Hopp til innhold

Irakiske soldatar drepne i USA-leia luftangrep

– Ein feil som involverte begge sider, sa forsvarsminister Ash Carter laurdag om gårsdagens luftangrep som drap ti irakiske soldatar i Fallujah.

IRAQ-CONFLICT-FUNERAL

SØRGER: Ein av dei irakiske soldatane som vart drepen fredag vert boren av sørgande i den heilage byen Najaf.

Foto: HAIDAR HAMDANI / Afp

Det var under eit besøk til det amerikanske krigsskipet USS Kearsarge i den persiske golfen laurdag at Ash Carter uttala seg om uhellet som skjedde fredag, etter ein telefonsamtale til Haider al-Abadi som han hadde møtt tidlegare denne veka i Baghdad.

– Han (Abadi) og eg beklagar begge denne hendinga og er einige om at det vil bli ei etterforsking, men dette er slike ting som kan skje når ein krigar side om side, sa Carter.

USA leiar ein koalisjon som bombar IS i både Irak og Syria, der den islamistiske gruppa kontrollerer store område, og har dei siste vekene trappa opp angrepa. Fredag gjekk dei til angrep mot Fallujah, i Anbar-regionen vest for Baghdad, der IS lenge har stått sterkt.

Fallujah

Carter vil ikkje gå nærare inn på detaljar om hendinga eller kor mange soldatar det var snakk om, men ifølge den irakiske forsvarsministeren Khaled al-Obeidi vart ni soldatar drepne.

Dei amerikanske flya skal ha vorte brukt som ein erstatning for irakiske helikopter som ikkje var flygedyktige grunna det dårlege vêret. Flya skulle følge med på framrykkinga til dei Irakiske soldatane

På spørsmål om han var uroa for at dette kan fyre opp under den allereie eksisterande misnøya med amerikanarane sitt nærvær i Irak, svara han;

– Eg håpar irakarane vil forstå at dette er ting som kan skje i kamp. Men det viser også kor tett vi jobbar med regjeringa i Irak.

Oberst Steve Warren som representerer den amerikanskleia koalisjonen i Baghdad seier at 200 IS-soldatar har vorte drepne i angrep den siste veka.

SISTE NYTT

Siste nytt