Hopp til innhold

Iran kjenner seg svikta og aukar opprikingsgrada på uran

Iran seier at dei aukar opprikingsgrada på uran, slik at den er høgare enn grensa dei vart samde om i atomavtalen. Dei seier at målet er å presse fram nye forhandlingar for å redde avtala.

President Hassan Rouhani

Irans president Hassan Rouhani seier at verdsmaktene ikkje har halde det dei har forplikta seg til. Iran kjem derfor heller ikkje til lenger å halde seg til avgrensingane i atomavtala frå 2015.

Foto: Ho / AFP

NRK retter: I en tidligere versjon av denne saken ble sjefsforsker ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Halvor Kippe, feilsitert på at Iran - under de rette forutsetningene - kan klare å lage et atomvåpen på noen uker. Dette sitatet stemmer ikke, og er derfor tatt ut av saken.

Gjennom atomavtala frå 2015 har Iran forplikta seg til å ikkje lagre meir enn 300 kilo opprika uran. Tidlegare denne veka passerte Iran denne grensa, stadfesta Det internasjonale atomenergibyrået.

Iran hadde på førehand varsla at dei kom til bryte grensa i avtala. Det gjer dei etter at USA i fjor trekte seg frå avtala og innført harde sanksjonar mot landet som har råka økonomien deira hardt.

I avtala står det også at Iran ikkje skal rike opp uran til meir enn 3,67 prosent. Det er eit nivå som er eigna for sivile formål, men som er for lågt til å bruke i atomvåpen. No bryt iranarane også dette punktet i avtala.

Konsentrasjonen av den rette uranisotopen må opp frå det naturlege nivået på 0,7 til over 90 prosent, og det er dei første prosentane som er dei tyngste å rike opp.

Iran held fast på at atomprogrammet deira berre har fredelege formål, og at opprika uran vert brukt til å produsere kjernekraft.

Talsmann for Irans atomenergibyrå, Behrouz Kamalvand, har tidlegare sagt at Iran har behov for uran som er opprika opp til 20 prosent. Han understrekar at dette er langt frå prosenten som trengst for å lage atomvåpen.

Behrouz Kamalvandi, Ali Rabiei, Abbas Araghchi

Iran kunngjorde søndag at dei kjem til å auke opprikingsgrada på uran. Behrouz Kamalvand (t.v.) sa at dei innan få timar kom til å overstige grensa i atomavtala.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP

– EU har svikta

Etter at USA innførte nye sanksjonar mot Iran, har mange investorar trekt seg ut av landet, og Iran får ikkje eksportert olje og andre produkt til utlandet. Det har svekt inntektene til Iran, og råka økonomien og befolkninga hardt.

Den iranske regjeringa ville derfor ha hjelp frå dei europeiske landa som framleis er med i avtala, Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Iran har kravd at dei hjelper landet med å omgå sanksjonane, slik at Iran framleis får selt oljen sin.

Landa som underteikna avtala fekk frist til 7. juli med å kome opp med eit forslag som lettar sanksjonsbyrda, elles truga Iran med å rike opp uran til ei høgare grad. Når landet bryt endå eit punkt i avtala, er det ifølgje Iran fordi EU ikkje har klart å etterkome krava.

Vil ha nye samtaler

Samtidig som Iran bryt fleire punkt i avtala har president Hassan Rouhani uttrykt ønske om å ta opp att forhandlingane.

Laurdag snakka Rouhani med Frankrikes president Emmanuel Macron på telefon. Macron seier at han ønskjer at samtalane vert tatt opp att innan 15. juli.

Macron og Rouhani

President Hassan Rouhani og Frankrikes president Emmanuel Macron snakka om å ta opp att forhandlingane om atomavtala.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Kravet frå Iran for å sette seg til forhandlingsbordet er at USA må oppheve sanksjonane mot landet. USA har tidlegare avvist eit liknande krav.

Det internasjonale atomenergibyrået seier at dei følgjer med på det som skjer i Iran. Etter førespurnad frå USA har dei kalla inn til hastemøte på onsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt