Hopp til innhold

Høgt politisk spel om finanskrisen

Både John McCain og Barack Obama kan vinne og tape veljarar i diskusjonen om korleis dei amerikanske økonomien skal reddast.

Diskusjon om amerikansk økonomi
Foto: JIM YOUNG / REUTERS

Drakampen om redningspakka for den amerikanske økonomien kjem midt i innspurten på valkampen.

Verre time for time

- Begge kandidatane er interessert i å skåre på dette. Dei har som overordna mål å vinne sympati hos veljarane sine, men det er McCain som speler det høgste spelet. Spørsmålet er om han har trumf i bakhand når det no dreg seg til mot slutten, seier utanriksredaktør i NRK, Bjørn Myklebust.

Les: Dramatisk ned nei i USA

Myklebust påpeikar at krisen blir verre og verre time for time, og viser til at ein av dei store bankane i USA har nyleg gått over ende.

Les: Vendte ryggen til krisepakken

- Det låg an til ei løysing i går ettermiddag, men politikk øydela mykje for prosessen. Det gjer at ein i dag må kaste seg over dette igjen, og så fort som mogleg prøve å finne ei ordning, seier han.

Debatten står i fare

I kveld skal presidentkandidatane etter planen møte kvarandre for første gang til debatt, men duellen står i fare.

Les: Uklart om McCain vil møte Obama

- McCain har sagt at han ikkje vil vere til stade dersom dei ikkje finn ei økonomisk løysing før debatten skal starte. Dette er eit stort spel frå hans side. Ein risikerer å få ein valduell der berre Obama er til stade, og det blir ein veldig underleg debatt, seier Myklebust.

SISTE NYTT

Siste nytt