NRK at det reelle talet er vanskeleg å slå fast på grunn av situasjonen på bakken.

Men dei veit, seier ho, at det dreier seg om mange tusen.

– Det som gjer det veldig krevjande i Gaza er det at barn mistar heile familiane sine. Dette har vi ikkje opplevd før, fortel Ingdal.

Dei har også sett fleire skjebnar som Hanadi si, altså nyfødde barn som har enda opp åleine på sjukehuset.

– Redd Barna saman med andre organisasjonar jobbar med å identifisere, lage lister og skrive folk inn. Men vi har ikkje sjanse å halde tritt, for det er så mange.

Palestinian boys transport water containers

Redd Barna slår alarm om det dei kallar eit prekært og akutt behov blant sakna og einslege barn på Gazastripa.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Ber Noreg om å ta imot palestinske barn

SOS Barnebyer melde i april at 68 barn og 11 tilsette ved deira barneby i Rafah hadde blitt evakuerte til Vestbreidda.

I dag jobbar dei ut frå to teltleirar i Khan Younis og Deir al-Balah på Gazastripa.

Som følge av evakueringa har dei berre kunna fokusere på barn som har mista foreldre i løpet av krigen.

Men det er stor forskjell tala på barn organisasjonane har klart å hjelpe, og barna som treng hjelp i Gaza, seier Ingdal i Redd Barna.

Smoke rises during an Israeli ground operation in Khan Younis, as seen from Rafah

Det har blitt oppretta ein teltleir i nærleiken av den sørlege byen Khan Younis i Gaza.

Foto: Bassam Masoud / Reuters

– Det er tusenvis av barn i Gaza som er skadde og treng medisinsk evakuering.

EU har tidlegare bede europeiske land om å ta imot alvorleg skadde palestinarar. Redd Barna ber Noreg ta noko av ansvaret.

– Det er ikkje nok kapasitet i nabolanda til å ta imot alle som treng medisinsk hjelp. Problemet er eigentleg på mottakssida.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at SOS Barnebyer pla drive ein barneheim i Gaza. Dette er feil, og har blitt endra. Organisasjonen dreiv ein barneby i Rafah, som no er evakuert.