NRK Meny
Urix forklarer

Dette må stormaktene einast om

Verdsleiarane kappast nærast i kven som kan vise den hardaste tonen når dei snakkar om IS og kampen mot desse i Irak og Syria. Men korleis skal dei overvinne den radikale gruppa?

Obama, Putin, Hollande

KJEMPAR MOT IS:Alle har kome med sterke utspel mot IS etter terrorangrepet på fredag, men kva vil dei følge opp med?

Foto: AFP/AP/AFP

Etter at IS erklærte at dei står bak angrepa som drap minst 129 personar i Paris fredag kveld, var Frankrikes president François Hollande raskt ute med å erklære krig mot terroristorganisasjonen – trass i understrekingane om at dette ikkje er ein sivilisasjon, og dermed ikkje ein krig mellom sivilisasjonar. Og fleire verdsleiarar har følgt opp i like sterke ordelag, trass i at mange åtvarar mot at ein auka krigføring mot IS kan ende i ein spiral av hemn.

Samarbeid med Russland

Situasjonen bring no Frankrike nærare Russland, som nyleg også gjekk inn med luftangrep og støtte til Assads styrker i Syria. Frankrike bomba IS-mål i Syria med ti bombefly natt til søndag, i det kraftigaste angrepet sidan dei starta bombinga i september. Dei heldt fram med å bombe Raqqa, kjend som IS sin hovudstad i Syria, i natt.

Russland har også gjort det klart at dei vil trappe opp kampen om det skulle vise seg at det er IS som også står bak den russiske flystyrten i Sinai førre månad. Også på Syria-møtet i Wien i helga var det teikn til at USA no viser ei vennlegare innstilling ovanfor Russland, når det gjeld kampen mot IS.

TURKEY-G20-SUMMIT

KONFERERER: Putin og Obama med sine rådgivarar under helgas G20-toppmøte i Antalya.

Foto: POOL PHOTO / Afp

Assad si rolle

Korleis ein skal forhalde seg til Syrias president Bashar al-Assad har vore eit sentralt spørsmål lenge. Ein har gått frå å kjempe mot Assad og hans hær, på opposisjonen si side, til å også kjempe mot ein felles fiende; IS og andre radikale grupper. Trass i dette er det vanskeleg for vestlege land og deira allierte å samarbeide med ein mann som ifølge Syrian Observatory for Human Rights står bak drapet på meir enn ein kvart million av sine eigne innbyggarar.

Assad åpner for valg i Syria, ifølge en russisk parlamentariker

MOT SAMARBEID MED ASSAD: Syrias president, Bashar al-Assad, har lenge vore ein umogleg samarbeidspart for vestlege makter. Her er han i samtale med ein av sine støttespelarar, den russiske presidenten Vladimir Putin.

Foto: RIA NOVOSTI / Reuters/NTB Scanpix

Russland har som ein alliert av Assad heile tida stått fast på at han må vere ein del av løysinga, og vestlege land har no begynt å vurdere om han kan vere med i ei overgangsregjering. Under helgas Wien-møte opna USA for dette, og då den britiske statsministeren David Cameron måndag møtte den russiske presidenten, sa han ifølge The Guardian at usemja rundt Assad ikkje må vere «alteret Syria vert slakta på», og oppfordra til kompromiss.

Kven skal bidra

Sidan 2014 har ein USA-leia koalisjon beståande av mellom anna Frankrike, USA, Saudi-Arabia og fleire andre gulfland, og etter kvart Iran og Russland prøvd å slå ned på IS i Irak og Syria ved hjelp av luftangrep.

SYRIA-FRANCE-AIRSTRIKES-CONFLICT

LUFTANGREP: Franske Rafale-bombefly på basen i golfen, klar til å bombe IS-mål i Syria.

Foto: - / Afp

Canada trakk sine fly etter valet førre månad, der den nye liberale statsministeren Justin Trudeau annonserte at han ville endre utanrikspolitikken landet har ført dei siste åra. Samstundes vurderer Danmark å bidra, og måndag sa Per Christian Gundersen ved Forsvarets høgskole til Bergens Tidende at eit norsk bidrag også kan bli aktuelt.

Etter angrepet i Ankara i Tyrkia førre månad og no angrepet i Paris, som jo er angrep på Nato-land har fleire spurt seg om Nato burde kome på bana. Men IS er ingen stat, og fleire argumenterer med at Nato vil kunne forsterke kjensla av vesten mot «dei andre».

Gå inn på bakken?

Så langt har den internasjonale kampen i Syria vore frå lufta. Utan vidare resultat, seier dei som tek til orde for å gå inn med bakkestyrkar. Allereie søndag kveld, to dagar etter angrepet i Paris, gjennomførte Frankrike det største luftangrepet mot IS i Syria sidan dei starta å bombe landet i september.

SYRIA-CONFLICT

PÅ FEMTE ÅRET: Borgarkrigen i Syria har no vart i over fire år, og ser ikkje ut til å ende med det første. Her frå Douma, ein opprørar-kontrollert by aust for den syriske hovudstaden.

Foto: ABD DOUMANY / Afp

Spørsmålet er om ein skal gå inn med regulære bakkestyrkar, men få er villige til å gå til dette steget. Då snakkar ein heller om å gå inn med militære rådgivarar og spesialstyrkar som kan lære opp lokale styrker, men USA si erfaring med det så langt kan ikkje seiast å vere vellukka. Våpen kan også havne på avveie, og ende opp hos gruppene ein ønskar å bekjempe. Etter Irak og Afghanistan er USA og deira allierte lite lystne på nok ein kostbart og langvarig militær intervensjon.

Syrias framtidige regjering

I kampane i Syria ser vi eit lappeteppe av grupperingar, i tillegg til Assads styrker og IS er der andre islamistiske grupper, meir moderate grupper som Syrian Free Army, og kurdarar. Kurdarane er dei som best har lukkast med å slå tilbake mot IS, og har klart å ta tilbake kontrollen over nokre område, mellom anna Kobani, ein syrisk grenseby til Tyrkia, og Sinjar i Irak som dei vann tilbake sist veke.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA Kurdish female fighters from the YPG carry their weapons near the al-Hawl area where fighting between Islamic State fighters and fighters from Democratic Forces of Syria are taking place in south-eastern city of Hasaka, Syria

KJEMPAR MOT IS: Kvinnelege soldatar som kjempar i den kurdiske YPG-styrken i det søraustlege Syria.

Foto: RODI SAID / Reuters

I tillegg understrekar mange viktigheiten av ei brei regjering i Syria, der minoritetane blir inkludert.

Her har ein lært av feila ein gjorde i Irak, der ein etter krigen marginaliserte sunnimuslimane sentralt i landet og ikkje makta å inkludere kurdarane i Nord.

I helga vart ein einige om ei tidslinje for prosessen vidare, og målet er at det vil kunne haldast frie val i Syria våren 2017.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt