Hopp til innhold

Hjelpeskip lossa 200 tonn mat i Gaza: – Ein drope i havet

Naudhjelpa som blei frakta sjøvegen til Gaza frå Kypros, er ferdig lossa og klar til å bli delt ut. Men Unicef er «ekstremt uroa».

Lekter med mat til Gaza

SJØVEGEN: Her legg lekteren med mat til ved den enkle hamna i Gaza.

Foto: AP

Transporten er organisert av spanske Proactiva Open Arms og World Central Kitchen (WCK).

Skipet «Open Arms» la ut frå Kypros tysdag. Skipet slepte på ein lekter med 200 tonn mjøl, ris, tunfisk, linser og annan mat.

Laurdag uttalte WCK at teamet deira i Gaza hadde fullført lossinga av den første maritime hjelpesendinga til området.

– Det er ein drope i havet, men det er viktig å seie at all hjelp som når fram og som kan hjelpe har noko å seie, seier Kristin Oudmayer til Helgemorgen.

Ho er direktør for barns rettar i Unicef.

– Ein skal ikkje underspele kva 200 tonn mat bidrar med, det har også noko å seie kva denne hjelpa består av. Unicef er spesielt opptatt av ernæringssituasjonen til barn og kvinner.

Ifølge programsjef i Raude Kors, Håkon Jacob Røthing, er 200 tonn nok til å mette 10 prosent av Gazastripa i ein dag, dersom dette berre hadde vore mat.

Kristin Oudmayer, UNICEF

Kristin Oudmayer er direktør for barns rettar i Unicef.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Ekstremt uroa

Tal frå Unicef frå viser at 1 av 3 barn i Nord-Gaza er alvorleg underernærte. Ifølge Oudmayer er dette ei dobling sidan januar.

– Vi ser at denne utviklinga spreier seg fleire stader. Vi er ekstremt uroa, seier ho.

Mangelen på mat har også ført til plyndring av nødhjelpskolonnar, ifølge FN-organet FNs matvareprogram.

Israel har innført streng blokade av Gaza både på land og sjø og krev å få inspisere alt som blir frakta inn.

Provisorisk havn i Gaza

Dette er den provisoriske hamna som er blitt laga for å få naudhjelp i land.

Foto: Reuters

Førebur ny skipslast

Hjelpeskipet er det første som tar i bruk den nyoppretta maritime nødhjelpskorridoren frå Kypros.

Den provisoriske brygga der nødhjelpa blir tatt i land, har blitt oppført dei siste dagane.

WCK opplyser at dei allereie førebur ei ny skipslast med nødhjelp frå Kypros til Gaza, der innbyggarane ifølge FN blir trua av hungersnød.

Oudmayer påpeikar at det ein treng i Gaza nå er ei humanitær våpenkvile.

– Nå får denne sjøtilgangen mykje merksemd. Ein må ikkje gløyme at det er viktig å presse på for å få opna fleire grenseovergangar for å få lastebilar med nødhjelp inn i Gaza. Det er den mest effektive metoden å få mykje mat inn i Gaza på.

skip og flåte

Flåten blei lasta med naudhjelp i Kypros førre helg.

Foto: Yiannis Kourtoglou / Reuters

Nødhjelpshamn om to månader

I tillegg til sjøtilgangen som nå er oppretta, jobbar amerikanarane også med å opprette ei nødhjelpshamn.

– Det er som eit gedigent Lego-sett, forklarer seksjonsleiar ved Krigsskolen, Sigbjørn Halsne.

Eit amerikansk skip er på veg mot Middelhavet med det første utstyret til å bygge ei slik hamn ved Gazastripa.

Forsvarsdepartementet i USA har opplyst at tusen soldatar kan bli sett inn i arbeidet med å etablere den mellombelse nødhjelpshamna, men arbeidet kan ta opptil to månader.

– Dette er eit amerikansk konsept som USA bruker for å få inn logistikk til militære einingar der det ikkje er naturlege hamner. Det er ein eigen brigade i den amerikanske hæren som har spesialisert seg på dette, seier Halsne.

– Dette har dei gjort fleire gonger under krigen mot Irak i 1991 og 2003. Også under fleire katastrofar som i Haiti og Honduras har dette blitt brukt, seier han.

Les også Pale­stinske styre­smakter: Fleire drepne då dei venta på naud­hjelp

Palestinians inspect the site of an Israeli strike on an aid warehouse, in Al-Nuseirat refugee camp

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.