– Det blir ein slags «roadmovie» der vi følgjer Frank i USA før valet. Han skal gå på pub, fylle bensin og reise rundt for å snakke med folk om deira tankar før valdagen, fortel Steinar Birkeland.
Søndag reiste nemleg Aarebrot saman med NRK-journalistane Steinar Birkeland, Thomas Hellum og Jon Ståle Carlsen til USA for å følgje innspurten i den amerikanske valkampen.
Saman skal dei køyre frå Chicago til New York og rapportere heim til oss i form av innslag til NRK TV og Urix.
På sjølve valdagen 8. november dukkar Aarebrot opp direkte frå New York i ein debatt Urix skal ha i samanheng med valdagen.
Skal treffe folk i ulike miljø
Fredag forelas den populære professoren 227 minutt om 227 år med amerikanske presidentar.
Det var så populært at emneknaggen #nrkfrank var ein av dei mest brukte på Twitter den dagen.
Sjå reprise av 227 år på 227 minutt her:
#NRKFRANK: Frank Aarebrot går gjennom 227 år med valkamphistorikk i USA.
Birkeland fortel at Aarebrot gler seg stort til å reise vidare og følgje valkampen frå USA.
– Då vi kom på idéen blei han så ivrig at kaffien skvulpa over. Han er lidenskapeleg opptatt av dette, og han er god på å kome inn i ulike miljø, seier Birkeland.
Sjølv er han litt spent på om dei kjem fram til New York i tide.
– Eg har aldri køyrt bil i USA før, men eg skal prøve å vere ein god sjåfør for Frank. Han skal guide og lese kart. Men fordi han er så engasjert, må nokon andre ta ansvar for at vi kjem gjennom løypa.
- Les også:
- Sjå også:
Her er reiseruta
Aarebrot og gjengen har delt turen frå Chicago til USA opp i seks etappar:
1. Chicago–Stavanger, Illinois.
2. Stavanger–Ann Arbor, nær Detroit.
3. Ann Arbor–Marion, Ohio.
4. Marion, Ohio–Jonestown, Penn.
5. Jonestown–Gettysburg, Penn.
6. Gettysburg–New York.
Aarebrot i USA følgjer du på NRK TV og i Urix.