Ein palestinsk mann vandrar i eit hav av søppel i den vesle byen Zawaida midt på Gazastripa. Når han får auge på fotografane frå FN, stansar han opp.
– Viss vi ikkje blir sjuke, døyr vi av bombene, roper han frustrert.
– Og viss vi ikkje døyr av bombene, døyr vi av havet.
For også i havet er det no søppel og kloakk, fortel palestinarar på Gazastripa. Før pleidde dei å vaske seg der. Det er ikkje lenger forsvarleg, meiner dei.
Ein annan mann viser fram alle bitta han har fått av insekta som svermar rundt han.






Stanken frå søppelet trenger seg gjennom dei provisoriske telta i området. I mangel på fungerande avfallsanlegg, blir søppel samla inn og dumpa på opne område rundt om på Gazastripa.
Og på grunn av den høge temperaturen spreier bakteriane seg raskare enn før.
Skabb og lus
Det er i tillegg avgrensa tilgang til reint drikkevatn, sanitetsanlegg og moglegheit til å vaske seg.
Derfor brer hudsjukdommar om seg på Gazastripa. Skabb, lus, utslett, brennkoppar og gulsott i auga er noko av det hjelpeorganisasjonar rapporterer om.
– Skabb og lus er det særleg mykje av, og det er nesten umogleg å behandle. Folk bur tett i tett i telt. Til slutt får alle det, seier anestesisjukepleiar i Legar utan grensar Renald Menard til NRK.
Ei lita jente på Kamal Adwan-sjukehuset nord i Gaza har fått utslett på kroppen som følge av underernæring.
Foto: Omar Al-Qattaa / AFPSærleg dei minste barna er utsette. I mangel på vatn og næring har dei ikkje fått utvikla eit godt immunforsvar. Dei blir derfor raskare smitta av sjukdommar, og toler dei dårlegare.
– For dei små er skabb og lus eit mareritt. Det klør konstant. Det påverkar både søvnen og den mentale helsa, seier Menard.
Vasstilgangen er kritisk låg
Behandlinga er i utgangspunktet enkel. Ein må vaske alle kleda sine og bruke ein krem. Men utan tilgang på reint vatn, er oppgåva umogleg.
Ifølge tal frå FN er om lag 67 prosent av vass- og sanitetsanlegga på Gazastripa øydelagde i «konfliktrelaterte aktivitetar». Anlegga som framleis eksisterer, er anten ute av drift eller opererer på eit avgrensa nivå i mangel på drivstoff og anna utstyr.
Israel, samen med Egypt, kontrollerer grenseovergangane inn til Gazastripa, og dermed alt som kjem inn og ut av området.
Hjelpeorganisasjonar kritiserer stadig Israel for å ikkje sleppe inn nok naudhjelp til palestinarane på Gazastripa.
Israel hevdar derimot at dei har tilrettelagt for å la tilstrekkeleg med naudhjelp passere grensa, og skuldar heller på at det er hjelpeorganisasjonane som ikkje har organisert seg godt nok.
– Då eg var i Gaza, hadde vi berre tilgang til sterilt saltvatn. Men det er ikkje nok med saltvatn dersom ein skal reinse huda ordentleg, seier Menard.
Kvinner ramma på andre måtar
Menard fortel at situasjonen rammar kvinner på ein annan måte enn menn.
– Dette er eit muslimsk land. Kvinner kan ikkje gå på do framfor andre. Og når 3000 menneske skal dele på to toalett, seier det seg sjølv at kvinnene ikkje får gå på do når dei treng det.
Derfor får mange urinvegsinfeksjonar og sopp i underlivet – i tillegg til hudsjukdommar og vassborne sjukdommar.