Hopp til innhold

Pale­stinske styre­smakter: Fleire drepne då dei venta på naud­hjelp

Lokale styresmakter melder om to israelske angrep mot folk som venta på naudhjelp torsdag kveld. Israel avviser påstandane.

Palestinians inspect the site of an Israeli strike on an aid warehouse, in Al-Nuseirat refugee camp

Ein mann held fram tørka pasta i al-Nuseirat-leiren torsdag. Det var her det israelske åtaket skal ha skjedd.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters

Minst 29 menneske blei drepne då dei venta på naudhjelp i Gaza torsdag, ifølgje styresmaktene i Gaza.

Den første hendinga skal ha skjedd i al-Nuseirat-leiren på midten av Gazastripa. To israelske luftangrep trefte eit senter med forsyningar og naudhjelp.

Seinare torsdag kveld blei 21 personar drepne og meir enn 150 skada då israelske militæret opna eld mot ei kø av menneske som venta på lastebilforsyningar med naudhjelp. Det skal ha skjedd heilt nord på Gazastripa, skriv Reuters.

Palestinians inspect the site of an Israeli strike on an aid warehouse, in Al-Nuseirat refugee camp

Palestinarar inspiserer ruinane på det som skal vere ein naudhjelpssentral i al-Nuseirat-leiren.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters

Avviser hendingane

IDF, det israelske militære avviser å ha skote med folkemengda og seier det er «falske nyheiter».

– Medan IDF ser nærare på hendinga, oppfordrar vi media å gjere det same, og berre stole på truverdig informasjon.

Den fem månadar lange krigen har ført til at store delar av befolkninga på Gazastripa er på flukt. 2,3 millionar menneske er fordrive.

Palestinians fleeing north Gaza due to Israel’s military offensive move southward, at the central Gaza Strip

Palestinarar flyktar nordover igjen, etter at den israelske offensiven tek seg opp i sør.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters

Det er også stor mangel på mat og drikke. Ifølgje FN er det fleire born som dør av svolt.

Tidlegare i februar blei over 100 personar drepne då dei venta på forsyningar.

Verdas matvareprogram har stansa leveringane til Nord-Gaza, då bakkekampane gjer det for vanskeleg. FN meiner ansvaret for å sikre trygg ferdsel er Israel sitt.

Det er mange lastebilar med naudhjelp som ventar på å sleppe inn i Gazastripa.

Fleire land har difor byrja med flydropp av naudhjelp.

Det første skipet er også på veg mot Gazastripa. Dette er ein test for å sjå om det er mogleg å opprette ein sjøkorridor.

Les også Over 100 blei drepne i matkø

OPSHOT - Palestinians receive medical care at Kamal Edwan Hospital in Beit Lahia, in the northern Gaza Strip, on February 29, 2024, after Israeli soldiers allegedly opened fire at Gaza residents who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid amid ongoing battles between Israel and the militant Hamas group. A Gaza emergency doctor said on February 29 that Israeli forces shot dead at least 50 people who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid for Gaza City residents. The Israeli army said it was "checking" the reports on the incident, while the United Nations' humanitarian office OCHA said it was "familiar with the reports". (Photo by AFP)

SISTE NYTT

Siste nytt